Runesteinen i Torsnes kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Runesteinen i Torsnes kyrkje frå Borge i Fredrikstad kommune i Østfold kjem frå den gamle Torsnes kyrkje, òg kjend som Holm kyrkje. Dette var ei lita steinkyrkje frå mellomalderen som vart riven i 1859 for å gje plass til ein ny og større kyrkje. Det hadde då lenge vore kjend at det var ei runeinnskrift på begge sidene av kordøra på sørsida. Denne er første gong nemnd i verket Monumenta Danica av Ole Worm frå 1643. I 1805 vart innskrifta avteikna av M.F. Arendt. Ved rivingsarbeida vart steinane tekne ut og sende til Universitetets Oldsaksamling, og heile teksta kunne då bli tolka i samanheng:

øuk:atla:til:aflas:s: .. ynta:
øuksøl f. umser øukølu kistinfolke

Dette vert tolka til norrønt: ... ok Atla tl afláts synda ok sjǫlfun sér ok ǫllu kristni folki.

På moderne norsk vert det: «(...) og syndsforlating for Atle, for seg og alle kristne folk».

Steinane er i dag magasinert ved Kulturhistorisk museum.

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]