Ryta Turava

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ryta Turava
Statsborgarskap Belarus
Fødd 28. desember 1980 (43 år)
Dubroŭna
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004

Marharyta Mikalajeuna Turava, kjend som Ryta Turava, (fødd 20. desember 1980) er ein kviterussisk tidlegare kappgjengar frå Vitebsk som i 2006 vart europameister på 20 km, året etter ho vann VM-sølv på distansen.

Turava fekk sitt gjennombrot då ho under Sommar-OL 2004 i Aten gjekk inn til fjerdeplass, 14 sekundar attom bronsevinnaren. Året etter vann ho sølvmedaljen på distansen i verdsmeisterskapen i Helsinki. Våren 2006 vann ho i spanske La Coruna ei tevling i verdscupen i kappgang på den gode tida 1.26.27. Ved europameisterskapen i Göteborg seinare i 2006 gjekk Turava i mål til ein ein suveren siger, bort i halvtanna minutt føre dei to andre medaljevinnarane.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]