Ruseløkkabunkeren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

59°54′47″N 10°43′30″E / 59.91306°N 10.72500°E / 59.91306; 10.72500

Nedgang til bunkeren var i kjellaren til Ruseløkka skule.

Ruseløkkabunkeren ved Ruseløkka skule vart etablert av den tyske okkupasjonsmakta under andre verdskrigen.[1] Etter krigen overtok Forsvarets overkommando og E-tenesta bunkeren.[2]

«Operasjon Muldvarp», som vart etablert i 1950, hadde plassert lydbanddopptakarar i Ruseløkkabunkeren for hovudsakleg å avlytte sambandet til kommunistisk verksemd. Eit døme er avlyttinga av landskonferansen til kommunistane i Folkets Hus i 1951.[3] Dei sovjetiske skipsfartskontora Sovfrakt og Morflot vart òg avlytta, noko som gjorde E-tenesta i stand til å verve eller plassere etterretningsagentar om bord på skip. [4] Det vart drive telefonovervaking i Noreg herfrå fram til 1989, noko som er nøye rapportert i Lund-rapporten.[5]

Tenesta vart halden svært løynleg, og sjefen i 40 år for denne tenesta, Asbjørn Mathiesen, var ein av dei som berre stod på hemmelege lønningslister.[6] Bunkeren vart vurdert verna, men verken Forsvaret eller Oslo kommune gjekk inn for dette.[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. tovesolbakken (16. april 2020), Ruseløkkabunkeren i krig og fred (på norsk bokmål), henta 13. desember 2021 
  2. «Skolens historie», ruselokka.osloskolen.no (på norsk), henta 13. desember 2021 
  3. «GRANSKINGEN AV FORSVARETS ETTERRETNINGSTJENESTE» (PDF). Henta 7. mars 2019. «1951: Avskrivnings/oversettelsesbunkeren i Cort Adelers gate 33 tas i bruk Kommunistenes landskonferanse i Folkets Hus avlyttes fra bunkeren ved Ruseløkka skole» 
  4. Haglund, Johnny, «Under jorden i Oslo sentrum», www.klikk.no/Vi Menn (på norsk), henta 13. desember 2021 
  5. Jonassen, Andreas de Brito (12. september 2018), «Ned i bunkeren fra 2. verdenskrig», NRK (på norsk bokmål), henta 13. desember 2021 
  6. Senneset, Line Dugstad & Osman Kibar Foto: Linda Næsfeldt & Eivind (31. mars 2015), «Mysteriet Mathiesen», www.dn.no (på norsk), henta 13. desember 2021 
  7. Vestreng, Av Tom, «Ruseløkka skoles mørke hemmelighet», Dagsavisen (på norsk), henta 13. desember 2021