Rusinsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Rusinsk
русин rusin
Klassifisering: Indoeuropeisk
 Slavisk
  Austslavisk
   Rusinsk
Bruk
Tala i: Flag of Ukraine.svg Ukraina (Zakarpatska)
Flag of Slovakia.svg Slovakia
Flag of Poland.svg Polen sørlige Polen
Flag of Hungary.svg Ungarn
Flag of Romania.svg Romania nordlige Romania
Flag of Serbia.svg Serbia Vojvodina (Serbia)
Språkkodar
ISO 639-1: ry
ISO 639-2: sla
ISO 639-3: rue

Rusinsk er eit språk i nær slekt med ukrainsk,[1] eller ein dialekt av ukrainsk. Det er omstridd om ein skal kalla rusinsk eit eige språk eller ikkje, og om det skal klassifiserast som eit austslavisk språk med sterke vestslaviske trekk, eller eit vestslavisk språk med sterke austslaviske trekk.[2]

Offisielt er språket ein ukrainsk dialekt, ei syn som er støtta av russiske og ukrainske språkforskarar. Dette er grunngjeve med at det finst ei rekkje overgangsdialektar mellom rusinsk og ukrainsk. Dei fleste andre språkforskarar vurderer det som eit sjølvstendig språk. Deira grunngjeving er at skilnaden mellom rusinsk og ukrainsk er minst like stor som mellom ukrainsk og kviterussisk. Dessutan finst det òg overgangsdialektar mellom russisk, kviterussisk og ukrainsk.

Før andre verdskrigen blei rusinsk tala av litt under ein million menneske i Karpato-Rutenia. I dag blir det tala av rundt 610 000 menneske, og er eitt av seks offisielle språk i den serbiske regionen Vojvodina.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Europakommisjonens internettside besøkt 28. desember 2012
  2. «rusinsk». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 8. desember 2020.