Russisk fjerne austen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det fjernaustlege føderasjonsdistriktet i Russland

Russisk fjerne austen (russisk Да́льний Восто́к Росси́и, Dálnij Vostók Rossíj) er ei eldre nemning for den austlegaste delen av Russland, distrikta 1-5 og 7-8 på kartet. Av og til brukte ein omgrepet Russisk fjerne austen berre om den sørlege delen av dette området – distrikta 1, 2, 4, 7 og 8. Det er altså tale om dei fjernaste, austlege delane av Russland mellom Bajkalsjøen og Stillehavet.

I offisiell russisk språkbruk svarar Russisk fjerne austen til Det fjernaustlege føderale distriktet, som blei oppretta i år 2000. Det dekkjer dette området og grensar til Det sibiriske føderale distriktet i vest.

I Russland er regionen oftast berre blitt kalla Fjerne austen (russisk Дальний Восток).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]