Runesteinen ved Anda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Runesteinen ved Anda er ei flyttblokk med to runeinnskrifter ved Andaneset i Gloppen kommune i Sogn og Fjordane. Staden ligg rett vest for ferjeterminalen ved Anda, på fergesambandet Lote-Anda på E39. Runesteinen er registrert av Riksantikvaren med ID nr. 72923.

Steinen ligg heilt ute på neset mellom Nordfjorden og Gloppefjorden. Det har gjennom tidene vore godt kjent i lokalmiljøet at det var hogd inn teikn på han. I verket Norsk Folkekultur (1916) vert dei omtalt som moglege runer. I 1939 kom Haakon Shetelig til staden og kunne konstatera at det dreidde seg om ekte runeinnskrifter. Hausten same år vart innskriftene dokumenterte av Håkon Hamre og publiserte året etter.

Innskrift I er:

h(er) (e)r gull ok uilur un(d)ir

Aslak Liestøl tolkar dette som: Hèr er gull ok villur undir. På moderne norsk vert det «Her er (det) gull og hekseri under».

Innskrift II er utydelig, men Liestøl meiner å lesa:

þair luþnaukþu...

På moderne norsk vert det: «Dei, Lodin og Tor ...».

Begge innskriftene vert rekna å vera frå 1000-talet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]