Ryggefjorden i Vesterålen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ryggefjorden er ein fjord på nordsida av Langøya i Bø i Vesterålen og Øksnes kommune i Nordland. Den ytre delen av fjorden ligg på austsida av Nærøya og strekkjer seg 7 km sørvestover til Sørrygge i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Lysvågneset på Nærøya i vest og Revneset i aust. Hamnfjorden ligg nordaust for Ryggefjorden. På vestsida av Nærøya går Møklandsfjorden sørover og møter Ryggefjorden på sørsida av Nærøya. Frå her går Ryggefjorden sørover på Langøya og passerer Kråkberget på vestsida. I botn av fjorden ligg grendene Sørrygge og Sommarland.