Rune Walle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rune Walle
Fødd2. november 1951 (71 år)
OpphavNoreg
Verka sommusikar, gitarist

Rune Eugen Walle (fødd 2. november 1951) er ein norsk musikar kjent som medlem i ei rekkje band; blant anna countryrockbanda Flying Norwegians, Hole In the Wall og det amerikanske bandet The Ozark Mountain Daredevils.[1]

Tidleg liv[endre | endre wikiteksten]

Det musikalske livet til Walle byrja då han fekk ein gitar som niåring. Han lærte seg «Oppi fjellveien» og vitja NRK-kontoret i Bergen i voner om å få sleppa til, og det fekk han. Walle oppdaga etterkvart Bob Dylan, han laga munnspelstativ i kjellaren og vart kalla Bergens unge Dylan av Bergens Arbeiderblad. Han var medlem av ei rekkje lokale rockeband før han mot slutten av 60-talet byrja på Manger Folkehøgskule, der han traff Nina Johansen.

Oriental Sunshine[endre | endre wikiteksten]

Rune og Nina byrja å spela saman, og valde eit tidsriktig uttrykk med akustisk gitar, sitar og tostemt song. Ein av songane dei øvde inn var ein ballade med tittelen «Mother Nature», skriven av Hans-Jørgen Høines. Det var med denne songen duoen - som kalla seg Oriental Sunshine - vann «Talent 69» i NRK med. Saman med ein tredje medlem, indiske Satnam Singh som dei hadde møtt på kunst- og handverksskulen, laga dei plata Dedicated to the Bird We Love og to singlar som alle kom ut i 1969. Trioen vart lagd merke til òg utanfor Noreg, blant anna vart dei omtalt i det amerikanske bransjebladet Billboard. Men så vart Satnam utvist frå landet og Nina flytta tilbake til heimbyen Skien. Albumet deira vart gjeve ut på ny på CD og LP av Pan Records i 1991, og i England vart det utgjeve av Sunbeam i 2006.

Hole In the Wall og Saft[endre | endre wikiteksten]

Neste prosjekt for Rune var countryrockbandet Hole In the Wall – som han starta saman med Trygve Thue og Erik Moll (på den tida heitte han Møll). Dei budde saman i kollektiv på Bønes, og laga eit banebrytende album utgjeve i 1972, før medlemmane gjekk kvart til sitt. Etter dette følgde Walle med Thue inn i ein ny versjon av Saft. Saman med felespelaren Sigbjørn Bernhoft Osa spelte dei på Ragnarock, og nokre av låtane frå samarbeidet vart med på det som skulle verta det siste studioalbumet til Saft, Stev, Sull, Rock og Rull. For plata fekk bandet ein Spellmannpris.

Flygande nordmenn[endre | endre wikiteksten]

Ved årsskiftet 1973–1974 var Walle, saman med blant anna Cato Sanden, med i eit nytt band. Kvintetten drog til Danmark og busette seg i eit anneks i eit gammalt slott. Der heldt gutane på med lange pokerkveldar og mykje øving, pengar tenkte dei ikkje på, og til tider hadde dei ingen mat. I 1974 kom debutalbumet deira; New Day. Det andre albumet deira Wounded Bird vert set på som ein milepåle i norsk rock. Det amerikanske plateselskapet A&M Records vurderte å gje plata ut i USA, men det kom aldri lenger enn prøvepressinga. Men Walle gav seinare ut plater på selskapet, som gitarist i det amerikanske countryrockbandet The Ozark Mountain Daredevils. Han vart oppdaga av bandet under eit besøk i Bergen, våren 1976. Rune vart plutseleg omtalt i avisene og vekeblada i landet, for det var sensasjon at eit amerikansk band ville ha ein norsk gitarist i besetninga. Rune vart difor med dei til USA, sjølv om han ikkje visste kva han gjekk til. Rune hadde ingen garanti for at dette kom til å fungera, men oppdaga fort at bandet bestod av fine folk. Den første spelejobben saman med Ozark var på ein klubb i Oklahoma, medan den andre var på eit fotballstadion i Kansas City, føre 50 000 menneske. Rune vart i USA i seks år, og deltok i alt på fire plater av Ozark Mountain Daredevils. Rune har sidan 1982 vore i Noreg, og blant anna vore leiar for bandet The Kamikazes, og gjenoppretta arbeidet med Hole In the Wall, Saft og Flying Norwegians.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Hole In the Wall[endre | endre wikiteksten]

Singlar
  • Restless Man/Pass the Word (1972)

Saft[endre | endre wikiteksten]

Singlar
  • Halling etter Ola Mosafinn/Trepak/Texas-låt (1973)

Flying Norwegians[endre | endre wikiteksten]

Singlar
  • Young Man/It Ain't Just Another Blow (1974)
  • Diggy Liggy/Sleep Walk (1975), med Teddy Nelson
  • Dans dans/O'Boy (1976), med Teddy Nelson
  • Crazy Eyes Go Blind (1994)
  • Old Lady (1994)
  • Lonesome Cowboy (1995)

Oriental Sunshine[endre | endre wikiteksten]

Album
Singlar
  • Mother Nature/Visions (1969)
  • Across Your Life/Unless (1970)

The Ozark Mountain Daredevils[endre | endre wikiteksten]

Singlar
  • Noah (Let It Rain)/The Red Plum (1976)
  • You Know Like I Know/Arroyo (1976)
  • Crazy Lovin (1977)
  • Following the Way I Feel (1977)
  • Take You Tonight/Runnin' Out (1980)

Som gjesteartist[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]