Rygge Idrettslag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Rygge Idrettslag er eit idrettslag heimehøyrande i tidlegare Rygge kommune i Østfold. Idrettslaget, som vart stifta 22. november 1932, er i 2020 med i fotball, friidrett og turn. Fram til 1998 stod også handball på programmet.

Fotballaga til Rygge IL spelar i raude drakter med kvite bukser. I 2019 deltok A-laget på nivå 7 i seriesystemet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]