Rykkinn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Rykkinn
Rykkinn.jpg
Wikimedia Commons: Rykkinn

Rykkinn er ein drabantby i Bærum kommune utanfor Oslo, med ca. 9 000 innbyggjarar. Staden vart utbygd med blokk- og rekkehusbusetnad frå tidleg på 1970-talet. Rykkinn er vorte skildra kunstnerisk i fleire episodar av TV-serien Vesle Laurdag1990-talet, og dessutan i romanen Teori og praksis av Nikolaj Frobenius (2004). Sistnemnde bok vart filmatisert i 2011. I filmen, som fekk namnet Søner av Noreg, er store delar av opptaka gjort på Rykkinn.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Del av bustadsfelt (Gesellsvingen 2) på Rykkinn i Bærum kommune vest for Oslo
Bustader i Bringebærstien.
Foto: Helge Høifødt

Rykk inn var eit omgrep då området vart omvandla frå kulturlandskap til bustadsområde med lågblokkar på 70-talet. Mykje tyder namnet er langt eldre, slik som mange andre namn i området som er henta frå den tida då jernverket var i drift. Rykkinn finst som stadnamn fleire stadar i det germanske språkområdet i Nord-Europa. Namnet tyder heilt enkelt Rykk inn som ei oppfordring til vegfarande om å vitja staden. Oppunder Eineåsen låg i gammal tid ein husmannsplass med namnet Rychind som dreiv vertshus. Dei gamle oldtidsvegane gjekk forbi staden.[1]

I 1966 vedtok kommunestyret i Bærum å byggja ut fleire tusen leilegheiter på Bryn-Rykkinnområdet, som for ein stor del var landbrukseigedomar - gardar, jorder og frukthagar. Fleire av grunneigarane ynskte ikkje utbygginga, noko som forseinka prosessen. Men i 1970 vart dei første bygningane reist på den søraustlege delen av feltet. Det siste området som vart bygd ut i den første runden var pyramideblokkene på Belset-feltet. Dei var innflyttingsklare i 1974.

Utbygginga av Rykkinn innebar ein del nye element innan bustadsbygging. Ida var at det ikkje skulle vera tungt trafikkerte vegar der innbyggjarane budde. Området vart difor konstruert med ein ringveg rundt heile bustadsfeltet – med berre mindre stikkvegar som blindvegar inn til bustadene. Alle leilegheiter fekk lukka garasjeplass eller eigen parkeringsplass under bakken. Store sentrale parkeringsplassar skulle ta imot vitjande bilar slik at sjølve buområdet vart bilfritt og trafikksikkert. Det vart òg lagt vekt på å sikra store grøntareal mellom bustadene, slik at Rykkinn framstår som langt grønare og meir luftig enn mange seinare bustadsfelt som vart bygd ut på 1980- og 90-talet. Representantar frå fleire land som Japan og Australia kom til Rykkinn for å studera prøveprosjektet.

Samstundes vart det teke i bruk ein del nye byggemetodar og -materialar, som senka prisen på leilegheitene kraftig. Sentralisert straum- og vassutbygging bidrog til at leilegheitene på Rykkinn var blant dei rimelegaste som til då hadde vore bygd i Noreg. Hovudutbygger var Selvaagbygg, medan entreprenøren Ragnar Evensen bygde ut eit lågblokkområde på sørsida av Rykkinnfeltet. (Bjørnebærstien, Bringebærstien). Dette feltet vart bygd etter ein arkitektkonkurranse.

Rykkinn i dag[endre | endre wikiteksten]

Til trass for at Rykkinn var eit uvanleg gjennomtenkt bustadsprosjekt, oppstod det markante ungdomsproblem i ein periode frå midt på 1970-talet til inn på 1980-talet. Då Rykkinn var nybygd gjorde dei låge leilegheitsprisane og den kommunale tildelingspolitikken at ein stor del av innflytterne var unge småbarnsfamiliar. Mot midten av 1980-talet vart difor mengda ungdomar i tenåra stort, og i enkelte ungdomsmiljø oppstod det rusproblemer.

I dag er befolkningssammensetningen mykje meir balansert aldersmessig, og Rykkinn framstår som eit meir harmonisk og mode bustadsområde. Dette vert reflektert i høge bustadsprisar. Rykkinn har betra sina skuleresultat monaleg dei siste åra .[2] Både lokalmiljøet saman med skulane er veldig fokusert på å få gode og tryggja rammebetingelser for sina innbyggjarar.[3][4]

Handel[endre | endre wikiteksten]

«KI», eller «Rykkinn Nærsenter» er Rykkinns sentrale kjøpesenter. Senteret består av ei rekkje butikkar, og opna dørene i 1971. Seinare er det bygd ut i fleire etappar. Namnet «KI-senteret» har sin opphav i at Kjøpmannsinstituttet heldt til i kjøpesenteret fram til 1990. Ei rekkje av Noregs rikaste menn, blant anna Rimi-gründer Stein Erik Hagen, Petter Stordalen, Idar Vollvik og Odd Reitan er blant dem som er utdanna her.

Då Kjøpmannsinstituttet flytta frå senteret skifta det namnet til «Rykkinn Nærsenter», men går framleis under namnet «KI-senteret», «KI», og «Kå-i» lokalt.

Skular[endre | endre wikiteksten]

Rykkinn skule består av to avdelingar, avd. Gommerud og avd. Berger, etter at Gommerud skule og Berger skule vart slått saman frå 1. januar 2006. Avdelingane ligg ca. 300 meter frå kvarandre med Rykkinnhallen imellom. På avdeling Berger går elevar frå 1.-7. trinn og på avdeling Gommerud går elevar frå 8.-10. trinn. Skulen er ein fleirkulturell skule. Den har lærarar som gjev tospråklig fagstøtte på ca. 20 språk. Gommerud skule vann i 2005 Benjaminprisen.

Berger skule stod i 2016 ferdig med nytt skulebygg etter at den gamle skulen vart reva i 2014. Vidare planar for Bærum kommune er at Gommerud skule skal rivast og ny skule skal byggast på same tomt. Avdeling Gommerud fusjonerer med Belset skule 1. august 2018 og dei to skulane byter samtidig namn til Eineåsen skule.

Belset ungdomsskule ligg i nærleiken av Nærsenteret på Rykkinn. Begge skulane har elevdrevet kantine og andre elevføretak.

Bryn skule er lokalisert ved Lommedalselven/Lomma og er ein skule for 1.-7 trinn.

Idrett[endre | endre wikiteksten]

Rykkinnhallen.
Foto: Helge Høifødt

Riksanlegget for basketball ligg sentralt på Rykkinn, og heiter Rykkinnhallen. Berger svømmehall ligg òg på Rykkinn. Vestre Bærum tennisklubb held til på den nordøstlige delen av bustadsfeltet. I det same området ligg Gommerudbanen med kunstgrasdekke, og hovudkvarteret til Bærums Verk Idrettssamskipnad.

Fritidsaktivitetar[endre | endre wikiteksten]

Rykkinn har eit svært stort tilbod av fritidsaktivitetar, både for små og store. Bærums Verk Idrettssamskipnad er den største samskipnaden, og har tilbod innanfor mange idrettar, som fotball, ski, handball, basketball og cheerleading. Bærumssvømmerne har tilbod om svømmetrening i Bergerhallen. Skulekorpset heiter Rykkinn og Gullhaug skulekorps, med ca 60 medlemmar frå to skular (Rykkinn og Gullhaug, på Bærums Verk), og er ein sjølvskriven bidragsytar på 17. mai. Det er òg eit vaksenkorps, Olsenbanden, på Rykkinn, og dessutan eit damekor, Valborgs Efterfølgere. Vidare kan ein vera med i teatergruppa Rykte, som har årlege oppsettingar. På Rykkinn Nærsenter finn du òg eit bibliotek og eit grendehus.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Rykkinn
  2. «Rykkinn fra bunn til topp i regning». 
  3. «Mobilskole rykkinn». 
  4. «Nytt lærerløft - pilotprosjekt». 27. mars 2015.