Rustefjelbma

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Rustefjelbma
Ruostefielbmá
Ruostefjelma
tettstad
Tana kirke at Rustefjelbma.JPG
Tana kyrkje i Rustefjelbma.
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Finnmark
Kommune Tana
Folketal 164 (2017)
Wikimedia Commons: Rustefjelbma, Tana

Rustefjelbma (nordsamisk Ruostefielbmá, kvensk Ruostefjelma) er ei bygd i Tana kommune i Finnmark.[1] Staden ligg på vestsida av Tana-elva,[2] rundt 23 kilometer nord for kommunesenteret Tana bru. Grunnkrinsen Boftsa/Rustefjelbma hadde 164 innbyggjarar den 1. januar 2017.[3] Det samiske namnet «Ruostefielbmá» er truleg danna av ruosta, 'rust', og fielbmá, 'stilleflytande elv'.[4]

Fylkesveg 98 går gjennom bygda, og Fv281 går nordover til Bonakas og Tanagård. Ved krysset mellom dei to vegane ligg Tana kyrkje. Om vinteren går ein isveg over til austsida av Tana ved Rustefjelbma.[5]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Sovjetunionen sin hær, Raudehæren, stansa framrykkinga si i Rustefjelbma i november 1944, under felttoget mot den tyske okkupasjonsmakta.[6]

28. januar 1999 blei det målt ein kulderekord på -44,5 grader i Rustefjelbma.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Rustefjelbma». Faktaark. Kartverket. Henta 22. oktober 2017. 
  2. Rustefjelbma på Norgeskart.no frå Statens kartverk
  3. «Tabell: 04317: Folkemengde, etter grunnkrets». 20250105 Boftsa/Rustefjelbma. Statistisk sentralbyrå. Henta 22. oktober 2017. 
  4. 4,0 4,1 Askheim, Svein (20. februar 2018). «Ruostefielbmá». Store norske leksikon. Henta 21. november 2018. 
  5. «Åpen isvei». Finnmarken. 6. januar 2012. Henta 22. oktober 2017. 
  6. Uten russisk representasjon er 75-årsmarkeringen meningsløs og bør avlyses. 15. august 2018. Nordlys. Vitja 2019-10-22. «Bård A. Berg - UIT NORGES ARKTISKE UNIVERSITET [...] 611 russiske soldater mistet livet på norsk jord i felttoget som jaget tyskerne bort, og 1501 ble såret. De siste kampene mellom sovjetiske og tyske styrker sto i Varangerbotn 6. november 1944. Russerne stoppet framrykningen i Rustefjelbma [...], og tyskerne flyktet videre mot Troms. Ingen norske soldater deltok i felttoget.»