Rune Jarstein

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Rune Jarstein
2019-03-30 Fußball, Männer, 1. Bundesliga, RB Leipzig - Hertha BSC StP 3734 LR10 by Stepro (cropped).jpg
Personleg informasjon
Kallenamn Laban[1]
Fødd 29. september 1984
Fødestad Porsgrunn
Høgd 190 cm
Posisjon Målvakt
Klubbinformasjon
Noverande lag
Hertha
Nummer 22
Ungdomsklubbar
  Herkules
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2002–2007 Odd 71 (0)
2007–2010 Rosenborg 47 (0)
2010–2013 Viking 116 (0)
Landslag
2000 Noreg U16 4 (0)
2001 Noreg U17 5 (0)
2002 Noreg U18 8 (0)
2002–2003 Noreg U19 6 (0)
2005–2006 Noreg U21 13 (0)
2007– Noreg 65 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 6. juni 2020
‡ Landslagsmål oppdatert 15. november 2019 [2]

Rune Almenning Jarstein (fødd 29. september 1984) er ein norsk fotballspelar som har spela på det norske herrelandslaget i fotball sidan 2007. Sidan 2010 er han målvakt for tyske Hertha Berlin. I perioden 2007 til juni 2020 har han spela 65 landskampar for Noreg.

Han vann Gullballen (Kniksenprisen) i 2018.[3] Dette åre blei han også rangert som den beste keeperen i tysk Bundesliga.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Jarstein debuterte for Skiens-klubben Herkules Idrettsforening på nivå fire i norsk fotball. Han gjekk over til naboklubben Odd i 2002, der han i løpet av 2005-sesongen etter kvart vart fyrsteval på målvaktsplassen. Dei tre sesongane 2007-09 stod han i mål for toppklubben Rosenborg BK. Etter ujamne prestasjonar vart han overført til Viking, der han har spela sidan 2010.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Jarstein fekk sin debut for det norske landslaget den 22. august 2007, då han spela dei siste 45 minuttane av privatlandskampen på Ullevaal mot Argentina. Noreg vann kampen 2-1. I dei påfylgjande sesongane var han jamnt aktuell for målvaktsjobben for Noreg, og fekk inn i mellom spele ein heil del kampar. Pr 1. oktober 2012 har han vakta det norske målet 30 gongar.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Seriemeister med Rosenborg 2009

Kjelder[endre | endre wikiteksten]