Russisk litteratur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Side frå Nikonkrønika, samla under Ivan den grusame på midten av 1500-talet.

Russisk litteratur er litteratur forfatta på russisk i Russland eller av russisk-talande folk utanfor landet. Russisk litteraturhistorie kan delast inn i fire avgrensa hovudperiodar – den gammalrussiske (før Peter den store), litteratur frå tsartida, etter-revolusjonær litteratur og post-sovjetisk litteratur.[1] Den innverknadsrike litteraturkritikaren Vissarion Belinskij, fastsette året 1739 som byrjinga på den russiske litteraturen.[1] Den russiske revolusjonen i 1917 med statskuppet til bolsjevikane gjorde i eitt slag «offisiell» russiskspråkleg litteratur til eit propagandainstrument for Sovjetunionen.[1] Med maktovertakinga til Gorbatsjov i 1985 og samanbrotet til Sovjetunionen i 1991 blei det litterære klimaet igjen radikalt endra.[1]

Det var fyrst på 1800-talet at russisk litteratur kom i dialog med Vesten – ikkje minst Frankrike – og blei ein del av verdslitteraturen.[2] Her høyrer blant anna den russiske nasjonalskalden Aleksandr Pusjkin, dramatikaren Anton Tsjekhov og prosaforfattarane Nikolaj Gogol, Ivan Turgenjev, Ivan Gontsjarov, Fjodor Dostojevskij og Lev Tolstoj til. Blant 1900-talsforfattarane kan ein merka seg Anna Akhmatova, Marina Tsvetajeva, Osip Mandelstam, Vladimir Majakovskij, Maksim Gorkij, Andrej Belyj, Jevgenij Zamjatin, Andrej Platonov, Mikhail Bulgakov, Vladimir Nabokov (som seinare skreiv på engelsk), og nobelprisvinnarane Ivan Bunin, Boris Pasternak (som blei tvinga til å avslå), Mikhail Sjolokhov, Aleksandr Solzjenitsyn (som kunne motta prisen etter å ha blitt tvinga i eksil) og Joseph Brodsky (som seinare blei amerikansk statsborgar og skreiv essay på engelsk). I 2015 fekk den kviterussiske forfattaren Svetlana Aleksijevitsj, som skriv på russisk, Nobelprisen for sine dokumentarromanar.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Den russiske litteraturen kan førast tilbake til innføringa av kristendommen i 988. Han bestod av omsetjingar av bysantinske helgenlegender, liturgiske bøker og evangelia (som Ostromir-evangeliet frå 1057) til kyrkjeslavisk. Frå 1000-talet blei det skrive originale verk i Kievriket. Nokre av dei viktigaste verka er legenda om Boris og Gleb, St. Theodosius-vitaet skrive av munken Nestor, Nestorkrønika (ca. 1113) og det kjende Igorkvadet (ca. 1187).[3]

Tatarveldet frå midten av 1200-talet gjorde det russiske området meir isolert frå Europa, slik at renessanseideane aldri kom dit.[2] Moskva blei etter kvart det statsdannande senteret på 1400-talet, og litteraturen blei sterkare knytt til staten og kyrkja.[2] Russarane overvann tatarane på midten av 1500-talet under Ivan IV (den grusame). Med fallet til Konstantinopel for osmanarane og den auka makta i Moskva blei eit viktig tema i litteraturen korleis den austromerske andelege og verdseige makta blei overteken av Moskva. Munken Philoteus skreiv mellom 1514 og 1521 ein epistel till Vasilij III der han erklærte Moskva som eit tredje Roma etter Konstantinopel.[1] Moskvamakta bestilte ei rad omfattande oppslagsverk og kodifiseringar av lovar. Til desse høyrer Velikije Minej-tsjeti, eit enormt oppslagsverk over martyrar, og Ulozjenije ('Lovboka').[1] På denna tida bløma og folkelitteraturen i form av bylinaer, episke heltesoger.[2]

I heile denne perioden følgde litteraturen gamle mønster. Den rike folkediktinga som voks fram gjennom hundreåra er av høg kunstnerisk verdi, men byrja først bli skriven ned på 1600-talet. Det sjølvbiografiske vitaet til presten Avvakums er eit viktig litterært verk frå 1600-talet som etter at det blei gjeve ut i 1861 innleia ei rekkje av martyrforteljingar skrivne av dissidentar forviste til Sibir, i tsartida så vel som under sovjetregimet.[3]

1700-talet[endre | endre wikiteksten]

Lubok med illustrasjon til Ivan Krylov sin fabel om elefanten og mopsen.

Peter den store sine reformer førte til snøgge endringar i det russiske samfunnet, med eit kulturelt skilje så skarpt at det lenge var vanleg å hevda at russisk litteratur først hadde oppstått på 1700-talet.[1] Reformene fekk stor tyding for livet til overklassen, både når det galdt klede, vaner, sosialt liv og utdanning. Russarar blei sende til Vest-Europa for å studera og ein lærte seg i større grad framande språk.[1] Som eit resultat av dette nye levesettet oppstod det ei enorm kulturell kløft mellom adelen og allmugen, noko som blei eit sentralt tema i russisk litteratur.[1]

Frå midten av 1600-talet og utover på 1700-talet blei dei bysantinske førebilda fortrengde av vesteuropeiske sjangrar og stilartar. Innverknaden kom først via Polen (polsk-jesuittisk skulebarokk). Det blei også utvikla eit russisk litterært språk etterkvart som kyrkjeslavisk viste seg å vera utilstrekkeleg for vyene til forfattarane.[1] Etter ei tid med språkleg kaos følgde ei standardisering av det russiske litterære språket.[1] Gjennom verk som 'Reglar for russisk versifikasjon' (1739), 'Kort rettleiing i veltale' (1748) og 'Russisk grammatikk' (1757) hjelpte Mikhail Lomonosov til med å grunnleggja det russiske litteraturspråket.[4] Store mengder klassisk og vestleg litteratur blei omsett til russisk.[1]

Mikhail Lomonosov la grunnlaget for ein litteratur etter mønster av tysk barokk og fransk klassisisme, som etter kvart blei den herskande retninga på 1700-talet. Antiokh Kantemir skreiv satirar og Ivan Khemnitser skreiv fablar, ein sjanger som blei perfeksjonert av Ivan Krylov. Den fremste tragedieforfattaren var Aleksandr Sumarokov, medan den satiriske komedien blei representert av Denis Fonvizin. Odediktaren Gavrila Derzjavin peika seg ut dette hundreåret.[3]

Dei radikale ideane til dei franske opplysningsfilosofane blei kombinerte med danningsideala til frimurarane hjå Aleksandr Radisjtsjev og Nikolaj Novikov. Ved slutten av 1700-talet innførte Nikolaj Karamzin den europeiske sentimentalismen, som i byrjinga av 1800-talet gjekk over i førromantikken, representert ved Vasilij Zjukovskij og Konstantin Batjusjkov.[3]

1800-talet og tida fram til revolusjonen[endre | endre wikiteksten]

Framside til ei eventyrbok av Pusjkin. Illustrasjon av Ivan Bilibin.

Diplomaten Aleksandr Gribojedov skreiv ein satirisk komedie, Den ulykke å ha forstand (1822–23), som kombinerer nærmiljøskildring og konvensjonell klassisisme. Komedien gjorde lukke i manuskriptform, men sensuren hindra han frå å bli trykt eller oppført.[5]

Aleksandr Pusjkin førte saman straumdraga i tida i ein en syntese som oppheva også dei klassisistiske stil- og sjangerkonvensjonane. Til krinsen kring han høyrde blant anna lyrikarane Jevgenij Baratynskij, Denis Davydov, Anton Delvig og Nikolaj Jazykov, som alle opptok klassisistiske og romantiske trekk i si dikting. Meir reindyrka romantikarar var Dimitrij Venevitinov og Vladimir Odojevskij, som begge var påverka av tysk romantisk filosofi, og den Byron-påverka Mikhail Lermontov. Representantar for den romantiske romanen var Aleksandr Bestuzjev-Marlinskij og Mikhail Zagoskin. Begge var lenge gløymde, men deira romantiske skildringar av russisk krigføring i Kaukasus har i nyare tid blitt teke opp att i postkolonial litteraturforsking.[3]

Frå 1840-åra dominerte realismen. Denne blei innleidd av mellom anna Pusjkin sin prosa og Lermontov sin roman Vår tids helt, men det var dei groteske satirane til Nikolaj Gogol som blei utgangspunkt for denne sterkt samfunnskritiske retninga. I dei følgjande tiåra utvikla den realistiske romanen seg raskt og blei med Fjodor Dostojevskij, Lev Tolstoj og Ivan Turgenjev Russland sitt fremste bidrag til verdslitteraturen. Andre store namn er Ivan Gontsjarov, Sergej Aksakov, Mikhail Saltykov-Sjtsjedrin og Nikolaj Leskov. Den fremste dramatikaren i perioden var Aleksandr Ostrovskij.[3]

Frå «populistane» (narodniki) kom det frå 1870-åra fleire skildrarar av liva til småfolk og bønder, mellom anna Nikolaj Zlatovratskij, Gleb Uspenskij og Vladimir Korolenko. Utover i 1880- og 1890-åra fekk litteraturen ein pessimistisk grunntone som er avspegla i lyrikken til Semjon Nadson, novellene til Vsevolod Garsjin og forteljingane og skodespela til Anton Tsjekhov. Symbolisten Andrej Belyj fornya prosaen. På byrjinga av 1900-talet blei pessismismen nesten patologisk hjå Leonid Andrejev, medan verka til Maksim Gorkij var prega av sosial tendens og romantisk tru på mennesket. I hans krins fann ein mellom anna Aleksandr Kuprin og Ivan Bunin. Futuristen Vladimir Majakovskij stod fram som ein av leiarane for den russiske modernismen.[3]

I lyrikken var Nikolaj Nekrasov representant for den samfunnskritiske diktinga, medan Afanasij Fet, Apollon Majkov, Jakov Polonskij, Fjodor Tjuttsjev og Aleksej K. Tolstoj heldt fram med tanke-, natur- og kjærleikslyrikken. I 1890-åra blei lyrikken fornya gjennom påverknad frå europeiske modernistiske retningar av «dekadentene» Konstantin Balmont og Fjodor Sologub og symbolistane Valerij Brjusov, Vjatsjeslav Ivanov og Aleksandr Blok.[3]

Sovjettida[endre | endre wikiteksten]

Mikhail Sjolokhov vann Nobelprisen i litteratur for romanen Stille flyter Don.

Den russiske revolusjonen og borgarkrigen frå 1918 til 1921 og innføringa av Sovjetunionen markerer eit skilje i russisk litteratur. Mange forfattarar flykta frå landet, anten som følgje av den kaotiske tilstanden eller i opposisjon til det nye regimet. Diktaren Anna Akhmatova fekk hemmeleg publiseringsforbod i 1925, medan Marina Tsvetajeva drog i eksil. 1920-åra hadde likevel rik variasjon og mange litterære grupperingar.[3] For ein generasjon unge forfattarar blei revolusjonen eit startskot for ein ny litteratur.[6] Som i litteraturen frå tsartida hadde sovjetlitteraturen eit eksperimentelt språk og fokus på tunge filosofiska spørsmål.[1] To forfattarar som hadde ei relativt fri haldning til sovjetregimet var Ilja Ehrenburg og Isaac Babel. Ehrenburg ironiserte over Sovjetunionen og var eit irritasjonselement for regimet på 1920-talet. Seinare kom han til å endra retning og skriva litteratur som var meir i stil med det offisielle kulturprogrammet.[7] Isaac Babel skildra borgarkrigen og tok til ordet for viktigheita av litterær kvalitet i sovjetstaten. Han kom senare til å fengslast som påstått spion og terrorist, og avrettast i 1940.[7]

Det gjekk eit hovudskilje mellom dei kommunistiske proletarforfattarane og dei såkalla «medløparane» (poputsjiki), som ikkje ville engasjera seg politisk. Blant dei fremste proletarforfattarane var prosaistane Aleksandr Fadejev, Dmitrij Furmanov, Fjodor Gladkov og Mikhail Sjolokhov, dramatikarane Konstantin Trenjov og Vsevolod Visjnjevskij og lyrikarane Demjan Bednyj og Aleksandr Bezymenskij. Til «medløparane» høyrde prosaistane Konstantin Fedin, Vsevolod Ivanov, Venjamin Kaverin og Leonid Leonov, og lyrikaren Nikolaj Tikhonov. Medan proletarforfattarane stort sett følgde den realistiske tradisjonen frå 1800-talet, gjekk desse i høg grad inn for stilmessig fornying både i poesi og prosa.[3]

Proletarforfattarane tematiserte industrireisinga i landet. Særleg kjend blei Fjodor Gladkov sin roman Sement (1925), mønsteret for alle produksjonsromanar under femårsplanane frå 1928. Under den første femårsplanen blei også forfattarane mobiliserte ved at partiet i 1932 oppløyste alle forfattargruppene og samla dei i eit sameint forfattarforbund, som på sin første kongress i 1934 under leiing av Maksim Gorkij proklamerte den såkalla sosialistiske realismen som forpliktande metode for alle sovjetforfattarar. Mange av «medløparane» slutta å skriva under den aukande einsrettinga, medan andre gjekk inn for det nye programmet. Blant dei beste skildrarane av femårsplanar og kollektivisering er Leonid Leonov, Mikhail Sjolokhov, Valentin Katajev og Fjodor Panfjorov. Den veksande sovjetpatriotismen og stalinkulten medførte fornying av den historiske romanen, med Aleksej N. Tolstoj som fremste representant.[3]

Den andre verdskrigen førte med seg ein rik krigslitteratur, med namn som Konstantin Simonov, Boris Gorbatov, Vasilij Grossman, Ilja Erenburg, Aleksandr Fadejev, Vera Inber, Nikolaj Tikhonov og Aleksandr Tvardovskij, men utover i 1940-åra spelte gjenreising og nyreising størst rolle. Ved ein skarp resolusjon i 1946 mot «antifolkelege» tendensar i litteraturen, retta mot mellom andre Anna Akhmatova og Mikhail Zosjtsjenko, strama partiet igjen kontrollen. Etter at Stalin døydde i 1953 byrja nye diskusjonar om litteraturen si «skjønmaling» av røyndommen, men på den andre kongressen til forfattarforbundet i 1954 blei den sosialistiske realismen gjort framleis forpliktande.[3]

Tida etter Stalin[endre | endre wikiteksten]

«Galleri av dei undertrykte» i Borovsk frå 2016. Til venstre er Aleksandr Solzjenitsyn avbilda.

«Avstaliniseringa» som tok til etter den 20. partikongressen i februar 1956 gav litteraturen friare kår. Fleire tidlegare fordømte forfattarar blei «rehabiliterte», og det blei gjeve ut mange sterkt kritiske verk, som Ikke av brød alene (1956) av Vladimir Dudintsev og En dag i Ivan Denisovitsj' liv (1962) av Aleksandr Solzjenitsyn. Eit friare emneval førte også med seg ei stilistisk og formell fornying, mest utprega hjå den unge diktargenerasjonen, med lyrikarar som Bella Akhmadulina, Jevgenij Jevtusjenko, Robert Rozjdestvenskij, Jevgenij Vinokurov og Andrej Voznesenskij, og prosadiktarar som Vasilij Aksionov, Jurij Kazakov, Anatolij Kuznetsov, Jurij Nagibin og Vladimir Tendrjakov.[3]

Denne utviklinga fekk likevel tilbakeslag. Boris Pasternak blei tvinga til å seia frå seg Nobelprisen i 1958 etter valdsam hets, og måtte gje ut romanen Dr. Zjivago i Vesten. I 1960-åra følgde ei rekkje prosessar mot forfattarar og intellektuelle, som blei dømde for å ha gjeve ut antisovjetiske verk i utlandet (saka mot Julij Daniel og Andrej Sinjavskij i 1966), for å ha gjeve ut ulovlege verk og hatt samband med utanlandske antisovjetiske organisasjonar (saka mot Jurij Galanskov, Aleksandr Ginzburg og andre i 1968), for å ha teke del i protestdemonstrasjonar og for bakvasking av Sovjetunionen (prosessar i 1967–78 mot mellom anna Vladimir Bukovskij, Vadim Delone, Pavel Litvinov og Aleksandr Jesenin-Volpin). Straffene var tvangsarbeid, fengsel, forvising og innesperring i psykiatriske klinikkar. Mange andre forfattarar blei sende i eksil eller hoppa sjølv av.[3] Ein del forfattarar gav opp den tidlegare forfattarskapen sin for tryggare felt som barnebokproduksjon eller omsetjing. Andre, som Valentin Katajev, Nikolaj Ostrovskij og Aleksej Tolstoj, skreiv offisielt godkjend sovjetisk litteratur.[1]

Frå 1960-åra og fram til perestrojkatida i 1980-åra fanst det ein relativt vidt utbreidd ikkje-offisiell, halvt illegal publiseringsmåte i form av stensilerte trykk, såkalla samizdat ('sjølvforlag'), som gav ut verk som ikkje blei gjevne ut av statsforlaga. I tillegg kom tamizdat ('derforlag'), utgjeving på vestlege forlag, det vil seia ein sovjetisk diaspora-litteratur, som i tillegg til emigrantlitteraturen også omfatta verk smugla ut av landet. Frå midten av 1980-åra blei ei lang rekkje forbodne verk av mellom anna Akhmatova, Bulgakov, Platonov, Pasternak og Zamjatin offentleggjorde i Sovjetunionen.[3]

Medan litteraturen i 1960-åra var moskvasentrert og dominert av lyrikk-avantgarden, med blant andre Jevtusjenko, Voznesenskij og Akhmadulina, ko det ved overgangen til 1970-åra ei forskyving i retning av prosaen, samtidig som provinsforfattarar gjorde seg stadig sterkare gjeldande: Valentin Rasputin frå Sibir, kirgisaren Tsjingis Ajtmatov, kviterussaren Vasil Belov og andre. Saman med dei sentralrussiske landsbyforfattarane, blant andre Fjodor Abramov og Boris Mozjajev, prega dei russisk litteratur fram til midten av 1980-åra. I motsetnad til både den tradisjonelle sovjetlitteraturen og avantgardelyrikken konsentrerte dei seg om dagleglivet, om sorger og bekymringar til vanlege folk, samtidig som dei tok opp tema som framleis var heilt eller delvis tabu, som tvangskollektiviseringa, hungersnauda og konsentrasjonsleirane.[3]

Etter sovjettida[endre | endre wikiteksten]

Frå den russiske bokmessa Non/fiction i 2021.

Slutten av 1900-talet var ei endringstid for russisk litteratur. Verk som hadde vore forbodne blei tilgjengeleg, og forfattarar som var blitt fråtekne statsborgarskap kunne venda tilbake. Skiljet mellom litteratur frå innland og utland blei utviska. På denne tida oppstod ein eigen russisk postmodernisme som var rik på radikal eksperimentering, sitat og pastisj.[1] Sjølv om skribentar stod friare til å uttrykka seg då sensuren forsvann med Sovjetunionen, påverka det politiske og økonomiske kaoset i 1990-åra bokmarknaden og litteraturen kraftig. Forlagsindustrien gjekk inn i ei krise, talet på trykka bøker gjekk tilbake mange gonger i høve til kva det hadde vore under sovjettida, og det tok rundt eit tiår for industrien å reisa seg att.

Nokre av dei mest omtalte forfattarane frå denne perioden er Viktor Pelevin, som først blei populær med noveller og seinare med romanar, romanforfattaren og dramatikaren Vladimir Sorokin og diktaren Dmitrij Prigov. Kvinnelege forfattarar som novelleforfattarane Tatjana Tolstaja og Ljudmila Petrusjevskaja og romanforfattarane Ljudmila Ulitskaja og Dina Rubina har fått større merksemd. Den klasisske russiske romantradisjonen har halde fram med forfattarar som Mikhail Sjisjkin og Vasilij Aksyonov.

Krimromanar er blitt ein populær sjanger i ny russisk litteratur. På 1990-talet blei krimseriar av Aleksandra Marinina, Polina Dasjkova og Darja Dontsova utgjevne i millionar av eksemplar. Det neste tiåret skreiv Boris Akunin sofistikert populærlitteratur, som ein serie om detektiven Erast Fandorin på 1800-talet.

Science fiction og fantasy fekk eit oppsving seint på 1990-talet med forfattarar som Sergej Lukjanenko, Nick Perumov, Marija Semjonova, Vera Kamsja, Aleksej Pekhov, Anton Vilgotskij og Vadim Panov. Ein god del moderne russisk science fiction og fantasy er blitt skriven i Ukraina, med Kharkiv i Aust-Ukraina som eit sentrum.[8]

På 2000-talet tredde ein ny generasjon russiske forfattarar fram med verk som skilde seg frå den postmodernistiske russiske prosaen frå slutten av 1900-talet. Kritikarar omtalte stilen deira som «ny realisme».[9] Desse «nye realistane» hadde vakse opp etter at Sovjetunionen fall, og skreiv om kvardagsliv utan å bruka mystiske og surrealistiske element slik føregangarane deira hadde gjort. Viktige namn innan denne gruppa er Ilja Stogoff, Zakhar Prilepin, Aleksandr Karasjov, Arkadij Babstjenko, Vladimir Lortsjenkov og Aleksandr Snegirjov.[10] I nyare litteratur finn ein også historiske romanar, til dømes av Aleksej Ivanov, samfunnsengasjert litteratur av til dømes Sergej Sjargunov og ulike hybridformer som nytta sjangertrekk frå (sjølv)biografi, dokumentar og skjønnlitteratur. Ein finn også nasjonalpatriotisk litteratur hjå til dømes Aleksandr Prokhanov og glamourlitteratur hjå Oksana Robski.[11]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,00 1,01 1,02 1,03 1,04 1,05 1,06 1,07 1,08 1,09 1,10 1,11 1,12 1,13 1,14 «Russian literature», Encyclopedia Britannica (på engelsk), henta 18. januar 2019 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Nationalencyklopedin, på internet, 26. juni 2008, uppslagsord: Ryska federationen
  3. 3,00 3,01 3,02 3,03 3,04 3,05 3,06 3,07 3,08 3,09 3,10 3,11 3,12 3,13 3,14 3,15 Børtnes, Jostein; Lunde, Ingunn (10. april 2018). «Russlands litteratur». Store norske leksikon (på norsk).  (fri artikkel)
  4. Nationalencyklopedin, på internet, 27 juni 2008, uppslagsord: Lomonosov, Michail
  5. Børtnes, Jostein (29. oktober 2018). «Aleksandr Gribojedov». Store norske leksikon (på norsk). 
  6. Bernt Olsson & Ingemar Algulin: Litteraturens historia i världen, Norstedts Förlag, Stockholm 2005, Fjärde upplagan, s. 540. ISBN 91-7227-434-4. 
  7. 7,0 7,1 Bernt Olsson & Ingemar Algulin: Litteraturens historia i världen, Norstedts Förlag, Stockholm 2005, Fjärde upplagan, s. 541. ISBN 91-7227-434-4. 
  8. «Kharkov Ukraine». Ukrainetravel.com. Henta 16. desember 2017. 
  9. «Аристов, Денис (Aristov, Denis) “О природе реализма в современной русской прозе о войне (2000-е годы)» (PDF). Journal Perm State Pedagogical University. 2011. Henta 24. april 2013. 
  10. Yevgeni Popov (21. april 2009). «Who can follow Gogol’s footsteps» (PDF). Matec.ru. Henta 22. april 2013. 
  11. Børtnes, Jostein; Lunde, Ingunn (3. januar 2020). «Russlands litteratur». Store norske leksikon (på norsk bokmål).  (fri artikkel)