Kjernefysisk triade

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kjernefysisk triade er eit felles kommando- og kontrollsystem som kan skyte ut missil med kjernefysiske ladningar frå plattformer på land, i sjøen og i lufta. Føremålet med eit likt system er å kunna redusera sjansen for at ein fiende skal kunne øydeleggja alle atomvåpena til landet gjennom eit førsteslagsåtak. Dette gjer at ein kan truga med andreslag, og skal dermed kunna auka avskrekkingseffekten til staten som har ein slik triade.[1][2][3]

I tradisjonell kjernefysisk strategi er ein kjernefysisk triade rekna som det beste avskrekkingsmiddelet mot eit åtak. I røynda har dei færraste atommaktene dei militære midla til å halda ein fullstendig triade ved like. Berre USA og Russland har hatt kjernefysiske triadar gjennom størsteparten av atomalderen, men fleire andre land har hatt dei til ulike tider.[3][4] Dette gjeld til dømes Kina, India, Russland og Frankrike.

Ein kjernefysisk triade kan ha desse komponentane.[5][6]

  1. Langtrekkande bombefly med kjernefysiske bomber, luftborne ballistiske missil (ALBM) eller luftborne kryssarmissil (ALCM)[1][7]
  2. Landbaserte missilar frå siloar eller missilutskytingskøretøy (ICBM)[1][3][7]
  3. Ubåtbaserte missilar i neddykka tilstand (SLBM)[7][1][3]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Barry, John (12. desember 2009). «Do We Still Need a Nuclear 'Triad'?». Newsweek. Henta 8. oktober 2010. 
  2. Office for the Deputy Assistant to the Secretary of Defense for Nuclear Matters. «Nuclear Stockpile». US Department of Defense. Arkivert frå originalen 28. juni 2012. Henta 8. oktober 2010. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 «Toning Up the Nuclear Triad». Time. 23. september 1985. Arkivert frå originalen 22. august 2013. Henta 8. oktober 2010. 
  4. «Russia's Nuclear Rearmament: Policy Shift or Business as Usual? | NTI». www.nti.org. Henta 3. april 2018. 
  5. «Состояние стратегических сил». 
  6. https://books.google.ru/books?id=6GwsAAAAYAAJ&q=Ядерная+триада&dq=Ядерная+триада&hl=en&ei=gaHiTtuZKJT78QORjp3pAw&sa=X&oi=book_result&ct=result&redir_esc=y
  7. 7,0 7,1 7,2 «Glossary | Learn | NTI». www.nti.org. Henta 3. april 2018.