Russisk musikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den legendariske skalden Bojan måla av Viktor Vasnetsov i 1910.

Russisk musikk er musikk som er laga i Russland, av russarar eller på russisk. Russland er eit stort og etnisk mangfaldig land med fleire ulike musikktradisjonar. I tillegg til folkemusikk og kyrkjemusikk har landet også ein sterk klassisk musikktradisjon frå 1800-talet av, med nyskapingar på 1900-talet både frå komponistar i eksil og komponistar som verka i Sovjetunionen. Det finst også russiske variantar av nyare musikkformer, som russisk rock, hip-hop og pop.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Ortodoks kyrkjesong til jul.
«Ot junosti moeja» framført av Moskva patriarkkor

Russisk musikk omfattar til å byrja med mellom anna ei mengd gamle, folkelege rituelle songar og episke heltedikt.[1] Desse pleidde ein å framføra utan akkompagnement,[2] noko som gav songaren større rytmisk og tonal fridom. Bylinaer, episke balladar om folkeheltar som Sadko, Ilja Muromets og andre blei ofte sungne, og tekstane til nokre av desse blei skrivne ned og bevarte for ettertida.

Russisk ikon frå 1594 som viser kong David omgjeven av musikarar.

Russisk kyrkjesong var i slekt med den bysantinske, og var lenge einstemmig. Først mot slutten av 1600-talet blei fleirstemmig song akseptert. Då hadde russarane utvikla ein metode kjend som trelinjesong (trojestrotsjnoje penije) med ei melodilinje, diskant og bass. Samanlikna med vestleg musikk kan desse oppfattast som dissonante.[3] Mannskor knytte til kloster og kyrkjer er særleg kjende for bruken sin av den djupe basstemma, basso profundo.[4] Kyrkjemusikken har halde fram å ikkje vera akkompagnert av instrument til moderne tid.[5] Kyrkjeklokkeringing har også ei viktig rolle i kyrkja, der klokkene gjerne blir slått polyrytmisk.

Mykje av den sekulære musikken blei spelt ved høgtider av skomorokhar, gjøglarar og spelemenn som underheldt overklassa. Under den reaksjonære tida etter det store russiske skismaet på 1600-talet blei skomorokhar og musikken deira bannlyste fleire gonger, og instrumenta deira brende. Dei som braut Aleksej av Russland si lov frå 1648 om betring av moral og øydelegging av overtru (Об исправлении нравов и уничтожении суеверий) blei fysisk avstraffa og sende i eksil til Malorossija (noverande Ukraina). Trass i desse innskrenkingane overlevde ein del av tradisjonane deira til nyare tid.[6][7][8]

Moderne tid[endre | endre wikiteksten]

Glinka og nokre av verka hans avbilda på russiske frimerke.

Moskva etterfølgde ved byrjinga av moderne tid Kiev som musikalsk sentrum, og det blei skipa eit hoffkapell der. På byrjinga av 1700-talet fekk tysk og italiensk musikk innverknad i Russland, etter at tsarina Anna Ivanovna fekk henta inn italienske operasongarar til hoffet på 1730-talet.[9] St. Petersburg blei eit nytt musikalsk sentrum. Mot slutten av hundreåret auka atter ein innanlandsk tonekunst fram med kyrkjelege verk, særleg av Dmitrij Bortnjanskij (1751-1825), og orkestermusikk og romansar (Osip Kozlovskij, 1757-1831). Men først med Mikhail Glinka (1804-57) sine operaer Livet for tsaren (1836) og Ruslan og Ljudmila (1842) kom det eit verkeleg nybrot for den russiske musikken, der både vestleg og slavisk tradisjon var til stades.[10]

'Historia om prinsen av Kalendar' frå den symfoniske suiten Scheherazade av Rimskij-Korsakov, framført av San Francisco Symphony Orchestra.

Frå denne tida blei konsertlivet utvikla i Moskva og Sankt Petersburg. Brørne Anton og Nikolaj Rubinstein (1829-94, 1835-81) fekk tyding for repertoar og standard. Det blei skipa til konservatorium og musikkskular. Med Pjotr Tsjajkovskij (1840-93) fekk Russland sin første symfonikar med internasjonalt ry. Samtidig med han var dei såkalla novatorane eller nyrussarane, blant dei Milij Balakirev (1837-1910), Aleksandr Borodin (1833-87), Modest Musorgskij (1839-81) og Nikolaj Rimskij-Korsakov (1844-1908), som sterkare hevda nasjonalromantiske ideal. Operaer som Snegurotsjka, Sadko, Boris Godunov, Prins Igor, Khovansjtsjina og den symfoniske suiten Scheherazade var viktige verk frå denne gruppa, som ofte fann inspirasjon i russisk historie, folkeminne og litteratur.

«Ej, ukhnem!» (Эй, ухнем!), også kjend som «Pramdragernes sang», ei russisk folkevise som her er tolka av Fjodor Sjaljapin.

Frå slutten av 1800-talet blei også såkalla romansesongar av dikt sette til musikk svært populære. Dei kunne framførast av operasongarar som Fjodor Sjaljapin eller av underhaldarar som Aleksandr Vertinskij, Konstantin Sokolskij og Pjotr Lesjtsjenko.

1900-talet[endre | endre wikiteksten]

Stort sovjetisk kor i 1978.

Byrjinga av 1900-talet med omveltingar knytte til den russiske revolusjonen hadde også til endringar i musikklivet. 1920-talet var ei tid med avantgardistisk eksperimentering, inspirert av den revolusjonære ånda. Aleksandr Skrjabin (1872-1915) hadde alt særmerkt seg med musikalske eksperiment som djerv harmonikk. Aleksandr Glasunov (1865-1936) hadde Rimskij-Korsakov som utgangspunkt, men orienterte seg etterkvart meir i vestleg retning. Seinromantikaren Sergej Rakhmaninov (1873-1943), kjend både som komponist, pianist og dirigent, høyrde til dei som forlet heimlandet i 1917. Igor Stravinskij hadde lenge budd i Frankrike, der samarbeidet hans med Djagilev og Den russiske balletten fekk stor tyding. Med djupe røter i tradisjonen blei han ein av dei leiande personlegdomane innan den moderne musikken. Det var stor interesse for nye idear innan musikk, som musikk bygd på syntetiske akkordar.[11] Unionen av sovjetiske komponistar blei skipa i 1932, og la føringar for sovjetisk musikkliv.

Komponisten Sergej Prokofjev (1891-1953) hadde verka fleire år utanlands, men vende tilbake til heimlandet i 1934. Som Dmitrij Sjostakovitsj (1906-75) blir han rekna til dei leiande russiske komponistane i nyare tid, ofte i konflikt med styresmaktene sine direktiv om kva som skulle vera måla og forma til kunsten. Under styret til Stalin blei eksperimentering avvist og klassisisme i form og innhald favorisert.[12] Til dømes blei Sjostakovitsj sin opera 'Lady Macbeth frå Mtsensk' rakka ned på i avisa Pravda, og kort tid etter teken av plakaten i fleire år.

Andre komponistar som er internasjonalt kjende er Nikolaj Mjaskovskij (1881-1950) og elevane hans Aram Khatsjaturjan (1903-78) og Vissarion Sjebalin (1902-63), som tidvis blei skulda for manglande kontakt med folket. Som ein god representant for den sovjetiske musikken kan ein rekna Dmitrij Kabalevskij (1904-87), med band til Musorgskij og Borodin.

«Hymne til Sovjetunionen» spelt inn på 1940-talet.

Aleksandr Aleksandrov (1883–1946) skreiv den sovjetiske nasjonalsongen «Hymne til Sovjetunionen» og den kjende krigssongen 'Den heilage krigen' (Свяще́нная война́, Svjasjtsjennaja vojna). Ivan Dsersjinskij (1909-78) sin opera Stiller flyter Don (1935) blir offisielt rekna som ein sovjetrussisk mønsteropera. Den ukrainske komponisten Julij Mejtus (1903-97) tok mellom anna opp ukrainske folkesongar og skreiv ei mengd operaer, mellom dei 'Den unge garden'. Korsong hadde og fortsette å ha ei viktig rolle i musikklivet, der nokre internasjonalt kjende kor er Den Røde Armés kor og Svesjnikov russiske statskor.

Jazz blei introdusert til eit sovjetisk publikum av Valentin Parnakh på 1920-talet. Songaren Leonid Utjosov og filmmusikkomponisten Isaak Dunajevskij auka populariteten hans. Filmmusikk blei ein viktig del av sovjetisk og russisk musikk. På 1930-talet skreiv Prokofjev musikk til Sergej Eisenstein sine episke filmar, medan Dunajevskij skreiv i stilar frå klassisk til jazz. Kjende filmkomponistar frå den seinare sovjettida var mellom anna Vladimir Dasjkevitsj, Tikhon Khrennikov, Aleksandr Zatsepin og Gennadij Gladkov.

Innan sovjetisk elektronisk musikk var viktige namn Vjatsjeslav Mestsjerin og Eduard Artemjev. Sistnemnde er best kjend for musikk til Tarkovskij sine science fiction-filmar.

Etterkvart kom det til ei bølgje yngre sovjetiske komponistar, som Georgij Sviridov, Alfred Schnittke (1934–1998) og Sofija Gubajdulina (f. 1931), opplærte i det sovjetiske utdanningssystemet.[11] I den yngre generasjonen representerer Rodion Sjtjedrin (fødd 1935) ei konservativ linje. Han blei æra med den statlege musikkprisen i 1972. På 1960-talet blei den offisielle haldninga til avantgardistisk musikk meir liberal og det blei skipa eit eksperimentstudio i Moskva.

Vladimir Vysotskij måla av Aida Hanemayer.

Moderne russisk pop og rock byrja utvikla seg på 1960- og 1970-talet. Grupper kjende som VIA (russisk ВИА), Vokal-Instrumental-Ensemble, framførte radiovennleg pop, rock og folkemusikk som var godkjend av komponistunionen og sensuren. Rørsla byrja med Pojustsjie Gitarij og Pesnjarij; andre populære grupper var Tsvety, Zemljane og Verasij. Denne perioden hadde også individuelle popstjerner som Iosif Kobzon, Sofia Rotaru, Alla Pugatsjeva, Valerij Leontjev og Jurj Antonov. Bard (russisk бард) var ei nemning for visesongarar eller singer-songwriterar som framførte sine eigne vers til enkelt akkompagnement, og desse kunne vera del av undergrunnsmusikken som ikkje var godkjend av statlege media og føretak. Ein av den meste populære musikarane i sovjettida var songaren Vladimir Vysotskij (1938–1980). Rockemusikk fekk eit gjennombrot i Sovjetunionen seint på 1960-talet gjennom Beatlemania, og det oppstod mange rockegrupper mot slutten av 1970-talet, som Masjina Vremeni, Akvarium og Avtograf. På 1980-talet oppstod òg fleire populære sovjetiske rockegrupper som Kino og DDT.

I 1977 blei den fyrste hitlista i Russland skipa, Moskovskij Komsomolets hittparade. Russland deltok i Eurovision Song Contest for første gong i 1994.[13] I 2000,[14] 2006,[15] 2012 og 2015 kom landet på andreplass i tevlinga, og i 2008 vann Russland med låten «Believe» framført av Dima Bilan.[16]

2000-talet[endre | endre wikiteksten]

Musikkgruppa Vintazj

Etter samanbrotet til Sovjetunionen gjekk den statlege kontrollen av musikklivet tilbake, og det blei i staden prega av tv-stasjonar som MTV Russia, Muz TV og ulike radiostasjonar. Musikkprodusentar som Igor Krutoj, Maxim Fadejev, Ivan Sjapovalov,[17] Igor Matvijenko og Konstantin Meladze fekk kontroll over ein stor del av den russiske popmarknaden, til ein viss grad likt den sovjetiske kontrollen av artistar. På den andre sida har ein del sjølvstendige artistar, som Neoclubber, teke i bruk nyare verktøy[18] for å nå publikum.[19] Popgrupper som t.A.T.u. og Serebro har hatt suksess både i og utanfor Russland.[20] Andre populære artistar er Dima Bilan, Valerij Meladze, Grigorij Leps, VIA Gra, Nyusja, Vintazj, Filipp Kirkorov, Vitas og Alsou.

Russisk chanson er blitt ei nemning om musikk prega av romanse- og bardmusikk og songar om krimineller, særleg spelt på stasjonen Radio Chanson. Hovudartistar innan denne sjangeren er mellom anna Mikhail Krug, Mikhail Sjufutinskij og Alexander Rosenbaum. Songar i denne sjangeren fortel om daglegliv og samfunnet, og romantiserer ofte den kriminelle underverda.[21][22]

Rockemedia er blitt utbreidde i det moderne Russland. Den viktigaste er Naske Radio, som speler klassisk rock og pop-punk. Chart Dozen (Чартова дюжина) på denne stasjonen er den viktigaste rockelista i Russland,[23] medan rockefestivalen hans Nasjestvije får rundt 100 000 vitjande kvart år.[24]

Frå ei framsyning av musikalen Altyn Kazan i 2021.

Russisk rockemusikk har gradvis utvikla seg i fleire undersjangrar liknande dei vestlege, med grupper knytte til poprock og alternativ rock (Mumij Troll, Zemfira, Splean, Bi-2, Zveri), punkrock, ska og grunge (Korol i Shut, Pilot, Leningrad, Distemper, Elisium) og heavy metal, inkludert power- og progressiv metal (Catharsis, Epidemia, Shadow Host, Mechanical Poet) og pagan-metal (Arkona, Butterfly Temple, Temnozor).[25]

Andre sjangrar er folkrock (Melnitsa), triphop (Linda) og reggae (Jah Division). Hip hop og rap er representert av Bad Balance, Kasta, Ligalize, Mnogotochie, KREC og andre.

Musikalar blei populære på byrjinga av 2000-talet, med mange framføringar utanlandske og heimelaga verk som Notre-Dame de Paris, Nord-Ost, Roméo et Juliette og We Will Rock You i Moskva.

Profilen til klassisk eller konsertmusikk har gått tilbake til fordel for nyare kommersiell musikk etter at Sovjetunionen og støtteapparatet hans for denne typen musikk forsvann.[26] Det finst likevel fleire komponistar i den klassiske tradisjonen som har fortsett å ha innverknad, særleg Leonid Desyatnikov, som blei den fyrste komponisten på fleire tiår til å få ein ny operakommisjon frå Bolsjojteateret (Дети Розенталя, Deti Rozentalja, 2005), medan Sofija Gubajdulina har fortsett å ha ein høg profil i utlandet, som med verket In tempus praesens (2007) skrive for fiolinisten Anne-Sophie Mutter.

Russisk hiphop fekk auka popularitet på 2010-talet, særleg med rap battle på internett av artistar som Oxxxymiron og Gnoyny.

Musikkinstrument[endre | endre wikiteksten]

Kvartetten Exprompt med typiske russiske instrument - stor og liten balalaika, domra og trekkspel.

Nokre typiske russiske instrument er balalaika, domra, bajan, gusli, piano og elgitar. I mellomalderen var dei vanlegaste russiske instrumenta truleg strengeinstrument som gusli eller gudok. Arkeologar har funne døme på desse instrumenta i Novgorod-regionen frå 1000-talet.[27] Andre vanlege instrument var fløyter (svirel) og perkusjonsinstrument som tresjstsjotka og tamburinen buben.

Dei tradisjonelle kosakksongane (dumorna) var som regel akkompagnerte på kobza eller bandura, eit instrument av luttypen.[28] På 1800-talet blei balalaika[29] og trekkspel populære folkeinstrument, og eldre instrument blei mindre populære.

Leon Theremin fann opp eit av dei tidlege elektroniske instrumenta, Termenvox, Thereminvox eller theremin, i 1920.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Musikkdøme[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bra Böckers lexikon, 1979.
  2. Beregovskaya, Claudia Philippovna Nikolskaya (15. oktober 2013), «The Birth and Evolution of the Choral Art in Russia», The IFCM Magazine (på engelsk), henta 21. august 2020 
  3. «Russian chant | music», Encyclopedia Britannica (på engelsk), henta 22. august 2020 
  4. «Choir», www.hbf.lv, henta 20. august 2020 
  5. Henderson, A. M. (1919). «Russian Church Music». Proceedings of the Musical Association 46: 1–11. ISSN 0958-8442. 
  6. «Russian Music before Glinka». biu.ac.il. 
  7. «Интерфакты. Часть 6. Балалайка» [Interfacts. Part 6. Balalaika] (på russisk). Tomsk Regional State Philarmony. Arkivert frå originalen 9. mai 2018. Henta 6. juni 2019. 
  8. «Почему Алексей Михайлович приказал сжечь все балалайки» [Why did Alexei Mikhailovich order to burn all the balalaikas] (på russisk). Cyrillitsa.ru. 7. desember 2018. Henta 7. juni 2019. «Everyone knows about the witch hunt of Inquisition times, but only few people aware that in 17th century Russia there were burning balalaikas for the same purpose» 
  9. «Russia - Music», Encyclopedia Britannica (på engelsk), henta 22. august 2020 
  10. «Opera - Russian opera», Encyclopedia Britannica (på engelsk), henta 22. august 2020 
  11. 11,0 11,1 Amy Nelson. Music for the Revolution: Musicians and Power in Early Soviet Russia. Penn State University Press, 2004. ISBN 978-0-271-02369-4
  12. Soviet Music and Society under Lenin and Stalin: The Baton and Sickle. Red. Neil Edmunds. Routledge, 2009. ISBN 978-0-415-54620-1
  13. History of Russian participations in the contest, 1994.
  14. History of Russian participations in the contest, 2000
  15. History of Russian participations in the contest, 2006
  16. aftonbladet.se: Ryssland vann ESC
  17. Berger, Arion (3. oktober 2002). «Album Reviews T.A.T.U.: 200 KM/H In The Wrong Lane». Rolling Stone (906). Arkivert frå originalen 22. februar 2008. 
  18. «Uncharted Territory: Pomplamoose Enters Top 10, Friendly Fires Debut». Billboard. 
  19. «Billboard – Music Charts, Music News, Artist Photo Gallery & Free Video». Billboard. 
  20. «Serebro». billboard.com. 
  21. Modern Russian History in the Mirror of Criminal Song Arkivert 12. juni 2008 ved Wayback Machine.
  22. Notes From a Russian Musical Underground, New York Times
  23. The Moscow News – Chartova Dyuzhina[daud lenkje]
  24. «A Russian Woodstock: Rock and Roll and Revolution?; Not for This Generation». 
  25. Diverse Genres of Modern Music in Russia Arkivert 7. juli 2012 ved Wayback Machine. – Russia-Channel.com
  26. Richard Taruskin "Where is Russia's New Music?", opptrykka i On Russian Music. Berkeley: University of California Press, 2009: s. 381
  27. РУССКИЕ МУЗЫКАЛЬНЫЕ ИНСТРУМЕНТЫ [Russian Musical Instruments]. soros.novgorod.ru (på russisk). 
  28. Kononenko, Natalie O. (1991). «The Influence of the Orthodox Church on Ukrainian Dumy». Slavic Review 50 (3): 566–575. ISSN 0037-6779. doi:10.2307/2499853. 
  29. Kiszko, Martin (1995). «The Balalaika - A Reappraisal». The Galpin Society Journal 48: 130–155. ISSN 0072-0127. doi:10.2307/842807. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Russisk musikk