Ruphus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ruphus
OpphavOslo i Noreg
Periode19701981
SjangerProgressiv rock, hardrock, jazzrock

Ruphus var eit progressivt rockeband frå Oslo, danna i 1970 og oppløyst i 1981. Ruphus var eit av flaggskipa innan norsk rock på 70-talet. Bandet oppnådde stor heider i fleire europeiske land, og var meir populære i Vest-Tyskland enn dei nokosinne var heime i Noreg. I løpet av karrieren sin utvikla Ruphus seg frå å spele hard, progressiv rock til å bli leiande innan jazzrock.

I byrjinga[endre | endre wikiteksten]

Ruphus vart danna i februar 1970, då Asle Nilsen (fløyte) vart medlem av bandet Cat Food. Medlemmar kom og gjekk, og frå den første besetninga var det berre Nilsen og Hans Petter Danielsen (gitar) som var tilbake då den første ordentlege besetninga av Ruphus vart ein realitet sommaren 1972. Då hadde òg Nilsen overteke rolla som bassist. Forutan han og Danielsen bestod bandet no av Kjell Larsen (gitar), Håkon Graf (keyboard), Gudny Aspaas (vokal), Rune Sundby (vokal) og Thor Bendiksen (trommer).

Platekontrakt med Polydor vart skrive våren 1973. Same sommar gjekk turen til eit hus i Meråker, der Ruphus førebudde seg ein heil månad før gruppa gjekk i studio med produsent Stein Robert Ludvigsen. Albumet New Born Day inneheldt hardt­slåande rock, med klåre referansar til utanlandske stordomar som King Crimson, Jethro Tull, Yes og Savage Rose (det siste takka vere den kraftige stemma til Aspaas). Med to gode vokalistar i front, markerte Ruphus seg som eit band i ei klasse for seg. Kort tid etter utgjevinga av New Born Day slutta Danielsen, og dei gjenverande seks laga singelen «Flying Dutchman Fantasy». Danielsen vart ein av dei mest respekterte lydteknikarane i landet, og hadde seinare ein finger med i spelet på fleire av platene til Ruphus.

Store i Vest-Tyskland[endre | endre wikiteksten]

Våren 1974 slutta Sundby, så Freddy Dahl, som tidlegare hadde spelt i Junipher Greene, erstatta han ei kort stund. Innan hausten kom, var både Aspaas og Dahl ute av bandet, og dermed stod Ruphus utan vokalistar. Rune Østdahl vart ny vokalist, mest fordi stemmen hans likna stemma til Jon Anderson i Yes. Den neste plata, Ranshart, vart følgjeleg veldig Yes-aktig, heilt ned til detaljane på plateomslaget. Plata fekk likevel dårleg mottaking og i 1975 gjennomgjekk Ruphus ein heilt naudsynt musikalsk forandring. Østdahl slutta, og Aspaas vart invitert tilbake igjen.

Graf var byrja å spele saman med Jon Eberson – han kom til å stifte Jon Eberson Group på 80-talet – i jazzrockgruppa Moose Loose, og inspirasjonen derfrå tok han med seg tilbake til Ruphus. Både Larsen, Nilsen og Bendiksen var begeistra for dei raffinerte jazz-komposisjonane til Graf, og Terje Rypdal vart hyra som produsent då bandet gjekk i studio i desember 1975. Resultatet vart Let Your Light Shine, eit album som både var ein milepåle og eit vendepunkt i karrieren til Ruphus. Plata vart inngangsbilletten til den europeiske marknaden, og då spesielt det tyske. Via ein manager klarte gruppa å få nokre spelejobbar i Vest-Tyskland våren 1976, og då dei drog ned igjen for ein turné i oktober 1976, vart dei møtt med fullsette salar. Tyskarane hadde førebudd turneen godt; Let Your Light Shine var vorte utgjeve på selskapet Brain og vart spelt mykje på radio.

Akkurat då suksessen byrja, mista Ruphus to viktige medlemmar: Håkon Graf valde å satse på eiga hand (blant anna med gruppa Hawk On Flight), medan Gudny Aspaas var vorte mor og ville konsent­rere seg om det framfor å reise Europa rundt. Jan Simonsen (keyboard) kom med sommaren 1976, medan Sylvi Lillegaard vart ny vokalist frå januar 1977. Den nye besetninga laga to vellukka album; Inner Voice som kom ut i 1977, som igjen var med Rypdal som produsent og Flying Colours utgjeve i 1978, denne gongen med Ruphus sjølv som produsentar, begge med var Larsen som hovudlåtskrivar. Bandet var no stadig meir tid i Vest-Tyskland, og levde nærast i eksil.

Slutten for Ruphus[endre | endre wikiteksten]

Hausten 1978 gjennomgjekk Ruphus endå ein omrokkering i besetninga. I tur og orden slutta Bendiksen, Simonsen og Lillegaard, for å bli erstatta av Udo Dama (trommar), Kjell Rønningen (keyboard) og Gudny Aspaas. Dette var faktisk tredje gongen Gudny vart medlem. Innan gruppa gjekk i studio for å lage albumet Man Made i 1979, hadde Udo Dama slutta. Ny trommeslagar vart Bjørn Jenssen, som hadde spelt saman med Rønningen (og Freddy Dahl) i gruppa Saluki.

Man Made vart spelt inn i England med Steven O'Donnel og Colin H. Jennings som produsentar. Alt materialen var komponert av Larsen, medan Lillegaard skreiv alle tekstene. Den nye utgåva av Ruphus drog ut på ein omfattande Europa-turné, men sjølv om han var vellyuka gjekk bandet mot oppløysing. Aspaas slutta for tredje gongen, Rønningen hoppa av, og til å erstatte dei vart Freddy Dahl tilkalla igjen. Ruphus gjorde nokre innspelingar som kvartett våren 1980 og heldt nokre konsertar i Tyskland. Men då hausten kom, var det slutten. Ei besetning beståande av kvintetten som spelte inn Let Your Light Shine – Jenssen, Nilsen, Graf, Aspaas og Bendiksen – gjennomførte ein siste turné i Tyskland våren 1981.

Kjell Larsen starta sitt eige band, kalla Larsen, og laga eit album med dei før han slo følgje med Jon Eberson i eit ensemble kalla Work Funny Hours. Han har seinare delteke i fleire prosjekt, bl.a gitartrioen Pigalle Guitar Ensemble saman med Bjørn Christiansen frå Aunt Mary og Preben A. Olram. Asle Nilsen starta lydutleigefirmaet Crusing, og var i 1983–1984 medlem av New Jordal Swingers. Gudny Aspaas laga ei soloplate, medan Bjørn Jenssen vart medlem av Jon Eberson Group. Han har seinare markert seg som trommeslagar i Dance With A Stranger.

Eit dobbelt samlealbum vart utgjeve i 1996. Den eine av platene inneheldt dei beste innspelingane, medan den andre bestod av opptak som ikkje var gjeve ut før – mellom dei det siste kuttet, som Ruphus spelte inn som kvartett i april 1980. I samband med utgjevinga kom det førespurnader om nye konsertar med Ruphus. Di verre var det ikkje mogleg å gjennomføre, og mykje av grunnen var at trommeslagaren til gruppa Thor Bendiksen no leid av tinnitus.

På 2000-talet har Ruphus halde ei rekkje gjenforeningskonserter.[1]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum[endre | endre wikiteksten]

Samlealbum[endre | endre wikiteksten]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.nrk.no/kultur_og_underholdning/1.6988846

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]