Rustkragesporv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rustkragesporv
Bilete frå Manizales, Caldas, Colombia Foto: Julian Londono
Bilete frå Manizales, Caldas, Colombia
Foto: Julian Londono
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Rustkragesporv
Utbreiinga av Rustkragesporv
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Parvorden: Passerida
Overfamilie: Passeroidea
Familie: Amerikasporvfamilien Passerellidae
Slekt: Zonotrichia
Art: Rustkragesporv Z. capensis
Vitskapleg namn
Zonotrichia capensis

Rustkragesporv (Zonotrichia capensis) er ein amerikansk sporv som lever i eit breitt spekter av habitat, ofte i nærleiken av menneske, frå den ekstreme søraustlege delen av Mexico sørover til Tierra del Fuego, og på dessutan på øya Hispaniola i Karibia. Arten er kjent for eit rikt songrepertoar, intensivt studert sidan 1970-talet. Vanlege namn for denne fuglen i utbreiingsområdet inkluderer portugisisk tico-tico, spansk chingolo, og lokale namn som copetón i Colombia og comemaíz i Costa Rica.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Rustkragesporv er 12-13,5 cm lang og veg 17-31 gram.[1] Vaksne fuglar har eit kort og kraftig grått nebb og fjørdrakta har grått hovud med breie, svarte striper på sidene til krona og tynnare stripar gjennom auget og under kinna. Nakke og brystsider er raudbrune og oversida er svartstripa på brungult. To svake, kvite vengband er synlege i sittestilling. Strupen og undergumpen er kvit og undersida er lys beige, men gradvis brun opp mot flankane. Dei har ein svart flekk mot brystsidene ved kragen, storleiken på flekkene er varierande med underart.

Unge fuglar har eit utvaska, meir uklårt mønster på hovudet, med brune striper og ein brungul overside. Dei manglar den raudbrune kragen, og har generelt streka fjørdrakt.

Det finst mellom 25 og 29 underartar. Generelt finn ein populasjonane med dei minste fuglane i kystfjell, mellomstore fuglar i Andesfjella, og dei største, mørkare formene på tepuiar. Den største av tepui-underartarne, Z. c. perezchincillae, har grå underside, og kragen strekkjer seg som eit mørkt band av frekner rundt brystet.

Dette er først og fremst ein standfugl, men underarten i Patagonia har ei åtferd med trekk nordover i den australske vintersesongen.[1]

Økologi[endre | endre wikiteksten]

I den nordlege og vestlege delen av utbreiingsområdet er denne generelt talrike fuglearten typisk funne i høgder på 600 til 4000 moh., og opptil 4300 m ved Andes, men i dei sørlege og austlege delar lever han vanlegvis heilt ned til havnivået. Han kan treffast i nesten einkvart opent eller halvopent habitat, inkludert dyrka område, hagar, parkar, grassletter og cerrado i Brasil. Dei trivst godt i urbane og forstadsmiljø, men er fråverande frå dei tett skogkledde delane av Amazonasbassenget.

Dei er er òg utbreidde på Guayanaskjoldet, hovudsakleg på platåfjell (tepuiar) og i Pakaraima-fjella i Guyana.[2]

Rustkragesporvar beitar på frø på bakken, nedfalle korn, insekt og edderkoppar. Det vil nokre gongar delta i fleirartsflokkar og har blitt observert å plukke termittar frå spindelbanar.[3][4][5] Vanlegvis opptrer dei i par som held små territorium, eller dei lever i små flokkar. Dette er fuglar som er generelt tillitsfulle ovanfor menneske, er vanleg gjennom det store utbreiingsområdet og arten er klassifisert som livskraftig (LC) av IUCN.[6]

Ein vaksen rustkragesporv matar ein ung parasittisk silketrupial, Molothrus bonariensis i São Paulo, Brasil
Foto: Dario Sanches
Hannfugl syng i São Paulo
Foto: Dario Sanches

Hekkesesongen er avgrensa av mattilgjenge og av nedbør, styrt av lokale klimatiske sesongvariasjonar. I dei subtropiske sidene av Andes i nordvestre Argentina byrjar hofuglane å byggje reir rundt slutten av oktober, når den våte sesongen kjem, men i byrjinga av desember er dei fleste hekkeaktivitetane allereie fullførte. I Pichinchaprovinsen i Ecuador, har ein funne ruging i desember, og reirbygging er registrert der i mars og april, noko som tyder på utvida hekking gjennom heile den våte sesongen. Dei opne koppforma reira består av plantematerialar fôra med fin gras.[1] Reira er plasserte i vegetasjon på bakken, lågt i eit tre eller ein busk, eller i ein vegg, opptil 2 meter høgt, men vanlegvis mindre enn 0,5 m over bakken.[7][8] Hoa legg bleikgrønblå egg med raudbrune flekker. Storleiken på kulla varierer, 2-3 egg i Mellom-Amerika, 4-5 i Argentina. Rustkragesporvar er reirparasittisk vert for arten silketrupial, Molothrus bonariensis.

Vokalisering[endre | endre wikiteksten]

Fuglelætet for rustkragesporv har blitt grundig studert og syner omfattande geografisk variasjon.[9][10] Lætet inkluderer eit skarp 'tsip' eller 'sjink' som varierer geografisk. Hannar kan synge frå ei låg grein, og gje ein song av utydelege fløytetonar med eller utan ei avsluttande trille.

For populasjonar i subtropiske og tempererte område i Argentina, kan songen skildrast som følgjer: Songar er vanlegvis tvidelte: ein innleiande frase, kalla tema i den opphavlege skildringa av songen,[9] med to til fire reine toneflikkar som er flate, stig, fell eller stig og fell i tonehøgd, følgt av ei avsluttande trille, samansett av fleire identiske eller nesten identiske element. Ein finn ein høg grad av stereotypi hos einskildindivid, både innanfor og mellom årstider. Trillfrekvensen er svært konsistent, men varierer sterkt mellom populasjonar, med intervall mellom elementa varierande frå 12 ms til 400 ms eller meir.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 Rising, J. & Jaramillo, A. (2017) Rufous-collared Sparrow (Zonotrichia capensis) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 28. oktober 2017
  2. O'Shea, B.J.; Christopher, M.; Claramunt, Santiago; Schmidt, Brian K.; Gebhard, Christina A.; Schmitt, C. Gregory; Erskine, Kristine T. (2007). «New records for Guyana, with description of the voice of Roraiman Nightjar Caprimulgus whitelyi» (PDF). Bulletin of the British Ornithologists' Club 127 (2): 118–128. 
  3. Machado, C.G. (1999). «A composição dos bandos mistos de aves na Mata Atlântica da Serra de Paranapiacaba, no sudeste brasileiro» [Mixed flocks of birds in Atlantic Rain Forest in Serra de Paranapiacaba, southeastern Brazil] (PDF). Revista Brasileira de Biologia (på portugisisk) (Instituto Internacional de Ecologia) 59 (1): 75–85. doi:10.1590/S0034-71081999000100010. 
  4. Ragusa-Netto, J. (2000). «Raptors and "campo-cerrado" bird mixed flock led by Cypsnagra hirundinacea (Emberizidae: Thraupinae)». Revista Brasileira de Biologia (på engelsk) 60 (3): 461–467. PMID 11188872. doi:10.1590/S0034-71082000000300011. 
  5. Olson, Storrs L.; Alvarenga, Herculano M.F. (2006). «An extraordinary feeding assemblage of birds at a termite swarm in the Serra da Mantiqueira, São Paulo, Brazil» (PDF). Revista Brasileira de Ornitologia (på engelsk) (Sociedade Brasileira de Ornitologia) 14 (3): 297–299. Arkivert frå originalen (PDF) 17. desember 2008. Henta 28. oktober 2017. 
  6. BirdLife International (2017) Species factsheet: Zonotrichia capensis. Henta frå http://www.birdlife.org den 28. oktober 2017
  7. Greeney, Harold F.; Nunnery, Tony (2006). «Notes on the breeding of north-west Ecuadorian birds». Bulletin of the British Ornithologists' Club 126 (1): 38–45. 
  8. Auer, Sonya K.; Bassar, Ronald D.; Fontaine, Joseph J.; Martin, Thomas E. (2007). «Breeding biology of passerines in a subtropical montane forest in Northwestern Argentina». Condor 109 (2): 321–333. doi:10.1650/0010-5422(2007)109[321:BBOPIA]2.0.CO;2. 
  9. 9,0 9,1 Handford, P.; Lougheed, Stephen C. (1991). «Variation in duration and frequency characters in the song of the Rufous-collared Sparrow, Zonotrichia capensis, with respect to habitat, trill dialects and body size» (PDF). Condor 93 (3): 644–658. doi:10.2307/1368196. 
  10. Avelino, Márcio F.; Vielliard, Jacques M. E. (2004-06). «Comparative analysis of the song of the Rufous-collared Sparrow Zonotrichia capensis (Emberizidae) between Campinas and Botucatu, São Paulo State, Brazil». Anais da Academia Brasileira de Ciências 76 (2): 345–349. ISSN 0001-3765. doi:10.1590/S0001-37652004000200023. Henta 28. oktober 2017. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Rustkragesporv