Russisk folkeminne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Russisk folklore)
Palekh-miniatyr av eventyrfiguren Vasilisa den vene.

Russisk folkeminne er dei nedervde tradisjonane til russarar og andre folkegrupper frå Russland.

Russisk folklore har røter i dei heidenske skikkane til gamle slaviske folk, med påverknad frå ei rekkje andre kulturar gjennom historia.[1]

Episke russiske bylinaer er ein viktig del av slavisk mytologi. Ein del russiske diktarar, som Pjotr Jersjov og Leonid Filatov, laga fleire kjende poetiske fortolkingar av klassiske russiske eventyr, og nokre høve, som med Aleksandr Pusjkin, skapte dei også eigne kunsteventyr-dikt som blei særs populære. Mange russiske eventyr og bylinaer er filmatiserte som animasjonar eller spelefilmar av kjende regissørar som Aleksandr Ptusjko (Ilja Muromets, Sadko) og Aleksandr Rou (Morozko, Vasilisa den vene).

Høgtider[endre | endre wikiteksten]

Frå ei russisk jonsokfeiring i 2019.

Masljanitsa ('smør') markerer slutten på våren, og er ei gammal, særeigen russisk høgtid. Til denne høgtida serverer ein mellom anna pannekaker med kaviar, fisk, nøtter, honningkaker og drikk te og gjerne også vodka.[1]

Til påske serverer ein bakverk som påskekake og søtt brød, pasjka og pynta egg, pysanka.[1] Fyrste sundagen etter påske kan ein feira antipaskha eller raudås-dagen.[1]

Troitsa eller pinse kan ein dekorera hus med bladrike greiner og laga kransar av bjørkegreiner og blomar.[1]

Den russiske feiringa av jonsok (Ivan Kupalo) blir feira ved vatn, der ein kan ha piknik eller sjå fyrverkeri frå elvebreidder.

På slutten av sommaren er det tre folkehøgtider for honning, epler og nøtter som saman er kjende som spas.[1]

Gamle russiske høgtider kan markerast med tradisjonskost og gatefestar der ein bruker tradisjonelle klede som høgtidsblusen kosovorotka eller sarafandrakt, eventuelt med hovudplagg som skaut eller kokosjnik.[1]

Folkelitteratur[endre | endre wikiteksten]

Bogatyrar av Viktor Vasnetsov. Tre heltar frå russisk mytologi: Dobrynja Nikititsj, Ilja Muromets og Aljosja Popovitsj.
'Øya Bujan' (1905) av Ivan Bilibin

Det finst prov på russiske folkeeventyr frå så tidleg som 1100-talet, og dei fanst truleg også før dette.[2][3] Det er likevel ikkje att mykje av eldre eventyr, ettersom ikkje-kristne forteljingar blei undertrykte acv kyrkja.[2] Det var strengt forbode å fortelja folkeeventyr på 1100-talet, og kanskje tidlegar,[2][3] og i nokre høve blei brot mot forbodet straffa med døden.[2] Fyrst på 1500-talet byrja ein skriva ned russiske eventyr, og ikkje før i 1838 blei ei samling ekte russiske folkeeventyr gjevne ut av Bogdan Bronitsyn.[2]

Dei eldste bylinaene av Kiev-syklusen blei for det meste skrivne ned i Nordvest-Russland, særleg i Karelen, der ein også samla inn det meste av det finske nasjonaleposet Kalevala.

Eventyr i sovjetisk tid[endre | endre wikiteksten]

Animasjonsfilmen Tsar Durandaj frå 1934 byggjer på eit russisk eventyr.

Folkloristar i dag reknar Sovjetunionen på 1920-talet som ein gullalder for folklore. Dei nye styresmaktene, som hadde hendene fulle med å skipa eit nytt system for administrasjon og fornya den gammaldage økonomien til landet, hadde fyrst ikkje tid til å kontrollera litteraturen, så studiar av folklore blømde fritt. Det var to hovudtrender for studiar av folklore i dette tiåret: den formalistiske og den finske skulen. Formalisme la vekt på den kunstnariske forma til gamle bylinaer og eventyr, særleg bruken deira av særmerkte strukturar og poetiske verkemiddel.[4] Den finske skulen tok for seg sambandet til nærskylde soger frå ulike delar av Aust-Europa. Finske forskarar samla liknande soger frå fleire ulike stader og analyserte likskapar og ulikskapar i forsøk på å finna ut korleis desse tekstane hadde spreidd seg.[5]

Etter at Josef Stalin kom til makta og innførte sin fyrste femårsplan i 1928, byrja dei sovjetiske styresmaktene å kritisera og sensurera folklorestudiar. Stalin og sovjetregimet undertrykte folklore, som dei meinte støtta opp om det gamle tsar-styre og ein kapitalistisk økonomi. Dei såg på det som minne om eit gammaldags samfunn som bolsjevikane prøvde hardt å avvikla og erstatta med sitt eige system.[6] For å halda folklorestudiar i sjakk og hindra at «upassande» idear spreier seg blant massane, oppretta regjeringa den russiske foreininga for proletariske forfattarar. Foreininga fokuserte spesifikt på å sensurera eventyr og barnelitteratur, og meinte at fantasi og «borgarleg tullskap» skadde utviklinga av gode sovjetiske borgarar. Eventyr blei tekne vekk frå bokhyller og ungar blei oppmuntra til å lesa bøker om natur og vitskap.[7] Den russiske foreininga for proletariske forfattarar utvida etterkvart graden av sensur, og blei til Den sovjetiske forfattarforeininga i 1934.

For å fortsetja å undersøka og analysera folklore, trong intellektuelle å rettferdiggjera verdien sin for det kommunistiske regimet. Elles ville samlingar av folklore, saman med all annan litteratur som blei sett på som ubrukeleg i samband med Stalin sin femårsplan, vera eit uakseptabelt studium. I 1934 heldt Maksim Gorkij ein tale for Den sovjetiske forfattarforeininga der han heldt fram at folklore faktisk kunne brukast bevisst til å spreia kommunistiske verdiar. I tillegg til å forklara den kunstnariske verdien av folklore, understreka han at tradisjonelle legender og eventyr viste ideelle, samfunnsorienterte karakterar som eksemplifiserte den sovjetiske statsborgaren.[8] Folklore, med mange av konfliktane sine baserte på strevet knytt til å leva i arbeidarklassen, var relevant for kommunismen, då han ikkje kunne ha eksistert utan det direkte bidraget til arbeidarklassen.[9] Gorkij forklarte òg at folklorekarakterar uttrykte stor optimisme, og derfor kunne oppmuntra lesarane til å halda oppe eit positivt tankesett, spesielt sidan liva endra seg med den vidare utviklinga av kommunismen.[10]

Jurij Sokolov, leiaren for folkloreavdelinga ved Den sovjetiske forfattarforeininga, fremma òg studiet av folklore ved å hevda at folklore opphavleg hadde vore den munnlege tradisjonen til det arbeidande folket, og følgjeleg kunne brukast til å motivera og inspirera kollektive prosjekt blant proletariatet i samtida.[11] Karakterar i tradisjonelle russiske folkeeventyr var ofte på ei reise av sjølvoppdaging, ein prosess som førte til at dei ikkje verdsette seg sjølv som individ, men heller som ein nødvendig del av ein felles heilskap. Haldningane til slike legendariske karakterar var parallelle med tankegangen som den sovjetiske regjeringa ønskte å innpoda hjå innbyggarane sine.[12] Han peika òg på eksistensen av mange historier som viste at medlemmer av arbeidarklassen overlista dei vonde meistrane sine, og igjen arbeidde for å bevisa verdien av folkloren for sovjetisk ideologi og samfunnet i nasjonen generelt.[13] Styresmaktene og Den sovjetiske forfattarforeininga blei overtydd av argumenta, og byrja å samla og evaluera folklore frå heile landet. Foreininga valde ut og skreiv ned særskilde historier som i deira auge tilstrekkeleg fremja den kollektivistiske ånda og viste fordelene og framgangen til sovjetregimet. Deretter distribuerte dei godkjende historier til heile befolkninga. Det oppstod også lokale folkloresenter i alle større byar.[14] Desse organisasjonane, som var ansvarlege for å spreia sovjetnasjonalisme blant folk, sørgde for at media gav ut passande versjonar av russiske folkeeventyr på ein systematisk måte.[15]

Bortsett frå å sirkulera regjeringsgodkjente eventyr og bylinaer som allereie eksisterte, skreiv forfattarar som følgde godkjend sovjetisk ideologi under Stalin sitt styre kommunistiske eventyr og introduserte dei for befolkninga. Desse moderne eventyra kombinerte strukturane og motiva til den gamle bylinaen med det moderne livet i Sovjetunionen. Dei nye historiene blei kalla noviny, og blei haldne fram som ein renessanse av det russiske eposet.[16] Folkloristar blei bedne om å læra moderne folkesongarar den konvensjonelle stilen og strukturen til tradisjonelle bylinaer. Dei forklarte òg utøvarane dei rette typane kommunistisk ideologi som skulle vera representerte i dei nye historiene og songane.[17] Sidan utøvarar på den tida ofte var dårleg utdanna, trong dei å få ei grundig forståing av marxistisk ideologi før dei kunne forventast å formidla folkeeventyr til publikum på ein måte som passa den sovjetiske regjeringa. I tillegg til å ha gjennomgått ei omfattande opplæring, reiste mange folkekunstnarar gjennom heile landet for å få innsikt i livet til arbeidarklassen, og dermed kommunisera historiene sine meir effektivt.[18] På grunn av den avgjerande rolla si med å spreia kommunistiske ideal i heile Sovjetunionen, blei nokre av desse utøvarane til slutt høgt verdsette medlemmer av det sovjetiske samfunnet. Ei rekke av dei blei, sjølv om dei kunne vera analfabetar, valde som medlemmer av Den sovjetiske forfattarforeininga.[19]

Dei nye sovjetiske eventyra og folkesongane la hovudsakleg vekt på skilnaden mellom eit hardt liv i det gamle Tsar-Russland og eit betra liv under leiarskapen til Stalin.[20] Karakterane deira representerte identitetar som sovjetiske borgarar skulle streva etter, og eksemplifiserte eigenskapane til «den nye sovjetiske mannen.»[21] Heltane til sovjetiske historier var meinte å skildra ein transformert og forbetra versjon av den gjennomsnittlege borgaren, noko som gav lesaren eit klart mål for eit ideelt samfunnsorientert sjølv som framtida han eller ho var meint å bli. Desse nye folkeeventyra erstatta magi med teknologi, og overnaturlege krefter med Stalin.[22] I staden for å få viktige råd frå eit mytisk vesen, kunne hovudpersonen få råd frå ein allvitande Stalin. Om han følgde råda til Stalin, kunne han vera sikra suksess i alle prøvingan sine og ein fullstendig transformasjon til «den nye sovjetiske mannen.»[23] Skurkane i desse moderne eventyra var «dei kvite» og leiaren deira Idolisce, som tilsvarte tsaren. Skildringar av dei kvite i nyheita speglar dei av tartarane i bylinaer.[24] I desse nye historiene var dei kvite inkompetente, stilleståande kapitalistar, medan dei sovjetiske innbyggarane blei uovervinnelege heltar.[25]

Etter at Stalin døydde i mars 1953, forlet folkloristane raskt dei nye eventyra. Noviny var skrivne av einskilde forfattarar og utøvarar, og kom ikkje frå den munnlege tradisjonen til arbeidarklassen. I dag er dei rekna som pseudo-folklore, heller enn verkeleg sovjetisk (eller russisk) folklore.[26] Utan ei sann tilknyting til massane var det ingen grunn til at noviny skulle vurderast som noko anna enn samtidslitteratur. Spesialistar bestemte seg for at forsøk på å representera det moderne livet gjennom strukturen og kunsten i dei gamle eposa ikkje kunne vurderast som ekte folklore.[27] Stalin sitt namn er blitt utelate frå dei få overlevande pseudo-eventyra frå denne tida.[28] I staden for å rekna folklore under Stalin som ein renessanse for det tradisjonelle russiske eposet, blir det i dag vanlegvis rekna som ei tid av avgrensing og forfalsking.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 «Russia - Cultural life», Encyclopedia Britannica (på engelsk), henta 23. september 2021 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Sokolov, Yuriy M. (1971) [1950]. Russian Folklore. Sett om av Smith, Catherine R. Detroit: Folklore Associates. s. 26–404. ISBN 978-0-8103-5020-5. 
  3. 3,0 3,1 Propp, Vladimir (2012). The Russian Folktale. Sett om av Forrester, Sibelan. Detroit: Wayne State. s. 11. 
  4. Felix J. Oinas, "Folklore and Politics in the Soviet Union," Slavic Review 32 (1973): 45.
  5. Oinas, "Folklore and Politics," 46.
  6. Felix J. Oinas, "The Political Uses and Themes of Folklore in the Soviet Union," Journal of the Folklore Institute 12 (1975): 157.
  7. William B. Husband, "’Correcting Nature's Mistakes’: Transforming the Environment and Soviet Children's Literature, 1828–1941," Environmental History 11 (2006): 304.
  8. Grimes Farrer, "The Soviet Folktale as an Ideological Strategy for Survival in International Business Relations," Studies in Soviet Thought 13 (1973): 55.
  9. Grimes Farrer, "The Soviet Folktale as an Ideological Strategy for Survival in International Business Relations," Studies in Soviet Thought 13 (1973): 55.
  10. Oinas, "Folklore and Politics," 46.
  11. Frank J. Miller, "The Image of Stalin in Soviet Russian Folklore," Russian Review 39 (1980): 51.
  12. Margaret Schlauch, "Folklore in the Soviet Union," Science and Society 8 (1944): 213.
  13. Schlauch, "Folklore in the Soviet Union," 215.
  14. Oinas, "Political Uses and Themes," 160.
  15. Oinas, "Folklore and Politics," 46.
  16. Oinas, "Political Uses and Themes," 169.
  17. Oinas, "Political Uses and Themes," 161.
  18. Miller, "Image of Stalin," 54.
  19. Oinas, "Political Uses and Themes," 164.
  20. Oinas, "Folklore and Politics," 48.
  21. Farrer, "Ideological Strategy," 57.
  22. Schlauch, "Folklore in the Soviet Union," 220.
  23. Miller, "Image of Stalin," 55.
  24. Oinas, "Political Uses and Themes," 166.
  25. Husband, "Transforming the Environment," 305."
  26. Oinas, "Political Uses and Themes," 172.
  27. Miller, "Image of Stalin," 64.
  28. Oinas, "Political Uses and Themes," 172.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Russisk folkeminne