Runebergstårta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Runebergstårta på asjett.
Foto: Ville Koistinen

Runebergstårta (finsk runebergintorttu) er eit bakverk med namn etter den finske nasjonalskalden Johan Ludvig Runeberg. Det blir særleg servert på Runebergsdagen, 5. februar, i Finland.[1]

Runeberg skal sjølv ha sett stor pris på dette bakverket.[2] Kaka blei laga av gjestgjevaren og konditoren Lars Henrik Astenius i Borgå på 1840-talet. I 1865, medan Runeberg framleis var i live, blei ho marknadsført under hans namn ved bakeriet til Fredrik Ekberg i Helsingfors.[3]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Deigen er laga med kveitmejøl, og inneheld i tillegg gjerne strøbrød eller kakesmular og malen mandel. Nokre stenker kakene med rom og andre med punsj. Kakene kan også ha syltetøyfyll.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Johan Ludvig Runeberg - Finlands nationalskald». YLE. 2. februar 2017. Henta 5. februar 2017. 
  2. 2,0 2,1 «Runebergsdagen den 5 februari». Finlands Ambassad, Berlin. 5. februar 2003. Henta 5. februar 2017. 
  3. «Runebergstårta - Runebergs bakelse». yle.fibesøksdato=2018-01-11. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]