Rune Blix Hagen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Rune Blix Hagen
Fødd3. november 1951
NasjonalitetNoreg
Yrkehistorikar

Rune Blix Hagen (fødd 3. november 1951 i Bodø) er ein norsk historikar. Han er spesialist på hekse- og trolldomsprosessane i tidleg nytid.

Hagen var leiar av Arkivet til arbeidarrørsla for Nord-Noreg frå 1979 til 1987. Han tok hovedfag på ein historiografisk oppgåve om fransk mentalitetshistorie i 1987.[1] Deretter var han arkivar ved Statsarkivet i Tromsø fram til 1994, så jobba han som fagreferent for historie og arkeologi ved Universitetsbiblioteket i Tromsø frå 1995 til 2006. Sidan 2006 har han vore førsteamanuensis ved Institutt for historie og religionsvitskap ved Universitetet i Tromsø.[2] Hagen har vore svært aktiv med å driva forskningsformidling om trolldomsprosessane frå 1590 til 1695 i Nord-Noreg og har bidrege med ei stor mengd populærhistoriske bøker, foredrag og artiklar om dette emnet. Han har òg arbeidd med utgjeving av historiske arkivkjelder, blant anna første trykte utgåve av 1600-talhandskriftet Trolldom og ugudelighet i 1600-talet sitt Finnmark av Hans H. Lilienskiold. Han har òg forska på korleis teologisk inspirerert lære om trolldom (demonologi) spreidde seg i dei kristne landa i århundra rundt reformasjonen. Han har særleg løfta fram tydinga av den franske juristen og demonologen Jean Bodin.

Hagen har vore styremedlem i Norsk faglitterær forfattar- og omsetjarsamskipnad (NFF) sidan 2006.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Hekser: fra forfølgelse til fortryllelse Humanist forlag 1. utg 2003, 2. utgave 2010 ISBN 978-82-92622-63-6 
  • Dei europeiske trolldomsprosessane (Historiografisk orientert innføringsbok i trolldomsprosessane) Samlaget 2007 ISBN 9788252170160 
  • Rune Blix Hagen, Per Einar Sparboe, Helge Salvesen, Jonas Carisius, Sivert Grubbe Kongens reise til det ytterste nord. Dagbøker fra Christian IVs tokt til Finnmark og Kola i 1599 Ravnetrykk 2004 
  • Hans H. Lilienskiold Trolldom og ugudelighet i 1600-tallets Finnmark redigert og bearbeidet av Rune Hagen og Per Einar Sparboe etter håndskrift fra 1600-tallet av Lilienskiold ISBN 82-91378-19-3 

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Rune Hagen
  2. uit.no

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]