Rutle i Hyllestad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rutle
stad
Land  Noreg
Fylke Sogn og Fjordane
Kommune Hyllestad
Postnummer 6958 SØRBØVÅG[1]
Gardnummer 10[2][3]

Rutle er ein matrikkelgard i Hyllestad kommune i Sogn og Fjordane fylke. Garden har matrikkelnummer 10.[2][3]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Rutle ligg på begge sidene av Rutlevatnet, austom Bjørnestad. I aust grensar garden til Teigenes og i sør til Eide, Ytre Gil, Indre Gil og Sørbø i Åfjorden.[3]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Rutle er truleg den fyrste garden i Skifjorden som fekk fast busetnad, og han er ein av dei eldste i Hyllestad.[3]

Garden låg under Munkeliv kloster i mellomalderen og er nemnt i Bjørgvin kalvskinn[4]. Etter reformasjonen var Rutle kongegods før garden kom i eiga til ymse embetsmannslekter frå 1660-åra. Bruk 1 var sjølveigande i 1805, medan bruk 2 vart det i 1852.[3]

Nabogardane Teigenes og Teige vart skilde ut frå Rutle mellom 1567 og 1590.[3]

Namnet[endre | endre wikiteksten]

Rutle kan tyde «noko som har glede ut», det vil seie at stein eller jord har glede ut.[3] I kjeldene er namnet skrive «Rutlauotn» (DN. XII 160, 1427) «Rwtlawatn» (DN. XII 202 1463), «Rudlauothn» (DN. XII 232 c. 1490), «Rylle» (NRJ. II 140), «Rottle» (1563), «Ruttle» (1567), «Rudtle» (1603 og 1608), «Ruttle» (1667) og «Rutle» (1723).[5][6]

Rutle er brukt som gardsnamn tre andre stader i landet.

Statens kartverk godkjende skrivemåten «Rutle» i 1986.[7]

Gardsnamnet vert også brukt som slektsnamn.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Vidare lesnad[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]