Ruth Vatvedt Fjeld

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ruth Vatvedt Fjeld

Fødd8. mai 1948
Aremark kommune
NasjonalitetNoreg
Yrkelingvist, leksikograf
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
MedlemNorsk Kvinnesaksforening
VervProrektor ved Universitetet i Oslo 2013–2014
FøregangarInga Bostad
EtterfylgjarVervet vakant
(Ragnhild Hennum konstituert)

Ruth Eldbjørg Vatvedt Fjeld (fødd 8. mai 1948 i Aremark) er ein norsk professor i leksikografi og målføregransking ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium ved Universitetet i Oslo. Ho vart vald til prorektor ved universitetet for perioden 2013–2017 saman med rektor Ole Petter Ottersen, men trekte seg frå vervet i 2014 etter usemje med Ottersen. Fjeld har tidlegare vore språkkonsulent for bokmål ved NRK.

Fagleg arbeid[endre | endre wikiteksten]

Ho vart dr. philos. ved Universitetet i Oslo i 1998, med avhandlinga Rimelig ut fra sakens art. Om tolkning av ubestemte adjektiv i regelgivende språk.

Ho har sidan 2000 vore ansvarleg for det leksikografiske bokmålskorpuset (LBK), ei stor samling elektroniske tekstar på bokmål henta frå ulike kjelder frå 1985 og framover, der kvart ord er merka og gjort søkbart for språkforsking. Det inneheld 100 millionar laupande ord.

Prorektor ved Universitetet i Oslo[endre | endre wikiteksten]

I rektorvalet ved Universitetet i Oslo våren 2013 vart Fjeld vald til prorektor, universitetet si nest høgaste stilling, for fireårsperioden 2013–2017. Ho stilte til val saman med Ole Petter Ottersen, som vart vald til rektor.[1] Ho valde å trekkja frå vervet sitt i april 2014, og grunngav det med fagleg og arbeidsmessig usemje med Ottersen. Ifølgje Fjeld vart ho fråteken nesten alle arbeidsoppgåver som prorektor tradisjonelt har, m.a. ansvaret for forsking, og desse oppgåvene vart i staden gjeve til ein ikkje-vald viserektor. Ho opplyste at ho nesten ikkje hadde hatt arbeidsoppgåver og ikkje vart involvert i prosessar sjølv innan hennar ansvarsområde. Det var ifølgje Fjeld eit ope spørsmål om årsaka til avgangen hennar kunne kallast universitetspolitisk.[2][3] Etter at leiaren for kommunikasjonseininga sende ut pressemelding om at avgangen hennar «skyldes personlig overveielse og er ikke begrunnet med universitetspolitiske motsetninger,» gjekk Fjeld ut og dementerte dette og uttalte at pressemeldinga «vrir min begrunnelse i en feilaktig retning».[4] I eit intervju i Klassekampen uttalte ho at ho hadde protestert mot påstanden om «personlege» grunner òg i forkant og at ho opplevde handsaminga frå rektor som mobbing.[5][6][7][8][9]

Verv i organisasjonar[endre | endre wikiteksten]

Ruth Vatvedt Fjeld var leiar av Bymålslaget til 2013.[10] Ho er varamedlem av arbeidsutvalet i Norsk Kvinnesaksamskipnad frå 2016.[11]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]