Rune Tangen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rune Tangen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 16. desember 1964 (59 år)
Moss kommune
Yrke fotballspelar
Høgd 187 centimeter

Rune Tangen (fødd 16. desember 1964) er ein norsk tidlegare fotballspelar som vart noregsmeister 1983 og seriemeister 1987 med Moss Fotballklubb, samt noregsmeister og to gongar seriemeister med Rosenborg Ballklubb i åra 1992 og 1993.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Tangen spelte i unge år på Rapid i Moss, før han melde seg til teneste i storebror Moss FK. Han kom ikkje på bana då Moss vann finalen i fotball-NM 1983 med 2-0 over Vålerenga IFUllevaal stadion. Derimot var han ein sentral figur i midtforsvaret då Moss slo Molde FK i «seriefinalen» på Molde stadion hausten 1987, og vann sin einaste seriemeistertittel.

Framom 1991-sesongen vart Tangen overført til Rosenborg og spelte dei neste tre sesongane i Trondheims-klubben, eit lag han vart seriemeister med i 1992 og 1993 og cupmeister i 1992. Sesongane 1994-96 var han atter Mosse-spelar.

Hausten 1996 reiste Tangen til Austerrike og spelte nokre år på FC Tirol og deretter LASK Linz. Sommaren 1999 vende han tilbake til Moss og norsk fotball på nivå to. Då Moss rykka ned i 2002, var han eit års tid spelande trenar. Han la opp i 2004.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Tangen spelte tre landskampar i tida 1988-90. I sin andre landskamp, 4. februar 1990 i Attard på Malta, skåra han den tredje og avgjerande målet då Noreg vann med 3-2 over Sør-Korea.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Seriemeister 1987: Moss FK
  • Seriemeister 1992 og 1993: Rosenborg BK
  • Noregsmeister 1992: Rosenborg BK

Kjelder[endre | endre wikiteksten]