Rynkevier

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rynkevier
Rynkevier
Rynkevier
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Vierordenen Malpighiales
Familie: Vierfamilien Salicaceae
Slekt: Vierslekta Salix
Art: Rynkevier S. reticulata
Vitskapleg namn
Salix reticulata

Rynkevier (Salix reticulata) er eit lite lauvtre i pilefamilien, òg kalla vierfamilien. Planten er ein liten, krypande busk som blir 5 til 15 cm høg og blomstrar i juni til juli. Han veks på fuktig og kalkhaldig fjelljord og snøleie i heile den skandinaviske fjellkjeda.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Rynkevier i Tatrafjella.
Baksida av eit rynkevierblad.

Årskvistane er raudlege og snaue. Blada er grøne og nesten sirkelrunde i ulike storleikar, 2–5 cm breie, med nedbøygde kantar. Fargen oppå bladplatene er mørk grøn og nervene er innsunkne. Undersida av bladplatene er grågrøne. Bladet har berre 2–4 par sidenervar og elles ein struktur av nettnervar. Dei raudbrune bladstilkene er maksimalt 2 cm lange, ofte mindre. Horakla har 11–40 blomstrar med kapslar som er mørkeraude hårete og har fort griffel.

Rynkevier dannar sjeldan hybridar.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Rynkevier er ganske vanleg i fjellet, og dannar matter ein kan sjå med karakteristiske mørkeraude kvistar og kapslar. Han breier seg til snaufjellet i Noreg og Sverige. I Noreg veks arten i sør frå høgder på over 1 500 meter, medan han i arktiske strøk veks heilt ned til havet, t.d. i Nord-Noreg og på Svalbard. Han veks på Bjørnøya og konsentrert rundt IsfjordenSpitsbergen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]