Running Scared av Ell & Nikki

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
«Running Scared»
Singel av Ell & Nikki
Språk Engelsk
Utgjeve 2011
Låtskrivar(ar) Stefan Örn og Sandra Bjurman
«Running Scared»
Ell & Nikki - Azerbaijan (Eurovision Song Contest 2011).jpg
Eurovision Song Contest 2011
Land Aserbajdsjan
Artist(ar) Eldar Qasımov og Nigar Camal
Alias Ell & Nikki
Språk Engelsk
Komponist(ar) Stefan Örn, Sandra Bjurman og Iain James Farquharson
Låtskrivar(ar) Stefan Örn og Sandra Bjurman
Resultat
Semifinalepoeng 122
Semifinaleplass 2
Finalepoeng 221
Finaleplass 1
Aserbajdsjan i Eurovision Song Contest
«Drip Drop»
(2010)
«Running Scared» «When the Music Dies»
(2012)

«Running Scared» (aserbajdsjansk Ürküb qaçan) var det aserbajdsjanske bidraget i Eurovision Song Contest 2011, framførd på engelsk av Ell & Nikki.

Eurovision Song Contest 2011[endre | endre wikiteksten]

Songen starta som nummer 18 i den fyrste semifinalen, etter Litauen med «C'est ma vie» av Evelina Sašenko og før Hellas med «Watch My Dance» av Loúkas Jórkas og Stereo Mike.

Bidraget fekk tolv poeng frå Tyrkia og Georgia, ti poeng frå Russland, Malta, Kroatia og Litauen, åtte poeng frå Polen og Island, sju poeng frå Ungarn, Portugal og Hellas, fem poeng frå Albania, Finland og San Marino, fire poeng frå Storbritannia og eitt poeng frå Sveits og Spania. Aserbajdsjan fekk til saman 122 poeng og enda på andreplass av totalt 19 bidrag. Dei gjekk dimed vidare til finalen. Hadde ein berre nytta telefonrøystar hadde bidraget fått 124 poeng og enda på andreplass og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget fått 109 poeng og enda på andreplass.

Songen starta som nummer 19 i finalen, etter Austerrike med «The Secret Is Love» av Nadine Beiler og før Slovenia med «No One» av Maja Keuc.

Bidraget fekk tolv poeng frå Russland, Tyrkia og Malta, ti poeng frå Moldova, Romania, Ukraina, San Marino og Kroatia, åtte poeng frå Bosnia-Hercegovina, Litauen, Estland, Austerrike, Island, Georgia, Polen, Albania, Portugal og Kypros, sju poeng frå Ungarn og Slovakia, seks poeng frå Frankrike, Nederland og Kviterussland, fem poeng frå Finland og Hellas, fire poeng frå Israel, tre poeng frå Sverige og Belgia, to poeng frå Latvia og eitt poeng frå Sveits. Aserbajdsjan fekk til saman 221 poeng og vann av totalt 25 bidrag. Hadde ein berre nytta telefonrøystar hadde bidraget fått 223 poeng og vunne og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget fått 182 poeng og enda på andreplass.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]