Rune Kjølstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rune Kjølstad

Rune Kjølstad
Foto: Det kriminalitetsforebyggende råd
Fødd17. desember 1962 (61 år)
Røyken
Statsborgar avNoreg
PartiFramstegspartiet, Høgre
Yrkepolitikar, forretningsdrivande
Alle verv
  • ordførar i Røyken (1999–2015) Sjå dette på Wikidata

Rune Kjølstad (fødd 1962) var ordførar i Røyken kommune frå 1999 til 2015. Siden 2015 har han vore medlem av Buskerud Fylkesting. Han representerer Høgre.

Rune Kjølstad var først medlem i Framstegspartiet. Ved kommunevalet i 1979 vart Frp for første gongen representert i kommunestyret i Røyken. Rune Kjølstad vart då vald som varamedlem til kommunestyret. Kommunelova før 1991 sa at kommunestyret som vart vald ved kommunevalet i september, først skulle tre saman i januar året etter. Dette gjorde at Rune Kjølstad var valbar, for sjølv om han var 17 år valåret ville han fylle 18 år innan første funksjonsår til kommunestyret. Han vart vald som fast kommunestyrepresentant frå 1983. Frå 1987 til 1995 sat han òg i fylkestinget.

I 1987 vart Steinar Maribo den første varaordføraren for Framstegspartiet i Røyken. Maribo vart vald inn på Stortinget i 1989 og frå november 1989 overtok Rune Kjølstad stillinga som varaordførar i ein alder av 27 år. Kjølstad var òg fungerande ordførar tidvis frå 1989 til 1991 på grunn av at han vikarierte i Målfrid Borge (H) sitt fråvære. Rune Kjølstad var på den tida den yngste fungerande ordføraren i landet. Til samanlikning var Jan Petersen 29 år då han vart vald til ordførar i Oppegård i 1979. Kjølstads popularitet er kanskje ein av mange forklaringar på kvifor Frp gjekk lite tilbake ved kommunevalet i Røyken i 1991 som elles var eit «katastrofeval» for Frp på landsbasis. I Røyken gjekk Frp tilbake frå 6 til 5 mandat.

Etter landsmøtet på Bolkesjø i 1994 melde Rune Kjølstad seg ut av Frp. Steinar Maribo danna bygdelista i Røyken. Rune Kjølstad stilte ikkje til val i 1995. I 1999 vart Kjølstad spurt om å vere Høgres ordførarkandidat. Dei borgarlege partia fekk fleirtal, og Kjølstad vart ordførar. Ved dei tre neste vala (2003, 2007 og 2011) gjekk Høgre kraftig fram, mykje på grunn av Kjølstads popularitet blant Røykens folkesetnad. Kjølstad vart altså gjenvalt som ordførar både i 2003, 2007 og 2011. Gjenvalet i 2011 gav han den fjerde perioden som ordførar.

Før valet i 2015 vart Kjølstad spurt om å stille som fylkesordførarkandidat for Buskerud Høgre. Han tok dermed ikkje gjenval som ordførar av Røyken.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]