Rune Gjeldnes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rune Gjeldnes
Statsborgarskap Noreg
Fødd 20. mai 1971 (52 år)
Surnadal kommune
Yrke oppdagar

Rune Gjeldnes (fødd 20. mai 1971 i Surnadal) er ein norsk marinejeger og polfarar.

Gjeldnes er utdanna marinejeger ved Marinejegerkommandoen i Ramsund. Saman med Torry Larsen, ein kollega i MJK, , kryssa han Grønland på tvers — frå vest til aust — i 1994. Det var overraskande lett, meinte Gjeldnes, og rekna ekspedisjonen som ein treningstur. Å kryssa Grønland på langs vart difor eit nytt mål.

Då Gjeldnes og Larsen kryssa Grønland på langs ville dei at det skulle vera så likt ein marinejegaroperasjon som råd; både bruk av luft, hav og land. Utruleg nok fekk dei lov til å verta transportert med eit av MJK sine spesialbygde Herculesfly. Etter klargjering med Grønland, hoppa Gjeldnes og Larsen ut med fallskjerm i 1996. I den augneblinken gjekk operasjonen frå å vera ein militær operasjon over til ein sivil ekspedisjon. Dei nådde havet i sør, etter å ha gått eit par timar, og padla med kajakk til det sørlegaste punket, Kapp Farvel. Herifrå starta dei å gå på ski nordover, med tung sekk og pulk. Mat og energibruk var viktig på turen; Gjeldnes og Larsen sendte inn prøvane sine til Forsvaret for vidare forsking. Gjeldnes forbrann om lag 9000 kcal dagleg, medan Larsen brukte 12000 kcal. Dei klarte derimot ikkje å få i seg meir enn 6000 kcal kvar dag; og Gjeldnes gjekk ned 2 kilo under ekspedisjonen.

I 2000 kryssa han i 2000 polhavet frå Severnaja Zemlja i Russland via Nordpolen fram til Cape Discovery i Canada saman med Torry Larsen.

Han vart den fyrste som har kryssa båe polane utan assistanse, og står òg registrert med den lengste skituren i verda på 4804 km etter at han kryssa Antarktis åleine i 2005/2006.

Ekspedisjonar[endre | endre wikiteksten]

År Namn Mål Varigheit Følgje Utmerking
1996 Grønland på langs Kryssa Grønland frå nord til sør (2928 km) 86 døger Torry Larsen Fyrste vellukka kryssing
1998 Mt. Aconcagua Til topps på Aconcagua-fjellet (6962 moh.) 11 døger Ricky Hunt
1998 Merevari ekspedisjonen Padla ned Merevari-elva (650 km) 33 døger Torry Larsen Fyrste vellukka ekspedisjon
2000 Arctic Ocean Kryssa polhavet frå Russland til Canada 109 døger Torry Larsen Fyrste ekspedisjon utan assistanse
2001 The Devils Cave Ta seg fram til Djevelgrotta i Amazonas 35 døger Torry Larsen, Bjørn Loe og Andreas Hauer Fyrste vellukka ekspedisjon
2005/2006 Lengste skituren i verda Kryssa Antarktis på ski (4804 km) 93 døger Åleine Lengste skiekspedisjon utan assistanse
Madagascar Padla ned Mangoky-elva (680 km) 42 døger Hilde Aass Fyrste vellukka ekspedisjon

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]