São Jorge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
São Jorge
24 ilha de são jorge, açores1.jpg
Geografi
Sao Jorge-pos.png
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 38°39′N 28°5′WKoordinatar: 38°39′N 28°5′W
Øygruppe Asorane
Areal 237,59 km²
Høgaste punkt Pico da Esperança (1053 moh.)
Administrasjon
Land Portugal Portugal
Autonom region Asorane
Største busetnad Velas (5585 innb.)
Demografi
Folketal 10500
Folketettleik 44 /km²

São Jorge er ei øy sentralt i Asorane i Portugal. Ho ligg 15 km frå Pico. Frå aust til vest er ho 53 km lang, og frå nord til sør 8 km brei. Arealet hennar er 237,59 km² og ho har om lag 10 500 innbyggjarar.

Ho vart først oppdaga i 1439, men vart ikkje folkesett før tjue år seinare då kolonistar frå nordlege område av Europa kom hit. São Jorge er ei vulkansk øy, som mange av dei andre azoriske øyane er. Vulkanen hadde seks utbrot mellom 1580 og 1907. Ti menneske mista livet i 1580-utbrotet og åtte i 1808. I begge utbrota vart det rapportert om glødande skyer. Eit mogeleg undersjøisk utbrot vart rapportert ved øya i 1964, men ikkje stadfesta.

Det høgaste punktet på øya er Pico da Esperança på 1053 meter over havet. Av jordbruk på øya finn ein kvegdrift og dyrking av korn og frukt. Andre industriar er fiske og produksjon av mjølkeprodukt.

Administrativt er São Jorge delt inn i to kommunar (concelhos), Calheta i aust og Velas i vest.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]