Ruth Frøyland Nielsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ruth Frøyland Nielsen
Fødd 5. oktober 1902
Død

15. januar 1989 (86 år)

Ruth Frøyland Nielsen (5. oktober 190215. januar 1989) var ein norsk barnehagelærar og lektor, fødd i Eau Claire i delstaten Wisconsin i USA.

Prestedottera Nielsen vart student i 1921 og utdanna seg 1922-23 til barnehagelærar i Berlin. Attende i Oslo praktiserte ho som barnehagelærar nokre år, truleg i eit sokalla settlement i bydelen Sagene. Kanskje var det barneasylet i Fossveien 19 på Grünerløkka, ein institusjon retta mot mødrer som arbeidde på Seilduksfabrikken. Staden var driven etter kristen-sosiale settlement-prinsipp, med mykje bruk av frivillige studentar.

Seinare i 1920-åra tok Nilsen lærarprøva og underviste i Oslo-skulen frå 1929 til -39. På 1930-talet hadde ho ei viktig rolle i forsøka på Sagene skole, forsøk leia av Anna Sethne. Nielsen var sidan lærar i [[psykologi]9 ved Statens sløyd og tegnelærerskole 1938-50 og timelærar ved Barnevernsakademiet 1942-45. Til sist var ho lektor ved Universitetet i Oslo åra 1961-70.

I 1951 gav Nielsen ut Le development de la sociabilite chez l’enfant, ei bok som i 1954 kom på dansk som Barnets sosiale udvikling. År 1972 skreiv ho Barnepsykologiens historie i Europa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]