Ryper

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ryper
Kvithalerype, Lagopus leucura
Kvithalerype, Lagopus leucura
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Megaklasse: Beinfiskar Osteichthyes
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Hønsefuglar Galliformes
Familie: Fasanfamilien Phasianidae
Underfamilie: Skoghøns Tetraoninae
Slekt: Ryper Lagopus
von Linné, 1758
Artar
Kvithalerype
Lirype
Fjellrype

Ryper (Lagopus) er ei lita slekt av skogshøns med tre artar. To artar lever sirkumpolart, lirype og fjellrype. Den tredje, kvithalerype, finst berre i vestlege Nord-Amerika. Det finst fleire lokale variantar av artane, mellom anna skotsk lirype (Lagopus lagopus scoticus), ei underart av lirypa som tidlegare vart rekna som ein eigen art.

Fuglane er standfuglar som held til i kalde område, som nord for polarsirkelen eller i fjella. Om vinteren får dei som regel kvit fjørdrakt. Føtene er fjørdekte, noko som har gjeve rypene det vitskaplege namnet deira. Det greske ordet Lagopus tyder nemleg harefot.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Dei tre artane er alle standfuglar som er tilpassa kalde strøk. Kroppslengda er frå 30 til 43 cm. Lirype, den største, er ein sirkumpolar boreal skogart, kvithalerype er ein nordamerikansk fugl i fjellstrøk, og fjellrype hekkar både i arktiske strøk og i fjellhabitat tvers over Eurasia og Nord-Amerika. Med unntak av underarten av lirype i Skottland, har alle ein kvit vinterdrakt som verkar kamuflerande i snødekte landskap. Sjølv vengfjørene deira er kvite, der desse fjørene er svarte hos nesten alle andre fuglartar som hovudsakleg er kvite, fordi melanin gjer dei meir spenstige og dermed forbetrar flygeevna. Gjennom evolusjonen har Lagopus-rypene tilsynelatande funne det mest effektivt å unnslippe rovdyr ved å ikkje bli sett i staden for å flyge bort.

Vaksne ryper er hardføre, vegetariske fuglar. Hos kvithalerype og fjellrype tar høna alt ansvar for ruging og omsut for kyllingane, hos liryper er det registrert deltaking frå steggen. Kyllingane forlet reiret innan eit døgn etter klekking og er istand til å finne føde. Generelt tar kyllingar vegetabilsk føde nett som vaksne, men hos kyllingar av kvithaleryper er leddyr den primære føda framtil dei er ca. tre veker gamle.

Artsliste[endre | endre wikiteksten]

  • Kvithalerype, Lagopus leucura, White-tailed Ptarmigan, (Richardson, 1831), (LC)
30-31 cm i kroppsslengd, gråbrun spraglete sommardrakt, utbreiing over det meste av British Columbia og inn i tilgrensande statar og provinsar i Canada og USA.
  • Lirype, Lagopus lagopus, Willow Ptarmigan, (Linnaeus, 1758), (LC)
35–43,5 cm i kroppslengd, kjønna er like med kamuflerande fjørdrakt skiftande med årstider
  • Fjellrype, Lagopus muta, Rock Ptarmigan, (Montin, 1781), (LC)
kroppslengd på 33–40 cm, litt mindre enn liryper, steggar i sommardrakt er lysare grå enn høner og har større og fargerik kam

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Delar av denne artikkelen bygger på «Lagopus» frå Wikipedia på engelsk, den 8. september 2021.
  • Martin, K., L. A. Robb, S. Wilson, og C. E. Braun (2020). White-tailed Ptarmigan (Lagopus leucura), version 1.0. I Birds of the World (P. G. Rodewald, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.whtpta1.01
  • Hannon, S. J., P. K. Eason, og K. Martin (2020). Willow Ptarmigan (Lagopus lagopus), version 1.0. I Birds of the World (S. M. Billerman, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.wilpta.01
  • Montgomerie, R. og K. Holder (2020). Rock Ptarmigan (Lagopus muta), version 1.0. I Birds of the World (S. M. Billerman, B. K. Keeney, P. G. Rodewald, og T. S. Schulenberg, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.rocpta1.01

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikispecies
Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Lagopus
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Ryper