Rune Bjerke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rune Bjerke
none  Rune Bjerke i 2009Foto: Kjetil Ree
Rune Bjerke i 2009
Foto: Kjetil Ree
Fødd 17. juni 1960

Oslo

Parti Arbeidarpartiet
Wikimedia Commons: Rune Bjerke

Rune Bjerke (fødd 17. juni 1960) er ein norsk næringslivsleiar og tidlegare arbeidarpartipolitikar.

Bjerke har eksamen i samfunnsøkonomi ved Universitetet i Oslo og ein mastergrad i Public Administration (MPA) frå Harvard University. Han har tidlegare vore finansbyråd i Oslo kommune, rådgjevar i Olje- og energidepartementet, direktør i Scancem og konsernsjef i Hafslund ASA.[1] Han tiltredde som konsernsjef i DnB NOR i 2007.[2]

Han er son av LO-økonom Juul Bjerke og bror til tidlegare miljøvernminister Siri Bjerke. Bjerke er gift med Libe Solberg Rieber-Mohn.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Rune Bjerke. Store norske leksikon. Vitja 2017-07-08.
  2. Konsernledelsen i DNB. DNB. Vitja 2017-07-08.
Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.