Runesteinen frå Veum kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Runesteinen frå Veum kyrkje låg på kyrkjegarden ved Veum kyrkje i Fyresdal kommune i Vestfold og Telemark. Steinen er første gong nemnt av Hans Jacob Wille i 1786, og deretter blant anna i Nicolay Nicolaysen sitt verk Norske Fornlævninger frå 1862-66. I 1888 meldte J.L. Qvisling at steinen var fjerna og brukt i grunnmuren på ein uthusbygning på garden Veum. Dette er det siste ein veit om denne steinen. Han var ca. fem fot lang, og innskrifta lydde:

her huilir petr prestr

Som rett og slett tyder «Her kviler Peter Prest».

Runene vert datert til 1200-talet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]