Rygja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Rygja er ein sauerase danna i Rogaland ved kryssing av den lokale sauetypen med engelske rasar (sutherland, leicester og sjeviot). Dette er ein velbygd sau, og ulla er nesten heilt fri for marghår.

Usjånad[endre | endre wikiteksten]

Rygjasauen er mindre enn dalasauen og heller ikkje like grovbygd. Han har svart nase og klauver, blankt og glansfullt hårlag på hovud og føter. Han kan ha svarte flekker i hårlaget i fjeset og på føtene. Rygjasauen har bra kjøttfylde, og ulla er kjend for å vrre glansfull og nærast margfri.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Rygjasauen er avla fram i Rogaland av den den gamle sauen i området og importerte britiske rasar som leicester, sutherland, southdown og merino som var spreidde som avlsdyr på 1700- og 1800-talet.

Rogaland landhusholdningsselskap presenterte lokale sauetypar av rygjatype på ei utstilling i 1907. Gjennom målretta arbeidd leidd av fylkesagronom L. H. Kvadsheim og statskonsulent Teig vart det lagd vekt på å utvikle ein sau med god mjølkeevne, og som var høveleg stor med tanke på utnytting av fjellbeitet i området. I 1924 vart sauen godkjend som eigen rase under namnet rygjasau.

Norsk genressurssenter har per 2010 oversikt over om lag 1100 vinterfôra sauer fordelt på 30 besetningar. Rasen er ikkje direkte truga, men sidan ein ikkje har full oversikt over kor reinrasa dei registrerte individa er, er situasjonen for rasen noko usikker.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]