Rust Never Sleeps

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Rust Never Sleeps
Konsertalbum av Neil Young og Crazy Horse
Utgjeve 2. juli 1979
Innspelt august 1976 - 1978 i Indigo Recording Studio, Malibu, CA; Triad Recording i Ft. Lauderdale i Florida; Broken Arrow Studio i Redwood City; the Boarding House i San Francisco, CA; Cow Palace i San Francisco, CA; og Woodland Sound Studios i Nashville
Sjanger Rock, folkrock, hardrock
Lengd 38:16
Selskap Reprise
Produsent Neil Young, David Briggs, Tim Mulligan
Kritikk
Neil Young-kronologi
Comes a Time
(1978)
Rust Never Sleeps Live Rust
(1979)


Rust Never Sleeps er eit album av Neil Young og Crazy Horse som kom ut i 1979. Mesteparten av albumet vart spelt inn live på i Cow Palace i San Francisco med ekstra spor lagt til i studio etterpå. Lyden av publikum vart fjerna så godt som mogeleg, men er likevel høyrbar enkelte gonger, særleg på den første og siste songen. Albumet er delvis akustisk og delvis elektrisk, og vert avslutta med to versjonar av same song, «Hey Hey, My My».

To songar frå albumet vart spelte inn i studio. «Sail Away» vart spelt inn utan Crazy Horse under eller etter Comes a Time-innspelinga,[1] og «Pocahontas» vart spelt inn solo kring 1975.[1]

Young gav òg ut ein filmversjon av albumet med same namn. Seinare i 1979 gav Young og Crazy Horse ut albumet Live Rust, som var eit konsertalbum med eldre songar innimellom songane frå Rust Never Sleeps. Tittelen er lånt frå slagordet for Rust-Oleum-måling og vart foreslått av Mark Mothersbaugh frå New Wave-bandet Devo.[2] Det er òg ein aforisme som skildrar den nye musikalske retninga til Young.

Albumet vart av kritikarane i Rolling Stone kåra til årets album i 1979.[3] I 2003 vart albumet rangert på 350. plass på lista til det same magasinet over dei 500 største albuma gjennom tidene.[4]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Neil Young, bortsett frå der andre er nemnde. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «My My, Hey Hey (Out of the Blue)»   3:45
2. «Thrasher»   5:38
3. «Ride My Llama»   2:29
4. «Pocahontas»   3:22
5. «Sail Away»   3:46
Side to
# Tittel Lengd
6. «Powderfinger»   5:30
7. «Welfare Mothers»   3:48
8. «Sedan Delivery»   4:40
9. «Hey Hey, My My (Into the Black)» (Young, Jeff Blackburn) 5:18

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «HyperRust chronology». Henta 28. oktober 2010. 
  2. Shakey: Neil Young's Biography, Jimmy McDonough, 2002, Anchor
  3. «Albums Of The Year and End Of Year Critic Lists». Rocklist.net. Henta 28. oktober 2010. 
  4. «500 Greatest Albums of All Time». Rollingstone.com. Henta 28. oktober 2010.