Ruter AS
| Ruter AS | |||
| | |||
| | |||
| Org.form | Aksjeselskap | ||
|---|---|---|---|
| Org.nr. | 991609407 | ||
| Bransje | Kollektivtransport, kollektivtransportforvaltar | ||
| Skipa | 14. august 2007 | ||
| Forgjengar(ar) | Stor-Oslo Lokaltrafikk | ||
| Eigar | Oslo kommune, Akershus fylke, Viken fylke, Akershus fylke | ||
| Hovudkontor | Oslo | ||
| Land | Noreg | ||
| Styreleiar | Sigurd Grytten (7. juni 2018)[1] | ||
| Adm.dir. | Bernt Reitan Jenssen | ||
| Nettstad | https://ruter.no/ | ||



Ruter AS er eit selskap som står for adminstrasjonen av kollektivtrafikken i Oslo og Akershus. Selskapet er eigd av Oslo kommune med 60 % og Akershus fylkeskommune med 40 %.
Ruter AS fastsett takstar og rutetilbod for T-bane, trikk, buss og passasjerferjer i dette området, og tingar deretter kollektivtenestene frå dei ulike operatørselskapa. For buss og båt vert kontraktane tildelt etter anbodskonkurransar, og for T-bane og trikk ved årlege kontraktar med Oslo T-banedrift AS, Oslotrikken AS og Oslo Vognselskap AS etter tingingar. Ruter AS har òg å gjere med dei investeringar og dei pengestraumane i kollektivtrafikken som vert stilt til disposisjon gjennom Oslo kommune og Akershus fylkeskommune.
Takstane for passasjertrafikken på jarnbanene i Oslo og Akershus går inn under takstsystemet til Ruter AS, men det er Noregs statsbaner som står for drifta av toga på oppdrag frå Samferdsledepartementet.