Ryan Nelsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ryan Nelsen
RyanNelsen20040718.JPG
Personleg informasjon
Fullt namn Ryan William Nelsen
Fødd 18. oktober 1977
Fødestad Christchurch
Høgd 185 cm
Posisjon Forsvarsspelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Blackburn Rovers
Nummer 6
Ungdomsklubbar
1997-99
1999-2001
USA Greensboro College
USA Stanford University
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2001-05
2005-
USA DC United
Flag of England.svg Blackburn Rovers
81 (7)
143 (5)
Landslag
1999- New Zealand New Zealand 38 (6)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 3. mai 2010
‡ Landslagsmål oppdatert 3. mai 2010

Ryan William Nelsen (fødd 18. oktober 1977 i Christchurch i Canterbury-regionen) er ein newzealandsk fotballspelar som spelar i forsvar for Blackburn Rovers i engelsk Premier League, og for New Zealand sitt landslag.

Nelsen drog til USA i 1997 for å spela college-fotball for Greensboro College i North Carolina. Frå 1999 til 2001 studerte og spelte han for Stanford University. Han vart uteksaminert med bachelorgrad i statsvitskap. I 2001 gjekk han til DC United i den amerikanske proffligaen Major League Soccer. I 2003 vart han lagkaptein for klubben. I januar 2005 gjekk han på gratis overgang til Blackburn Rovers i engelsk Premier League. I 2007 vart han klubbkaptein for Blackburn.

Nelsen debuterte for New Zealand sitt A-landslag i ein kamp mot Polen 19. juni 1999. Han var landslagskaptein for New Zealand under kvalifiseringa til fotball-VM i 2010, då New Zealand kvalifiserte seg til VM for første gong sidan 1982.