Rustmaurfugl
| Rustmaurfugl | |
Bilete frå São Paulo, Brasil Foto: Dario Sanches | |
| Utbreiing og status | |
| Status i verda: Utbreiinga av rustmaurfugl | |
| Systematikk | |
| Rike: | Dyr Animalia |
| Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
| Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
| Klasse: | Fuglar Aves |
| Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
| Familie: | Maurfuglar Thamnophilidae |
| Slekt: | Drymophila |
| Art: | Rustmaurfugl D. ferruginea |
| Vitskapleg namn | |
| Drymophila ferruginea | |
Rustmaurfugl (Drymophila ferruginea) er ein liten insektetande fugl i maurfuglfamilien. Han er endemisk for atlantisk skog i søraustlege Brasil.
Taksonomi og systematikk
[endre | endre wikiteksten]Rustmaurfuglen vart skildra av den nederlandske zoologen Coenraad Jacob Temminck i 1822, og fekk det binomiale namnet Myiothera ferruginea. Arten er no plassert i slekta Drymophila, som vart introdusert av den engelske naturforskaren William Swainson i 1824.[1] Slektsnamnet kjem frå gresk: δρυμος, drumos «skog, krattskog»; φιλος, philos «glad i».[2] Det spesifikke tilnamnet ferruginea kjem frå latin ferrugineus, som tyder «rustfarga». Rustmaurfuglen har i dag ingen underartar.[1]
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Morfologi
[endre | endre wikiteksten]Rustmaurfuglen er 12–13 cm lang og veg mellom 9,5 og 11,5 gram. Vaksne hannar har svart isse, kvitt augebryn, eit breitt svart band gjennom auget, og kvite kinn med svarte flekker. Oversida er hovudsakleg raudgulbrun, med eit vanlegvis skjult kvitt felt mellom skulderfjørene og ein rustfarga overgump. Vengene er mørkebrune med gulbrune kantar på flygefjørene og breie kvite spissar på dekkfjørene. Stjerten er svart med breie kvite spissar på fjørene. Haka er kvit med svarte flekker, medan strupe og resten av undersida er rustraud. Hoa liknar hannen, men er bleikare, med olivenfarga striper på issen, rustfarga spissar på vengedekkfjørene, og ho manglar den kvite skulderflekken. Unge hannar liknar vaksne hoer, men har skulderflekk, breie gulbrune kantar på issfjørene, eit gulbrunt skjær på augebrynet og lysare underside.
Utbreiing og habitat
[endre | endre wikiteksten]Rustmaurfuglen finst i søraustlege Brasil, i eit område avgrensa omtrent av søraustlege Bahia, nordaustlege Santa Catarina, austsentrale Minas Gerais og vestlege São Paulo. Arten førekjem i bambusstandar, hovudsakleg langs kantar av primær eviggrøn regnskog. Han finst òg i sekundærskog med bambus, i lysningar skapt av trefall, og i isolerte bambusstandar. Høgdespennet går frå havnivå og vanlegvis opp til om lag 1200 meter over havnivå, men han kan òg verte observert opp til 1600 moh.
Økologi og åtferd
[endre | endre wikiteksten]Som dei fleste maurfuglar livnærer arten seg hovudsakleg på eit breitt spekter av leddyr. Han søker føde åleine, i par eller i familiegrupper, oftast innanfor 10 meters høgd frå bakken. Han deltek ofte i fleirartsflokkar, men er ikkje kjend for å følgje hærmaur. Søk etter føda skjer helst i randsonene av bambusstandar der vegetasjonen er samanvaksen med skogbotnen, men òg inne i yngre bambusstand. Han plukkar byttedyr frå levande blad og stenglar ved å strekkje seg, ta sprang eller gjer korte flygingar frå ein sitjeplass. Han undersøkjer òg og riv i klasar av daude blad.
Rustmaurfuglen vert rekna som ein standfugl. Hekkeperioden strekkjer seg frå oktober til februar. Det einaste kjende reiret var korgforma og gjort av mosefibrar, hengande frå eit bregneblad om lag 1 meter over bakken. Egga i reiret var kvite med raudbrune flekker, sprutar og liner.
Songen til rustmaurfuglen er ein «særskilt høg, kraftig og skarp tit-tuweéw (1 eller 3 gonger utan mellomrom)». Kontaktlydar inkluderer ein «klår chewp» og ei kort, surrande trille.[1][3]
Vernestatus
[endre | endre wikiteksten]IUCN har klassifisert rustmaurfuglen som livskraftig (LC). Arten har eit stort utbreiingsområde, og sjølv om populasjonsstorleiken ikkje er kjend, vert han rekna som stabil. Det er ikkje identifisert nokon umiddelbare trugsmål. Arten er vanleg i store delar av utbreiingsområdet, og finst i fleire større verneområde. Det er truleg at evna til å nytte sekundærskog gjer han mindre sårbar for habitat som har ringast enn mange andre maurfuglar.[4]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Første utgåve av artikkelen byggjer på «Ferruginous antbird» frå Wikipedia på engelsk, den 16. mai 2015
- Zimmer, K.; Isler, M.L. (2020). del Hoyo, J.; Elliott, A.; Sargatal, J.; Christie, D. A.; de Juana, E., red. «Ferruginous Antbird (Drymophila ferruginea), version 1.0». Birds of the World Online. Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY. doi:10.2173/bow.ferant1.01.
- Referansar
- 1 2 3 Zimmer, et al (2020)
- ↑ Jobling, James A (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 140. ISBN 978-1-4081-2501-4.
- ↑ van Perlo, Ber (2009). A Field Guide to the Birds of Brazil. New York: Oxford University Press. s. 250–251. ISBN 978-0-19-530155-7.
- ↑ BirdLife International (2024). «Ferruginous Antbird Drymophila ferruginea». IUCN Red List of Threatened Species 2024. doi:10.2305/IUCN.UK.2024-2.RLTS.T22701614A264095003.en. Henta 16. mai 2025.