Running Free

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Running Free
av Iron Maiden
frå albumet Iron Maiden
B-side

1980-singel
«Burning Ambition»(UK)
«Prowler» (Japan)
1985-konsertsingel
«Sanctuary (live)"
«Murders in the Rue Morgue (live)»

Språk engelsk
Utgjeve 8. februar 1980
13. september 1985
Innspelt Januar 1980 («Running Free»)[1] 25–26 November 1979 («Burning Ambition»)[2]
Mars 1985 («Running Free» (live) & «Sanctuary» (live)
October 1984 («Murders in the Rue Morgue» (live)
Sjanger Heavy metal
Lengd 3:04
3:26[3]
Selskap EMI
Komponist Paul Di'Anno, Steve Harris
Tekstforfattar Paul Di'Anno, Steve Harris
Låtskrivar(ar) Steve Harris
Paul Di'Anno
Produsent Wil Malone[4]
Martin Birch (1985 livesingel)[3]
Iron Maiden-kronologi 
Running Free «Sanctuary»
(1980)
-kronologi
«Aces High»
(1984)
Running Free «Run to the Hills (live)»
(1985)


«Running Free» er debutsingelen til Iron Maiden, og vart gjeven ut 8. februar 1980. Han var skriven av Steve Harris og Paul Di'Anno. Songen kom ut som det tredje sporet på debutalbumet deira, Iron Maiden. I 1985 vart eit konsertopptak av songen gjeve ut som den første singelen frå Live After Death (den 12. singelen til bandet). I 1990 vart den originale singelen gjeven ut på ny, mellom anna på CD og 12" vinyl, som ein del av The First Ten Years, der han vart kombinert med den neste singelen til bandet, «Sanctuary». Konsertversjonen frå 1985 vart òg gjeven ut som ein del av denne boksen, kombinert med «Run to the Hills» frå 1985.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

I følgje vokalisten Paul Di'Anno, som skreiv teksten til songen, er han «ein særs sjølvbiografisk song, men eg har sjølvsagt aldri vore ei natt i eit fengsel i LA. Han handlar om å vere 16, og som songen seier, springe løpsk og fritt. Han kjem frå dagane mine som skinhead[5] Songen er kjend som ein av dei meir tradisjonelle rockesongane til bandet, som Mick Wall skildra som «Iron Maiden ved punk-metal-oppstandinga deira,»[5] og vert framleis spelt på konsertane til bandet i dag.

Singelomslaget var første gongen maskoten til Iron Maiden, Eddie, sjølv om andletet hans er skjult, sidan bandet ikkje ønskte å avdekke han før albumet kom ut.[6] Fleire bandnamn (som Scorpions, Judas Priest, AC/DC, Sex Pistols og Led Zeppelin) er spraya på veggen bak ungdomen på biletet, i tillegg til orda «Hammers», ei hyllest til West Ham United.[6] Ironisk nok var plateomslaget til live-singelen den første som ikkje hadde Eddie, sidan det syner eit verkeleg bilete av bandet som spelar på scenen.

B-sida «Burning Ambition» vart spelt inn seint i november 1979[7] i Wessex Studios med produsenten Guy Edwards som eit firemannsband, like før Dennis Stratton og Clive Burr kom inn i bandet,[2] og er ein av dei første songane Harris skreiv, i tida då han spelte i Gypsy's Kiss. Det er ein av få innspelingar med Doug Sampson på trommer. Gitarsoloen i songen vert spelt av Dave Murray. Songen kom ikkje ut på albumet, men var med på B-sidesamlinga i plateboksen Eddie's Archive, og vart nytta i filmen The History of Iron Maiden – Part 1: The Early Days.

Den første singelen til Iron Maiden i Japan hadde «Prowler» som A-sida og «Running Free» som B-sida. Omslgaete var ei sensurert utgåve av omslaget til singelen «Sanctuary».[8]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

1980 7" UK singel
Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Running Free»Steve Harris, Paul Di'Anno3:04
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
2.«Burning Ambition»Harris2:39
1980 7" japansk singel
Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Prowler»Harris3:55
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
2.«Running Free»Harris, Di'Anno3:16
1985 7" live-singel
Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Running Free» (konsertopptak frå Long Beach Arena, California 14.-17. mars 1985)Harris, Di'Anno3:26
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Sanctuary» (konsertopptak frå Long Beach Arena, California 14.-17. mars 1985))Harris, Di'Anno, Dave Murray4:38
1985 12" live-singel
Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Running Free» (konsertopptak frå Long Beach Arena, California 14.-17. mars 1985)Harris, Di'Anno3:26
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Sanctuary» (konsertopptak frå Long Beach Arena, California 14.-17. mars 1985))Harris, Di'Anno, Murray4:38
2.«Murders in the Rue Morgue» (konsertopptak frå Hammersmith Odeon, London 8–12 October 1984)Harris4:30

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

1980-singelen[endre | endre wikiteksten]

Frå omslaget,[4] og The First Ten Years.[9]

Production

1985 live-singel[endre | endre wikiteksten]

Frå omslaget til 12"-singelen.[3]

Iron Maiden
Production

Lister[endre | endre wikiteksten]

Singel Liste (1980) Plassering Album
«Running Free» UK Singles Chart 34[10] Iron Maiden
Singel Liste (1985) Plassering Album
«Running Free (Live)» Irish Singles Chart 12[11] Live After Death
UK Singles Chart 19[12]
Singel Liste (1990) Plassering Album
«Running Free / Sanctuary» UK Albums Chart[merk 1] 10[13]
«Running Free (Live) / Run to the Hills (Live)» 9[14]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Nyutgjeving av alle fire singlane som ein del av The First Ten Years. Var lengre enn tidsgrensa til UK Singles chart.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Wall, Mick (2004). Iron Maiden: Run to the Hills, the Authorised Biography (3rd ed.). Sanctuary Publishing. s. 129. ISBN 1-86074-542-3. 
  2. 2,0 2,1 Wall, Mick (2004). Iron Maiden: Run to the Hills, the Authorised Biography (3rd ed.). Sanctuary Publishing. s. 126. ISBN 1-86074-542-3. 
  3. 3,0 3,1 3,2 «Running Free live» 12 Inch Single. Iron Maiden. EMI. 13 September 1985. 
  4. 4,0 4,1 «Running Free» 7 Inch Single. Iron Maiden. EMI. 8 February 1980. 
  5. 5,0 5,1 Wall, Mick (2004). Iron Maiden: Run to the Hills, the Authorised Biography (3rd ed.). Sanctuary Publishing. s. 132. ISBN 1-86074-542-3. 
  6. 6,0 6,1 Wall, Mick (2004). Iron Maiden: Run to the Hills, the Authorised Biography (3rd ed.). Sanctuary Publishing. s. 133. ISBN 1-86074-542-3. 
  7. http://forum.maidenfans.com/threads/iron-maiden-autumn-1979-studio-recordings.25888/
  8. «Iron Maiden – «Prowler»». Discogs. Henta 22. august 2016. 
  9. «Running Free / Sanctuary» The First Ten Years CD. Iron Maiden. EMI. 24 February 1990. 
  10. «Top 40 Official UK Singles Archive 8 March 1980». Official Charts Company. Henta 22. august 2016. 
  11. «Irish Singles Archive». IRMA. Irishcharts.ie. Henta 13 October 2011. 
  12. «Top 40 Official UK Singles Archive 12 October 1985». Official Charts Company. Henta 13 October 2011. 
  13. «Top 40 Official UK Albums Archive 24 February 1990». Official Charts Company. Henta 22. august 2016. 
  14. «Top 40 Official UK Albums Archive 7 April 1990». Official Charts Company. Henta 15 October 2011. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]