Rutland i Irland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rutland
øy
Land  Irland
Kart
Rutland i Irland
54°58′41″N 8°27′27″W / 54.97805556°N 8.4575°W / 54.97805556; -8.4575
Wikimedia Commons: Rutland Island, County Donegal

Rutland (irsk Inis Mhic an Doirn) er ei øy i County Donegal i Republikken Irland. Øya ligg mellom Burtonport og den busette øya Arranmore. Rutland er ikkje busett, men hadde tidlegare busetnadar. Ein planlagt busetnad av William Burton Conyngham i 1770-1790-åra, inkludert ei hovudgate med butikkar og bustadhus, eit postkontor, ein skule, eit fiskemottak og eit fiskeforedlingsanlegg. Fiske vart derimot brått dårlegare kort tid etter bygginga og fleire føretak og butikkar la ned. Øya var derimot busett til ut på 1960-talet.

Øya fekk elektrisitet i 1957 som ledd i å føre straum ut til Arranmore, men har aldri hatt innlagt vatn og husa her vert i dag berre nytta som feriehus.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]