Sámi Jienat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sámi Jienat under Samiske kyrkjedagar 2004 i Jokkmokk.
Foto: Kirkens informasjonstjeneste.

Sámi Jienat (på norsk 'samiske røyster') er eit prosjektkor som vart grunnlagd i 2002. Medlemmene er samar frå Noreg, Sverige og Finland. Med ca. 50 medlemmer, er koret ikkje berre det største, men også det einaste samiske koret i verda som fungerer som ei eining på tvers av landegrensene. Koret framfører tradisjonell og moderne joik i tillegg til samiske salmar og joikar på fleire samiske språk.

Korsjangeren er ny i samisk musikk, og Sámi Jienat har samarbeida med fleire anerkjente samiske musikarar og komponistar for å skapa samisk kormusikk, som til dømes med den sørsamiske komponisten og artisten Frode Fjellheim. Sámi Jienat har ikkje ein fast tilhaldsstad, men møtest i gjennomsnitt 2 gongar kvart halvår for øvingar rundt om i dei samiske områda i alle tre land.

Nokre festivalar der Sámi Jienat har deltatt[endre | endre wikiteksten]

  • 2002: Randers Internationale korfestival, Randers, Danmark
  • 2005: 46664 Arctic (Nelson Mandela-konserten), Tromsø, Norge
  • 2005: Márkomeannu, Evenes, Norge
  • 2006: Ijahis idja, Enare, Finland
  • 2007: Sámi Easterfestival, Guovdageaidnu, Noreg
  • 2008: Vox Pacis Peace Concerts, Stockholm, Sverige
  • 2009: Samiske veckan 2009 - Ubmejen Bievieh, Umeå, Sverige
  • 2011: Riddu Riđđu Indigenous Festival, Kåfjord, Noreg
  • 2013: Finnfest, Minnesota/Michigan, USA
  • 2016: Festspillene i Nord-Norge, Harstad, Noreg.
  • 2017: Tråante 2017, 100-årsjubileet for samefolkets første landsmøte i Trondheim, Norge.
  • 2018: Staare 2018, 100-årsjubileet for samefolkets første landsmøte i Östersund, Sverige.
  • 2018: Sámi Easterfestival, Guovdageaidnu, Noreg

CD-ar[endre | endre wikiteksten]

  • Sálmmat Sámi (Salmar i Sameland).
  • Luođit Sámis (Joiketoner frå Sápmi)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]