Runddans

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Reinlendar-dans på Norsk Folkemuseum i 1958.
«Folkedans» fotografert av Jac Brun.

Runddans eller gamaldans er samlande nemningar på ei særskild grein av folkemusikken og folkedansen i Noreg. Runddansane skil seg frå det gamle bygdespelet ved klårare oppdeling i attkjennelege vek, mindre former, og på dansesida meir samdans. Ulike runddanstypar er vals, reinlendar, polka, masurka, hoppvals og galopp. Dei vart for det meste vanlege på 1800-talet.

Nemninga «gamaldans» skriv seg frå det at desse danseslaga vart utdaterte i møte med ei ny bølgje dansar som kom til etter 1920, slike som foxtrot, quickstep og swing. I røynda er dette omgrepet noko misvisande, sidan bygdedansane gangar og springar er endå eldre. Til vanleg er nemninga runddans difor nytta som faguttrykk.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Danseslekta runddansar vaks fram sør i det tyske språkområdet sist på 1700-talet, med vals som den første viktige dansen. Slekta fekk etterkvart fleire dansar utover på 1800-talet, inspirert frå mellom anna Bøhmen og Polen. Slekta spreidde seg over det meste av Europa og til Amerika og Australia. Til Noreg kom ulike runddansar like frå sist på 1700-talet og opp mot 1900.[1]

Dei fleste runddansane skriv seg frå motebølgjer ute i Europa tidleg på 1800-talet, og vart først vanleg i den urbane overklassa. Dansane vart så tekne opp av farande spelemenn, og tradisjonen slo rot på bygdene opp gjennom hundreåret. Taterfolket var tidleg ute med denne tradisjonsomplantinga, og spelemenn av taterslekt førte dansane frå bygd til bygd, mellom desse Karl Fant, som kom frå Røros, og vandra med spelet sitt så langt som til Valdres. Denne typen dansar var vanlege her etter 1850.

Den tidlege valsen vart dansa til både tredelt og todelt musikk, men dansen til todelt hadde gjerne tilleggsnamn, til dømes hoppvals, skotsk vals og hamburgervals. På 1840-talet vart ein variant av valsen i todelt takt lansert som motedans frå Tsjekkia under namnet polka. Etter inspirasjon frå ein stor polsk formasjonsdans, masur, kom så den vesle pardansen polkamasurka. Den kom til Noreg etter 1850, og seinare kom reinlendar, wienerkryss og pariserpolka, og variantar av svensk hambo under namn som springpolka.[1]

Runddansane har mykje til felles i Norden, og dei kom hit delvis med danselærarane og delvis med folkeleg motestraumar. Danselærarane held seg unna variantar med snøgge snuingar, slik som hambo, reinlendar og pariserpolka. I Sverige tok dei til å kalla runddansane for gammaldans på 1920-talet, og denne termen erstatta også ordet runddans ein periode i Noreg.[1]

Rundansane er pardansar og para flytter seg etter kvarandre rundt i rommet mot sola. Samtidig er det eit viktig element i dei fleste av desse dansane at paret snur rundt sin felles akse. Desse to måtane å dansa rundt på, gav truleg namnet runddans, som var brukt på tysk frå først på 1800-talet.[1]

Runddansane skil seg frå bygdedansane med større vekt på samdanstak, slik at para held rundt kvarandre og sviv kring same akse. Dette tydde større nærkontakt i dansen, og dette vart tidvis rekna som usømeleg. Snuinga gjekk og noko snøggare enn dei tradisjonelle springarsnuene.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Bakka, Egil (19. august 2020). «runddans». Store norske leksikon.  Fri artikkel.