Ruth Is Stranger Than Richard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ruth Is Stranger Than Richard
Studioalbum av Robert Wyatt
Innspelt Oktober 1974 – mars 1975 i The Manor Studio
Sjanger Progressiv rock
Lengd 39:06
Selskap Virgin
Produsent Robert Wyatt
Kritikk
Robert Wyatt-kronologi 
Rock Bottom
(1974)
Ruth Is Stranger Than Richard The Animals Film
(1982)


Ruth Is Stranger Than Richard er det tredje soloalbumet til Robert Wyatt.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Oppfølgjaren til Rock Bottom, som Wyatt hadde skrive all musikk og tekst til, bestod hovudsakleg av versjonar og arrangement av andre sine songar (anten vener - Phil Manzanera, Fred Frith, Mongezi Feza, tidlegare Wilde Flowers-medlem Brian Hopper - eller påverknader - Charlie Haden) der Wyatt nytta sine eigne tekstar. Bortsett frå «Sonia», spelt inn for singelen «Yesterday Man» i oktober 1974 (med Nick Mason som produsent), er heile albumet spelt inn og miksa i The Manor Studio med Wyatt sjølv som produsent. Mykje av albumet er Wyatt (på solovokal og klaverinstrument) akkompagnert av eit «band» med bassist Bill MacCormick, trommeslagar Laurie Allan og saksofonistane George Khan og Gary Windo, i tillegg til Brian Eno som la til sin idiosynkratiske «anti-jazz»-tøtsj.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Ruth Is Stranger Than Richard kom ut i mai 1975. I motsetnad til forgjengaren Rock Bottom, fekk det blanda kritkk og mottaking. Ruth... var det siste soloalbumet til Wyatt før Old Rottenhat i 1985.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Soup Song»Brian Hopper, Robert Wyatt04:03
2.«Sonia»Mongezi Feza04:18
3.«Team Spirit»Bill MacCormick, Phil Manzanera, Robert Wyatt08:33
4.«Song For Che»Charlie Haden03:42
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
5.«Muddy Mouse (a)»Fred Frith, Robert Wyatt00:49
6.«Solar Flares»Robert Wyatt05:36
7.«Muddy Mouse (b)»Fred Frith, Robert Wyatt00:50
8.«5 Black Notes And 1 White Note»Offenbach arr. Robert Wyatt05:00
9.«Muddy Mouse (c) Which In Turn Leads To Muddy Mouth»Fred Frith, Robert Wyatt06:15

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]