Russedessert

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ei skål med klappgröt laga på bringebærsaft, servert med mjølk.
Russedessert vert vispa

Russedessert er ein dessert kjend frå norsk, svensk, finsk og estisk mattradisjon. Svenske namn på han er klappgröt, vispgröt og trollgröt, på finsk blir han kalla vispipuuro. Desserten vert laga av semulegryn og saftblandingar med jordbær, solbær, rips, blåbær eller til og med tytebær og heggebær, så lenge ein kan oppnå den ynskte raude fargen. Når grauten er ferdigkokt, skal han vispast kraftig til han er kald og kan serverast. Konsistensen og volumet skil då seg vesentleg frå vanleg semulegryngraut.[1][2][3][4][5]

Namn[endre | endre wikiteksten]

Forleedet «russe» kan koma av fargen på desserten etter at Han er vispa ferdig.[6] Det kan òg ha samband med Russland.[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hjørne, Cathrines Kreative (9. februar 2013). «Cathrines Kreative Hjørne: Russe dessert - en gammel klassiker fra Sogn!». Cathrines Kreative Hjørne. Henta 27. november 2020. 
  2. «Russedessert». Fjord Norway (på norsk bokmål). Henta 27. november 2020. [daud lenkje]
  3. «Russedessert». Heimelaga (på norsk bokmål). 8. juni 2016. Henta 27. november 2020. 
  4. NRK (12. september 2001). «Bestemors russedessert». NRK (på norsk bokmål). Henta 27. november 2020. 
  5. «Russedessert». Matarena (på norsk bokmål). Henta 27. november 2020. 
  6. https://northwildkitchen.com/russedessert-blabaersaft/
  7. «Russedessert». Det Norske Akademis ordbok. Henta 27. november 2020.