Running Scared av Roy Orbison

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Running Scared
Singel av Roy Orbison
frå albumet Crying
B-side

«Love Hurts»

Utgjeve Mars 1961
Innspelt 1961
Sjanger Poprock
Lengd 2:10
Selskap Monument 438
Komponist Roy Orbison, Joe Melson
Låtskrivar(ar) Roy Orbison, Joe Melson
Produsent Fred Foster
Roy Orbison-kronologi 
«I'm Hurtin'»
(1960)
Running Scared «Crying»
(1961)


«Running Scared» er ein popsong frå 1961 skriven av Roy Orbison og Joe Melson og sungen av Orbison. Det er ein operaaktig rockeballade,[1] og vart gjeven ut på singel av Monument Records i mars 1961. Singelen nådde toppen av Billboard Hot 100-lista og niandeplassen i Storbritannia. Songen vart sidan gjeven ut som det siste sporet på albumet Crying.

Songen manglar refreng og verset byggjer seg opp til eit klimaks, som utan vibrato syner krafta i den klåre, fulle røysta til Orbison. Songen vart skriven i ein bolero-stil og Orbison har fått æra for å ha henta denne stilen inn i rocken.

«Running Scared» vart ein internasjonal hit og B-sida «Love Hurts» vart ein stor hit i Australia. Singellista i Australia syner derfor singelen «Running Scared»/«Love Hurts» som ei dobbel A-side, og begge sidene nådde femteplassen på lista der. Dette gjer Orbison sin versjon av «Love Hurts» til den første hitversjonen. «Love Hurts» vart seinare særs kjend med ein versjon av rockebandet Nazareth i 1975.

Allmusic skreiv om songen: «Sidan Orbison var kongen av melodramatisk spaning i pop og rock, veit du det betyr at «Running Scared» var ein av dei mest melodramatiske rockehittane nokon gong. Spaninga oppstår umiddelbart med bolerorytmen og gitarklimpringa, og vokalen til Orbison, rein og kraftfull, men likevel med ein nervøs angst. Nøkkelen til spaninga er den gradvis oppbygginga av lag på lag med instrument, der orkesterinstrumenta og korstemmene langsamt byggjer seg opp over det første verset. Spaninga vert forsterka av teksten, som sjølv til Orbison å vere tar personlegdomen hans til det ekstreme: han og kjærasten hans flyktar med frykt, redd for at ekskjærasten hennar skal dukke opp og skape problem. Orbison er mest redd for at kjærasten vil gå frå han og attende til eksen sin. Slike tema har lenge vore utforska i popsongar, men det som skil 'Running Scared' frå dei andre er at her skjer nettopp det songaren fryktar. Eks-kjærasten møter opp. Orkesteret og korvokalen byggjer seg opp til eit crescendo i det kvinna tar valet sitt. Orbison når den øvre grensa for det som er mogeleg for den høge opera-aktige stemma si i klimakset og den siste setninga. Slik er den nesten paranoide frykta som byggjer seg opp gjennom songen, at det er lett å gå glipp av den faktisk lukkelege slutten. Kvinna vel å gå bort i lag med songaren».[2]

Just runnin' scared, each place we go
So afraid that he might show
Yeah, runnin' scared, what would I do
If he came back and wanted you

Roy Orbison (1961)

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

John Peel, den kjende BBC Radio-programleiaren som døydde i 2004, førte opp «Running Scared» av Roy Orbison som ein av songane han ønskte skulle spelast i gravferda hans.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]