Hopp til innhald

Runemagi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Futharken på Kylverstenen frå Gotland. Ca. år 400.

Runemagi er førestillingar om at runeteikn har religiøse eller magiske tydingar. Frå mellomaldersk islandsk litteratur er det kjent at runene var knytte til heilag kunnskap, og at dei blei oppfatta som ei guddommeleg gåve.[1] At skriftteikna òg hadde ei ikkje-kommunikativ tyding blir underbygd av at ordet ‘rune’ i seg sjølv hadde tydinga 'løyndom', i likskap med dei mange bevarte runerekkjene (kalla futharkar).[2]

Skriftlege kjelder og materielle leivningar frå både jernalder og norrøn tid tyder på at runer har hatt ei religiøs tyding gjennom heile perioden då dei òg var brukte som skriftform. I forskinga har det lenge vore eit utbreidd synspunkt at runene primært hadde religiøs tyding, og at dei meir sjeldan blei nytta til daglegdagse føremål. Dei siste par tiåra har det likevel vore eit skifte innan runologien, og synspunktet om at runer grunnleggjande var eit kvardagsleg skriftsystem som òg kunne brukast religiøst er i dag det mest utbreidde.[3]

På byrjinga av 1900-talet oppstod der i samband med rørsler innanfor germansk mystikk nye formar for «runemagi». Nokre av dei har utvikla seg vidare og byggjer generelt på hermetisme, klassisk okkultisme eller I Ching.

Nærbilde av runeinskripsjonen på Björketorp-runesteinen, Blekinge (500-eller.600-talet). Her opptrer ordet «rune» fleire gongar, tilsynelatande med fleire tydingar.

Runer blei hovudsakleg rista i tre, men dei fleste bevarte innskriftene stammar frå meir uforgjengelege materiale som stein og metall. Dei eldste innskriftene er som regel korte, anten bestod dei berre av eit namn eller noko som truleg har vore trylleformular.[4] Inskripsjonar frå yngre periodar formidlar òg berre sjeldan noko religiøst, men det er meir tydeleg at dei kunne brukast i rituelle samanhengar; til dømes relatert til magi og trolldom, og som hjelpemiddel til å kommunisera med gudane. Runer blei oppfatta som noko guddommeleg, ei gåve frå gudane, og kunne såleis bli brukte til å skriva trylleformularar på gjenstandar, men brorparten av innskriftene har likevel profan karakter.[5] Dette er blitt tolka som eit teikn på at runene opphavleg blei oppfatta som esoterisk kunnskap som berre ein elite hadde tilgang til. Det guddommelege sambandet kan kanskje speglast i at eldre runeinnskrifter stilistisk er nærskylde med myteforteljingane i eddadikta.

Frå Björketorp i Blekinge er det kjent ei runeinnskrift frå anten 500- eller 600-talet. Teksten er skriven på urnordisk, og ordet «rune» er tilsynelatande nytta i fleire tydingar, m.a. ‘bokstavar’ og ‘løyndom’.

Haidzruno runu, falahak haidera, ginnarunaz. Arageu haeramalausz uti az. Weladaude, sa'z þat barutz. Uþarba spa.

Eg, runemeister(?) skjuler her kraftruner. Stadig (plaga av) vondskap, (dømt til) snikande død er (han), som øydelegg dette (monumentet). Eg spår øydelegging/spådom om øydelegging.[6]

Frå ein runestein frå Steintofta i Blekinge er det kjent ein liknande eid.

Brakteat frå Djupbrunn i Sverige (G 205) frå ca. 400-talet, med mellom anna runeteksten Alu saman med eit stilisert bilde av eit mannshovud, ein hest og ein svastika; eit motiv som er kjent frå fleire brakteatar.

Frå både romersk og germansk jernalder er det kjent fleire inskripsjonar som ikkje er lett forståelege eller som består av ord, men som truleg hadde særskild religiøs tyding. Eit av dei mest utbreidde av desse er alu, medan andre ord er m.a. auja, laþu, laukaR.[7] Ansuz og Tiwaz-runene ser òg ut til å ha hatt ei særleg tyding, særleg i tida då ein nytta den eldre futharken, men ein kan også finna spor av dette i yngre kjelder. Til dømes går det fram av Sigrdrifúmál at risting av Tiwas-runa på eit våpen tydde siger, sidan ein gjorde krigsguden nærverande.[8] Slike ristinger er kjende frå fleire objekt frå jernalderen og vikingtida;[9] til dømes på ein amulett frå Lindholm slott der sekvensen aaaaaaaazznnn-b-muttt er rissa inn. Språkleg gjev teikna inga meining, men runene må ha ei tyding i seg sjølv som tilsynelatande får ekstra kraft gjennom gjentakinga.

Runealfabetet, òg kaldet FUÞARKen etter dei fyrste bokstavane, hadde truleg ei religiøs tyding i seg sjølv når det blei skrive ned.

I andre tilfelle gjev teksten inga meining, kanskje fordi ristarane ikkje sjølv var skriftkunnige, dvs. at dei laga imitasjonar av skrift som viser at skrifta i seg sjølv hadde ei tyding som var uavhengig av tydinga til orda. Desse språkleg meiningslause inskripsjonane er blitt tolka som magiske formular; til dømes tuwatuwa på ein brakteat frå Vadstena, aaduaaaliia (på DR #Br42), g͡eggar͡og͡æ (Undley-brakteaten), g͡ag͡ag͡a på eit spydskaft frå Kragehul.[10]

Frå vikingtida er det kjent nokre få ringar med runeinskripsjonar som truleg kan tolkast som magiske. Ein av dei er funnen ved Kingmoor i nordvestlege England. Teksten på han er ikkje blitt tyda.[11]

Tydinga av denne typen innskrifter er stadig omstridd. På ein brakteat finst rimorda salusalu og luwatuwa som dannar ei remse som kanskje har hatt magisk tyding. Ein anna innskrift på Gummarp runesteinen (ca. år 500 til 700) inneheld ei kryptisk skildring av korleis runestavar kan brukastm etterfølgt av f-runa tre gonger etter kvarandre.[12] Ein person opplært i runeløyndommen blei kanskje kalla erilaz, ei nemning som òg opptrer på fleire runeinnskrifter. Innrissa runer kunne såleis gje guddommelege krefter til ein gjenstand.[13] På nokre runesteinar er det rista lengre tekstar av religiøs tyding, men desse blei tydelegvis skrivne til folk som var innvigde i religiøse løyndommar.[14]

Nyare studiar har vist at sjølv om runene ofte blei nytta til å gjera gjenstandar magiske, til dømes ved å laga amulettar og liknande, så er det ingenting som tyder på at runene i høgare grad blei oppfatta som meir magiske enn til dømes det greske eller det latinske alfabet.[15] Kulturen i vikingtida og jernalderen var primært munnleg, men hadde òg skriftsystem. Desse eigna seg likevel ikkje til lange tekstar, og kulturen var i stor grad munnleg overlevert. Skriftkultur var også kjend frå fleire naboland.[16] Med bakgrunn i dette er det dominerte synspunktet innanfor runologien i dag at runene i utgangspunktet var eit skriftsystem som både kunne brukast til religiøse og ikkje-religiøse formål. Den største delen av runeinnskrifter har vore skriven til kvardagsformål.[17] Skriftteikn som runer blei nytta brukt til å halda på ei melding og/eller eit samband mellom ein person og gjenstanden dei var rista på. Gjennom ei religiøs tyding av ein tekst, kunne ein slik tekst òg romma noko guddommeleg som kunne gje religiøs kraft til gjenstanden teksten var rista på.[18]

Førestillingar om runemagi har fleire stader i Norden overlevd i folkloren langt inn i tidleg moderne tid. På Island brukte ein til dømes runestavar som var stykke av tre med rista runer som kunne brukast i krisesituasjonar, til å verja mot vonde makte eller for å oppnå ein ønska situasjon eller særskilde ting.[19]

Runesteinen frå Stentoften (ca. 500 til 700 e.v.t.) frå Blekinge i Sverige.

Dei eldste runetekstane stammar frå gjenstandar og består generelt anten av namnet på eigaren til desse gjenstandane eller personen som rista dei, eller av ei språkleg uforståelege bokstavrekkjer. På bakgrunn av dette er det blitt føreslått at runer opphavleg ikkje var nytta som skriftspråk, men heller som teikn til magiske formular.

I kjeldene er det talrike eksempel på korleis runer blei nytta i rituelle og magiske samanhengar. Det er også funne mange gjenstandar med runeinnskrifter som normalt blir tolka religiøst. Utover skildringa av «sigersrunene» i Sigrdrífumál finst det i Den eldre Edda òg eit anna dikt som handlar om den religiøse tydinga til runer. Hávamál inneheld fleire strofer der Odin omtaler runene i relasjon til mantikk, lækjing og nekromantikk:

Rúnar munt þú finna :
ok ráðna stafi, :
mjök stóra stafi,:
mjök stinna stafi,:
er fáði fimbulþulr :
ok gerðu ginnregin:
ok reist hroftr rögna.: (strofe 142)
Runer vil du finde,
tolkende Runer,
hel store Stave,
hel stærke Stave,
som den mægtige Taler tegned,
som de hellige Guder gjorde
og den ypperste As risted,
hlýdda ek á manna mál;
of rúnar heyrða ek dæma,
né of ráðum þögðu
Háva höllu at, (strofe 111)
Om Runer jeg hørte dem tale
og om Gudernes Rådslagning;
ej tav de om Runers Ristning,
ej tav de om Runers Råden
i den højes Hal.
Ráðumk þér, Loddfáfnir,
en þú ráð nemir, -

en við bölvi rúnar… (strofe 137)
Jeg råder dig, Lodfavne!
og Råd du tage;

Runer mod ondt Ønske,

I strofe 157 av Hávamál blir runene tillagt krefter som kan gje livet tilbake til dei døde. I stykket seier Odin fram eit rim for å få ein død mann til å gå att:

Þat kann ek it tolfta,
ef ek sé á tré uppi
váfa virgilná,:
svá ek ríst ok í rúnum fák,
at sá gengr gumi
ok mælir við mik.
Det kan jeg for det tolvte,
når jeg höjt i Træ
ser død Mand dingle:
sådan jeg rister
og tegner Runer,
at Manden går hen
og mæler med mig.

Franks-skrinet frå kring år 700 er det innskrifter som kan tolkast som teikn på at runene hadde magisk tyding ikkje berre i Norden, men òg i det mellomalderske Vest-Europa.

Sjølv om tilknytinga mellom runer og spådom er omtalt i fleire kjelder, finst det ingen direkte bevis for at dei er blitt brukte til dette føremålet. Tacitus fortel i Germania[20] at germanarane tok varsel frå mange ulike ting, m.a. har han ei detaljert skildring av eit spådomsritual:

10. Varsler og spådom ved lodkastning holder de i hævd og ære og det så trofast som noget folk; og ved en sådan lodkastning er det en simpel og ligefrem måde, de plejer at gå frem på. En afskåren gren af et frugtbærende træ skærer de itu til småpinde og mærker disse med visse tegn, så de kan skelnes fra hverandre. Disse pinde kaster de så på må og få ud over en hvid dug, alt som tilfældet føjer det. Og derefter, dersom det er på det samt-lige folks vegne, man vil stille spørgsmålet, så forretter den for hele samfundet beskikkede præst, men hvis det ikke sker i det offentliges tjeneste, så vedkommende husbond selv en bøn til guden og tager så med øjnene vendte mod himlen tre pinde frem den ene efter den anden, løfter dem i vejret og udlægger dem efter de derpå indristede tegn. Tyder nu disse på en hindring, så indlader man sig i det pågældende anliggende ikke på nogen yderligere henvendelse til guderne samme dag; men ligger der en tilladelse deri, så søger man end-nu tilforladeligheden deraf stadfæstet ved vars-ler.[21]

Tacitus viser ikkje nødvendigvis til runer, særleg fordi det ikkje er funne runer som stammar frå samtida hans; dei eldste døma er fleire hundre år yngre.

Ein annan skriftleg omtale, som av fleire er blitt tolka som ei skildring av runer brukt i spådomssamanhengar, er kapittel 38 i Ynglingesoga av Snorre Sturlason, der Granmar, kongen av Södermanland, dreg til tempelet i Uppsala for å ta del i det årlege blótet. Snorre skriv: «Spaadommen[22] fall daa slik aat han, at han ikkje skulde liva.» (Féll honum þá svo spánn sem hann mundi eigi lengi lifa).[23] Soga fortel at Gramnar så drog til sitt eige rike, der han kort tid etter døydde. Ei anna kjelde er Vita Ansgari, helgenbiografien til Ansgar skriven av munken Rimbert. Han beskriv detaljert korleis dei heidenske nordbuarane kasta lodd.[24] I ei historie fortel han korleis den svenske tronpretendenten Anund fyrst førte ein dansk flåte til Birka, f;r han ombestemte seg då han hadde bede danskane om å «trekka lodd» med trespon. Ifølgje denne forteljinga var ei slik «loddtrekking» ganske informativ. Ho fortalde dei at eit åtak på Birka kunne medføra ulukke, og at dei i staden skulle gå til åtak på ein slavisk by.

Sponar og lodd av denne typen kan likevel òg forklarast som blótspánn (offerspon) og hlautlein (loddkvistar), truleg trestykke som var merka med blodet frå eit offerdyr og så kasta ned før mønsteret dei låg blei tyda.[25]

Moderne runemagi

[endre | endre wikiteksten]

Sidan 1700-talet har tydinga til runene blitt nyfortolka fleire gonger, særleg i samband med rekonstruksjonistiske rørsler, til dømes i samband med nasjonalromantikken og den germanske okkultismen. Den moderne runemagien oppstod i samband med den okkultiske rørsla. I 1902 fekk den tyske okkultisten Guido von List ei openberring om '«Armanen futharken'», som blei eit vesentleg element i den ariosofiske ideologien.

Runer og runesymbolikk bleiseinare brukt av nazistane, særleg kjend er Schutzstaffel (SS) sine to SIEG-runer. Denne runa blei forbunden med 'siger' i nazistisk ideologi. Det nazistiske runesystemet bygde på arbeidet til List som så blei vidareutvikla av den tyske okkultisten Karl Maria Wiligut.

Runespådom ved hjelp av keramikkbrikker.

Etter andre verdskrigen blei det brukt reformerte system i andre «pansofistiske» system.I 1980-åra og 1990-åra blei det utvikla fleire runemagi-system. Ei av dei fyrste bøkene i denne bølgja blei skriven av Ralph Blum i 1982. Ho førte fram til eit system der runer blei nytta brukt i samband mantikk. Runene blir skrivne enkeltvis på tavler eller plater som anten blir tekne opp av ein pose eller blir kasta ned, så dei kan bli lagde i ei tilfeldig rekkjefølgje. I dei moderne systema blir det ofte òg tilføydd ei ahistorisk 'blank rune', som kan erstatta alle dei øvrige runene.

Nypaganisme og new age

[endre | endre wikiteksten]

Sidan nypaganistiske rørsler kan vera svært ulike varierer oppfatninga av tydinga til runene og bruken deira mellom ulike grupper. Dei er mest utbreidde innanfor germansk nypaganisme, herunder åsatru, der runer mange stader blir brukte til spådom. Nokre grupper avviser bruk av runer, på andre måtar enn den som er skildra i dei gamle kjeldene. I nokre new age-krinsar og wiccarørsla blir det òg brukt runemagi.

  1. Ellis Davidson (1990) s. 141
  2. Ellis Davidson (1990) s. 141
  3. Stoklund (1993) s. 160
  4. Bæksted (1994) s. 12
  5. Bæksted (1994) s. 12
  6. Omsett etter: I, master of the runes(?) conceal here runes of power. Incessantly (plagued by) maleficence, (doomed to) insidious death (is) he who breaks this (monument). I prophesy destruction / prophecy of destruction. Frå DR 360 i Rundata 2.0 for Windows.
  7. Macleod, Mindy. Mees, Bernard. (2006) Runic Amulets and Magic Objects, page 100 to 101. Boydell Press ISBN 1-84383-205-4
  8. Meulengracht_Sørensen (2006) s. 44
  9. Ellis Davidson (1990) s. 57
  10. Meulengracht-Sørensen (2006) s. 47
  11. Page, R.I., The Inscriptions
  12. Page, R.I. (2005) Runes, page 31. The British Museum Press ISBN 0-7141-8065-3
  13. Kofod & Warmind (1989) s. 66
  14. Holtsmark (1989) s. 47
  15. MacLeod & Mees (2006)
  16. Meulengracht-Sørensen (2006) s. 16
  17. Stoklund (1993) pp. 160
  18. Meulengracht-Sørensen (2006) s. 41-43
  19. Kofod & Warmind (1989) s. 83
  20. kapittel 10
  21. «Tacitus; Germania, oversat af H. H. Lefolii (1901-1902)». Arkivert frå originalen 23. februar 2007. Henta 9. oktober 2009.
  22. note 112: Dei spaadde paa den vis, at dei "fellte blot-spon", d.v.s. spreidde sponar eller tre-pinnar (kanskje med runir innrista) paa fyriskrivin maate, og søkte med dette upplysningar hjaa gudane um framtidi.
  23. s:Ynglinga_saga#Orusta_Ingjalds_konungs_og_Granmars
  24. «Vita Ansgari kapitel 26-30». Arkivert frå originalen 8. november 2014. Henta 9. oktober 2009.
  25. Foote, P.G., and Wilson, D.M. (1970), page 401. The Viking Achievement, Sidgwick & Jackson: London, UK, ISBN 0-283-97926-7

Litteratur

[endre | endre wikiteksten]
  • Alfred Becker: Franks Casket. Zu den Bildern und Inschriften des Runenkästchens von Auzon (Regensburg 1973)
  • Alfred Becker, Franks Casket Revisited, Asterisk, A Quarterly Journal of Historical English Studies, 12/2 (2003), 83-128.
  • Alfred Becker, The Virgin and the Vamp, Asterisk, A Quarterly Journal of Historical English Studies, 12/4 (2003), 201-209.
  • Alfred Becker, A Magic Spell "powered by" a Lunisolar Calendar, Asterisk, A Quarterly Journal of Historical English Studies, 15 (2006), 55 -73.
  • Ralph Blum, The Book of Runes : A Handbook for the Use of an Ancient Oracle: The Viking Runes with Stones, St. Martin's Press; 10th anniversary ed edition (1993), ISBN 0-312-09758-1.
  • Edred Thorsson, A Handbook of Rune Magic, Weiser Books (1983), ISBN 0-87728-548-9
  • Edred Thorsson, A Handbook of Esoteric Runology, Weiser Books (1987), ISBN 0-87728-667-1
  • Foote, P.G., and Wilson, D.M. (1970), page 401. The Viking Achievement, Sidgwick & Jackson: London, UK, ISBN 0-283-97926-7
  • Fries, Jan, Helrunar: A Manual of Rune Magick, Second Edition, Mandrake of Oxford (2002), ISBN 978-1-869928-38-4
  • Gundarsson, Kveldulf (1990). Teutonic Magic. St. Paul, MN: Llewellyn Publications, Inc. ISBN 0-87542-291-8. 
  • Meadows, Kenneth (1996). Rune Power: The Secret Knowledge of the Wise Ones. Milton, Brisbane: Element Books Limited. ISBN 1-85230-706-4
  • Meulengracht Sørensen, Preben (2006); Kapitler af Nordens litteratur i oldtid og middelalder. ISBN 87-7934-219-1
  • Sweyn Plowright, The Rune Primer, Lulu Press (2006), ISBN 1-84728-246-6
  • Tritt, Adam Byrn, Tellstones: Runic Divination in the Welsh Tradition, Crossquarter Press, (2001), ISBN 1-890109-32-0
  • Bammesberger, A & G. Waxenberger (red.), Das fuþark und seine einzelsprachlichen Weiterentwicklungen, Walter de Gruyter (2006), ISBN 3-11-019008-7. (tysk)
  • Blum, Ralph. (1932. The Book of Runes – A Handbook for the use of Ancient Oracle : The Viking Runes, Oracle Books, St. Martin's Press, New York, ISBN 0-312-00729-9. (engelsk)
  • Brate, Erik (1922). Sveriges runinskrifter, (online text Arkivert 5. december 2006 ved Wayback Machine. (svensk)
  • Bæksted, Anders (1994); Nordiske guder og helte Politikens forlag ISBN 87-567-4717-9
  • Düwel, Klaus (2001). Runenkunde, Verlag J.B. Metzler (tysk).
  • Ellis Davidson, Hilda R. (1990); Gods and Myths of Northern Europe (1. oplag 1964) ISBN 0-14-013627-4 (engelsk)
  • Foote, P.G., and Wilson, D.M. (1970), page 401. The Viking Achievement, Sidgwick & Jackson: London, UK, ISBN 0-283-97926-7 (engelsk)
  • Jacobsen, Lis; Erik Moltke (1941–42). Danmarks runeindskrifter. Copenhagen: Ejnar Munksgaards Forlag. 
  • Kofoed, Aase & Warmind, Morten; Old var Årle, 1989 ISBN 87-13-03545-2
  • Looijenga, J. H. (1997). Runes around the North Sea and on the Continent AD 150-700, dissertation, Groningen University. (engelsk)
  • MacLeod, Mindy, and Bernard Mees (2006). Runic Amulets and Magic Objects. The Boydell Press: Woodbridge, UK; Rochester, NY, ISBN 1-84383-205-4. (engelsk)
  • Markey, T.L. (2001). A tale of the two helmets: Negau A and B. Journal of Indo-European Studies 29: 69–172. (engelsk)
  • McKinnell, John and Rudolf Simek, with Klaus Düwel (2004). Runes, Magic, and Religion: A Sourcebook. Wien: Fassbaender, ISBN 3-900538-81-6. (engelsk)
  • Mees, Bernard (200). The North Etruscan thesis of the origin of the runes. Arkiv for nordisk fililogi 115: 33–82. (engelsk)
  • Odenstedt, Bengt (1990). On the Origin and Early History of the Runic Script, Uppsala, ISBN 91-85352-20-9. (engelsk)
  • Page, R.I., The Inscriptions, Appendix A i D.M. Wilson, Anglo-Saxon Ornamental Metalwork 700-1100 in the British Museum (London): 67-90.
  • Page, R.I. (1999). An Introduction to English Runes Arkivert 22. februar 2021 ved Wayback Machine., The Boydell Press, Woodbridge. ISBN 0-85115-946-X. (engelsk)
  • Prosdocimi, A.L. (2003–4). Sulla formazione dell'alfabeto runico. Promessa di novità documentali forse decisive. Archivio per l'Alto Adige. XCVII–XCVIII:427–440 (italiensk)
  • Robinson, Orrin W. (1992). Old English and its Closest Relatives: A Survey of the Earliest Germanic Languages Stanford University Press. ISBN 0-8047-1454-1 (engelsk)
  • Spurkland, Terje (2005). Norwegian Runes and Runic Inscriptions, Boydell Press. ISBN 1-84383-186-4 (engelsk)
  • Stoklund, Marie (1994); Myter, runer og tolkning, i Schjødt, Jens Peter (red.); Myte og ritual i det før-kristne Norden. ISBN 87-7838-053-7
  • Stoklund, Marie (2003). The first runes – the literary language of the Germani i The Spoils of Victory – the North in the Shadow of the Roman Empire Nationalmuseet (København) (engelsk)
  • Thorsson, Edred (1987), Runelore: a handbook of esoteric runology, United States: Samuel Weiser, Inc., ISBN 0-87728-667-1 
  • Werner, Carl-Gustav (2004). The allrunes Font and Package
  • Williams, Henrik. (1996). The origin of the runes. Amsterdamer Beiträge zur älteren Germanistik 45: 211–18. (tysk)
  • Williams, Henrik (2004). «Reasons for runes» i The First Writing: Script Invention as History and Process, Cambridge University Press, pp. 262–273. ISBN 0-521-83861-4 (engelsk)