Rundemellen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rundemellen
fjell
Rundemellen til høgre, med Skarvemellen til venstre
Land  Noreg
Område Øystre Slidre (Innlandet)
Fjellområde Langsua
Høgd 1 345 moh.
Primærfaktor 460 m
Kart
Rundemellen
61°06′25″N 9°15′01″E / 61.106886°N 9.250181°E / 61.106886; 9.250181

Rundemellen (1345 moh.) er eit fjell i Øystre Slidre kommune i Innlandet.

Rundemellen er ein del av dei såkalla Mellene, som i tillegg består av Rabalsmellen (1111 moh.), Skarvemellen (1267 moh.) og Kalvemellen (1136 moh.)

Rundemellen har ein av dei beste utsyna i Valdres. På godversdagar kan du sjå heilt til Gaustatoppen i Telemark. Vidare ser ein godt over i Hallingdal med Hemsedalsfjella, Filefjell, Bygdin med Bitihorn, fjellrekka i Jotunheimen med mellom anna Besshøe og Glittertind. Nærare kan ein sjå Skaget og i aust Synnfjell med Spåtind. I sør ser ein Leirin flyplass.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Innlandet å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.