Rustvendehals

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Rustvendehals

Status i verda: LC Livskraftig

Rustvendehals Foto: Derek Keats
Rustvendehals
Foto: Derek Keats
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Piciformes
Familie: Picidae
Slekt: Jynx
Art: J. ruficollis
Namn på andre språk
  • Engelsk: Rufous-necked wryneck
  • Vitskapleg namn
    Jynx ruficollis
    Wagler, 1830

    Rustvendehals (Jynx ruficollis) er ein spettefugl som lever i Afrika sør for Sahara. Han er ein av to artar i ei biologisk slekt av vendehalsar, den andre arten er den euroasiatiske vendehalsen vendehals, J. torquilla.

    Skildring[endre | endre wikiteksten]

    Dette er ein liten, litt slank og langhala spettefugl på om lag 19 centimeter i kroppslengd og med vekt på frå 46 til 59 gram, hannar er større enn hoer. Elles er kjønna like. Det er definert tre underartar for rustvendehals, to av dei med to merkbare variantar av fjørdrakter.[1]

    Nebbet er gråleg i farga, kort, rettpeikande og kvast. Det er mørkare mot spissen. Beina er olivenbrune i farge.[2] Fjørdrakta kan skildrast som mest av alt kamuflerande, med overside frå panna til haletuppen i gråbrunt som er spragla med mørke nyansar. Primærfjørene er sjokoladefarga med raudbrune tverrstriper. Strupen er lys med mørke tverrstriper, brystet raudbrunt i storleik som varierer, undersida er elles kvit som går over i raudbrunt mot undergumpen og har svarte langsgåande striper. Stjerten har mange tynne, svarte tverrstriper, der den euroasiatiske vendehalsen berre har fire tverrstriper. Elles manglar rustvendehalsar den mørke midtstripa som den euroasiatiske arten har.[1]

    Utbreiinga for arten er ikkje godt skildra, han lever i mindre og oppstykka, usamanhengande område i delar av Etiopia, Sør-Sudan, Kenya, Tanzania, Uganda, Nigeria, Kamerun, Kongo-Kinshasa til Angola, og i søraustre Afrika inkludert Sør-Afrika.[1] I motsetnad til arten vendehals er rustvendehals ein standfugl. Føda er hovudsakleg maur i alle stadium frå egg. Dei plukkar bytte med den lange tunga, og oftast beitar dei på bakken på noko skogkledde grassletter. Andre habitat er akasiasavannar, plantasjar og hagar.

    Dei er holerugarar, har typisk to, men opptil fire ungekull i året, kvart med 3-4 egg. Begge foreldre rugar og tar omsut for ungane.

    Populasjonen er ikkje estimert og er trudd å vere aukande. Arten er stadvis vanleg og er klassifisert som globalt livskraftig.[3]

    Kjelder[endre | endre wikiteksten]

    Referansar
    1. 1,0 1,1 1,2 Winkler, H., Christie, D.A. & Kirwan, G.M. (2017) Rufous-necked Wryneck (Jynx ruficollis) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 20. august 2017
    2. Gorman, Gerard (2014-06-19). Woodpeckers of the World: The Complete Guide. Bloomsbury Publishing. ISBN 978-1-4081-4716-0. 
    3. BirdLife International (2017) Species factsheet: Jynx ruficollis. Henta frå http://www.birdlife.org den 20. augsut 2017

    Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

    Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Rustvendehals