Ry Cooder av Ry Cooder

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ry Cooder
Studioalbum av Ry Cooder
Utgjeve Desember 1970
Innspelt 1970
Sjanger Rootsrock, blues, countryblues, folk, americana
Lengd 33:28
Selskap Reprise
Produsent Van Dyke Parks, Lenny Waronker
Ry Cooder-kronologi
Ry Cooder Into the Purple Valley
(1972)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg [1]
Christgau's Record GuideB[2]

Ry Cooder er debutalbumet til den amerikanske rootsrock-musikaren Ry Cooder, gjeve ut i 1970.

Cooder var alt ein erfaren musikar i ein alder av 22 år då han steig ut av skuggen bak artistar han hadde spelt med som Jackie DeShannon, Taj Mahal, The Rolling Stones og Captain Beefheart, og fekk sin eigen platekonrakt med Warner Brothers i 1969. Debutalbumet hans kom ut året etter med ei blanding av blues, folk, rock & roll og pop, filtrert gjennom hans eigen intrikate og synkoperte gitar.[1] Van Dyke Parks og Lenny Waronker var produsentar på innspelinga.

Ti av elleve spor på albumet er coversongar av songar heilt attende til 1920-åra av artistar som Woody Guthrie, Blind Blake, Sleepy John Estes og Leadbelly, i tillegg til nyare songar som ein song av Randy Newman.

Allmusic skreiv om albumet: Det er eit morosamt samspel mellom slidegitaren til Cooder, saloonpianoet til Van Dyke Parks og gatehjørnetromminga som skapar eit stykke som er både laust og ledig og sofistikert. Om «Available Space» er den mest leikne augneblinken på albumet, er siste sporet, «Dark Is the Night» det mogsette med den nakne, akustiske slidegitaren til Cooder som trekk ut kvart einaste gram av det sørgmodige meisterverket til Blind Willie Johnson[1]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Alimony»Brenda Jones, Welton Young, Robert Higginbotham2:55
2.«France Chance»Joe Callicott2:45
3.«One Meat Ball»Louis Singer, Hy Zaret2:27
4.«Do Re Mi»Woody Guthrie3:03
5.«My Old Kentucky Home (Turpentine & Dandelion Wine)»Randy Newman1:45
6.«How Can a Poor Man Stand Such Times and Live?»Alfred Reed2:45
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
7.«Available Space» (instrumental)Ry Cooder2:11
8.«Pigmeat»Huddie Ledbetter3:07
9.«Police Dog Blues»Arthur Blake2:43
10.«Goin' to Brownsville»John Estes3:24
11.«Dark Is the Night» (instrumental))Blind Willie Johnson2:48

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Musikarar[endre | endre wikiteksten]

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

  • Van Dyke Parks - produsent; arrangør på «One Meat Ball»
  • Lenny Waronker - produsent
  • Judy Betz - produksjonsassistent
  • Lee Herschberg - lydteknikar, miksing
  • Doug Botnick - lydteknikar
  • Thaddeus James Lowe - lydteknikar
  • Rudy Hill - lydteknikar
  • Bob Kovach - lydteknikar
  • Kirby Johnson - dirigent, orkestrering

Andre[endre | endre wikiteksten]

  • Frank Bez - foto av Airstream-vogna
  • Susan Titelman - foto av Cooder på baksida av omslaget
  • Ed Thrasher - for kunstnarisk leiar

Salsliste[endre | endre wikiteksten]

Liste Plassering
Billboard Pop albums 216

Kjelder[endre | endre wikiteksten]