Russell Shaw

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Russell Shaw

Yrke Komponist
Kjend for Syndicate
Dungeon Keeper
Populous
Black & White
Theme Park
Fable-serien

Russell Shaw er ein britisk komponist og lyddesigner. Han er kjend for arbeidet sitt med mange videospel, særleg dei designa av Peter Molyneux. Han har vore BAFTA-nominert, fleire gonger, for musikken til Fable, Fable II og Fable III.[1]

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Shaw byrja å spele musikk då han var fem år gammal og fekk ein gitar av onkelen.[2] Han lærte seg sjølv å spele og spelte i forskjellige band seint i 1970- og tidleg i 1980-åra. Etter kvart ønskte han å bli plateprodusent. Etter å ha fått opplæring ved SAE London i midten av 1980-åra vart han leigd inn av Gerry Anderson (frå Thunderbirds) for å styre platestudioet hans, og spele inn lydar for forskjellige TV-show.[2] som Terrahawks, Dick Spanner og Space Precinct.

Kring 1990 gjekk Shaw attende til musikkproduksjon og arbeidde for StreetSounds. På denne tida spelte han òg mykje videospel på ein Atari ST, som han òg nytta til å lage musikk med.[2]

I 1992 fekk han vite at Peter Molyneux sitt Bullfrog Productions var på utkikk etter ein lydspesialist for å legge på lyd i spela deira, og Shaw fekk jobben. I Bullfrog Shaw komponerte han musikk for mange av spela deira, som strategispela Syndicate, Theme Park, Magic Carpet og Dungeon Keeper. I 1997 slutta Peter Molyneux i Bullfrog og skipa Lionhead Studios, og Shaw følgde med han.[3]

Det første prosjektet hans då var musikken til Black & White. Shaw var fan av ambient techno,[3] og komponerte ein mediterande og avslappande lydspor innan denne sjangeren. Musikken vart godt motteken av nettstader som IGN og Gamespot.[4][5] Black & White vart følgd opp med Fable i 2004. Danny Elfman vart henta inn til å lage kjenningsmelodien, medan Shaw lagde meir tradisjonell orkestermusikk for sjølve spelet. Musikken fekk god kritikk og Shaw skreiv òg musikk til oppfølgjaren . Sidan laga han musikk til Fable III og Fable the Journey, før han slutta i Lionhead for å skipe sitt eige selskap i 2012.

Shaw har nyleg skrive musikk til Fable Legends med Philharmonia Orchestra, i 2015.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]