Rusty Young

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Rusty Young
RustyYoungPoco07.jpg
Fødd23. februar 1946 (74 år)
FødestadLong Beach
OpphavUSA
Instrumentgitar
Verka somvokalist, musikar, komponist, gitarist

Norman Russell «Rusty» Young (fødd 23. februar 1946) er ein USA-amerikansk gitarist, vokalist og låtskrivar, mest kjend som ein av frontmennene i countryrockbandet Poco.

Young er ein virtuos pedalsteelgitarist og han er særleg kjend for å få til ein Hammond B3-orgellyd ut av instrumentet ved å spele det gjennom ein Lesliehøgtalar. Han har òg vore nyskapande av andre rockelydar frå instrumentet.[1][2]

Young var med å skipe Poco i 1968 i lag med Richie Furay og Jim Messina, etter dei hadde brukt han på balladen «Kind Woman» på det siste albumet til Buffalo Springfield, Last Time Around. Young har vore det einaste medlemmet som har spelt med Poco heile vegen frå 1968 og fram til i dag.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Poco - Poco | Songs, Reviews, Credits». AllMusic. 6. mai 1970. Henta 11. oktober 2020. 
  2. Gressel, Janine. «Poco Plays Pretty Music at Eagles, 3. juli 1969». Seattle Times. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]